Alt-clairet

Det må vere lov å seie at Bordeaux har eit image-problem. Når eg skriv Bordeaux, så er det hovudsakleg dei 61 klassifiserte eigedomane i Medoc, og nokre tilsvarande dyre vinar frå Pessac, Pomerol og Saint-Emilion eg har i tankane. Jaudå, det finst kostbare vinar i Sauternes òg, men der er det ein langt meir arbeidsintensiv og uføreseieleg produksjon, som i større grad forsvarer ein høg prislapp.

Terroir

For ein som har vakse opp i trua på terroir, med preikene til autoritetar som Arne Ronold, Terje Meling, Per Mæleng eller vinklubben Vitis Bergensis, er appellasjons-systemet i Bordeaux noko underleg. I alle andre vindistrikt ligg det eit prinsipp om at mindre geografiske einingar eller appellasjonar har eit sterkare uttrykk, og difor har strengare reglar. Det er gjerne gode grunnar, historisk, geografisk, meteorologisk og geologisk for at nett desse appellasjonane er mindre i utstrekking. Dei får som fortent sitt eige namn på etiketten, og i marknaden ein høgre pris. I Bordeaux er det kommunane (nokre appellasjonar er sett saman av fleire kommunar) som er den minste geografiske appellasjonen. Eit slott kan kjøpe, selje eller bytte ut vinmark innan kommunen utan å endre på etiketten på vinen, eller på prisen. Alle 1500 hektar vinmark i kommunen Margaux er med andre ord like gode?

Metode

For ein som har vore med på innhausting av druer hjå vinbønder som driv vinmarkene økologisk, som pressar, gjærar og mognar vin utan noko tilsetjing anna enn ein dæsj SO2 når vinen er ferdig gjæra, er semi-industriell framstilt premier cru i Bordeaux rare greier. Her er det maskinell innhausting, kjøpegjær, justering av alkoholnivå gjennom ei innretning med omvend osmose, filtrering, og justering av tannin gjennom mikrotilsetjing av oksygen. 

Pengar

For ein som har vakse opp i eit sosialdemokratisk og egalitært Noreg med relativt overkommelege vinprisar på det statlege monopolet, er det noko unorsk over heile Bordeaux. På vestsida arbeider tilsette på enorme eigedomar i all slags vêr medan “sola skinner inn i store slott som ingen bor i”, og eigarane trekk i trådane frå sine finansimperium i Paris. På austsida er det ein kynisk kamp mellom nouveau riche og utanlandske lykkejegarar om å lage den neste blockbuster-vinen som kan seljast til astronomiske prisar til uvitande asiatiske nerdar eller amerikanske samlarar. I 2005 hadde det alt vore tre “vintage of the century”, men ikkje eit einaste medlem av 1855-klubben hadde skam nok å setje ned prisen då ein litt dårlegare årgang var komen i barrique.

Ein god grunn?

For ein som ikkje kjenner ein einaste vinmakar i Bordeaux, og ikkje har sterke kjensler for området frå den tidleg karrieren som vindrikkar, kva bodskap vert skipa ut i verda frå Gironde? For ein heilt vanlig polkunde, som veit forskjel på Sancerre og Swartland men berre skårar 3 av 12 poeng i ein vin-quiz, kvifor skulle dei finne på å plukke med seg ei breiskuldra flaske med arkaisk etikett frå dei gamle myrområda i Médoc? 

Trange tider

Er det eit slott, må det vere flott. Eller? Kor mange vinproduserande eigedomar er det i Bordeaux med slott og/eller garasje? Stephen Brook si bok frå 2007 nemner “13 000 wineries”, men realiteten i dag er ein ganske annan. Det er med bøndene i Bordeaux som det er med vestlandsbruk; det er konsolidering. Kvart år er det nokre som legg ned secateuren og plogen, medan naboen signerer ein kjøpe- eller leigekontrakt. I 2015 var talet på slott kome ned i 7375, og i 2020 er talet under 6000. Vinkommentatoren Robert Joseph har sagt at det forsvinn ein vinbonde per dag i Bordeaux. For verda er det til å leve med. For mange bønder i Bordeaux er det lite å leve av. Og det er vel hovudgrunnen til at mange fell frå. 26% av all vin frå Bordeaux vert seld for mindre enn €3 flaska. 

Ukjend jord

Så om vi beveger oss litt til venstre (politisk) for Place de Bordeaux, ut i dei mindre eksalterte områda, finst det terroir, vinmakarar og vinar som kan begeistre? Eg prøvde å finne noko alternativ Bordeaux og samla nokre kameratar rundt bordet for å få fleire synspunkt på vinane. Dette var vin frå i hovudsak ukjende adresser. Kanskje kan hardt arbeid og biodynamisk jordbruk vege opp for manglande status? Økologisk tankesett og arbeidsmåtar er på frammarsj sjølv i regntunge Bordeaux. Nokre kjende slott som Latour og Palmer har starta på ei ny retning, og då vert det kanskje meir interessant for fleire å følgje på.

Dyrt å vere Steinerskule-elev

Problemet for vinbønder i Entre-deux-Mers, Fronsac, Blaye eller Bordeaux Superieur er at det er vanskeleg å få seld vinen til berekraftig pris. Dei mindre kjende appellasjonane har eit prisvindauge, og det må ekstraordinær kultstatus til for å knuse det. Biodynamisk jordbruk har truleg ein meirkostnad i Bordeaux på 35-70% mot konvensjonell drift. Men så er det også mogleg å selje vinen litt dyrare.

Ny stil

Smakar ein relativt fersk vin frå vestsida i Bordeaux, er det ein klar skilnad frå vinane som det britiske publikum døypte “clairet”. Årgangar frå 80- og 90-talet kjenner eg ikkje så godt til, men i det minste frå 2000 har vinane framstått med mjukare, meir polerte tannin, rikare søt frukt og med eit sterkt preg av ny eik. Prisane på vin frå dei gjævaste appellasjonane er ganske høg, samtidig som dei treng mange år på å slipe ned søt frukt og ny eik. Eg lurte på om det fanst noko greit prisa vin som kunne vise ei litt anna side av Bordeaux? Denne artikkelen var tiltenkt eit papirmagasin, og har lege i den digitale skrivebordsskuffa sidan i fjor. Vinane vart smakt 25.04.20. Nokre av vinane har endra årgang, medan andre er enno tilgjengelig i same årgang som i fjor.

Ch. Peybonhomme-les-Tour Energies 2016

Rubinraud med tonar av lilla, tett kjerne. Litt tilkneppa på lukt i starten, men har opna seg opp på dag to. Noko mørke plommer og ei sandaktig litt sånn naturvins-lukt. Lovande. I munnen er vinen tørr og frisk. Drikkeklar, trass i godt med tannin. Når vinen fekk litt grilla hjortekjøt hjelpte det på. Vinen smakar av plomme, noko mørke bær og grilla paprika. Mykje frukt og vinen er ganske primær. Men altså god å drikke no. Malbec-preget er ganske tydeleg. Er spent på korleis dette lagrar, og vil nok tru at vinen held i 5-8 år. Veit ikkje korleis amfora-lagring påverkar lagringspotensialet. Solid kvalitet, og alle rundt bordet var positive til denne. 

60% merlot, 30% malbec og 10% cabernet sauvignon. 13% alkohol, 310 kr.

Eigedomen ligg i Blaye, på austida av Gironde. Druene har Demeter-sertifisering. Catherine og Jean-Luc Bossuet Hubert driv denne garden på 64 hektar, og ein vingard i Bourg. Vinen kjem frå parsellar med 40 år gamle vinstokkar med lågt utbytte. Gjæring og påfølgjande mogning i leirekrukker i 12 månader.

Clos Puy Arnaud Cuvée Pervenche 2016

Ung, middels mørk rubinraud med lillaskjær. Søtt anslag, med mogne bær og eik. Med litt luft strammar det seg opp, og det kjem fram solbær og syrlige raude bær. Fine lukter og dette luktar slik Bordeaux skal gjere. Kjøtfull merlot-dominert smak med plomme og paprika og noko eikekrydder i form av nougat og litt vanilje. Noko steinstøv i ettersmaken. Med nokre timar strammar vinen seg opp, og den litt godslige merlot-stilen vert mindre merkbar. Vinen ber sine 14% med stil. 78% merlot, 15% cabernet franc og 7% cabernet sauvignon. Kostar 310 kroner.

Eigedomen i Castillon Côtes de Bordeaux er på 14 hektar, og vinmarkene ligg 75-100 meter over havet på same kalksteinsplatå som St.-Emilion lengre vest. Her er det grøne tankar, med økologisk sertifisering i 2009, og godkjend-stempel frå Steinerskulen med høvesvis Biodyvin i 2010 og Demeter i 2014. Jane Anson skriv i boka si; “An estate that I count among my favorite wines of Bordeaux( …)”, noko som må vere eit godt teikn. Cuvée Pervenche kjem frå yngre vinstokkar. Clos Puy Arnaud og Les Ormeaux er huset sin fyrste- og andrevin. Elles lagar dei ein 100% cabernet franc-vin og Cuvée Bistrot, der 50% av druene går gjennom maceration carbonique.

J L Thunevin Bad Boy 2015

Noko utvikla granatraud vin, med litt bruning. Rik, fyldig og søtleg lukt med søte mørke bær og laktiske aroma frå malo på eik. Medium intensitet i lukta. Merlot-typiske smakar av mørke plommer. Søtleg mørk frukt og eik. Litt flat, og manglar noko syre og nerve. Mjuke tannin, tørrar litt i ettersmaken. Strammar seg litt opp på dag to. Noko alkoholstikk. Delte meiningar om denne. Andre var meir positive enn meg. Eg tykkjer det verkar som druematerialet ikkje har konsentrasjonen som skal til for denne typen vinmaking, medan vinifikasjonen vert litt over the top. Det står “Garage” på etiketten, og denne vinen viser tydeleg den stilen. Artig vin, som nok mange vil like. Men det vert for “amerikansk” for meg. 80% merlot, 20% cabernet franc. Kostar 319 kr.

Druer frå eigedomar på austida i Bordeaux, der Jean-Luc Thunevin er konsulent, hovudsakleg i Fronsac. Garagevin-stilen er lågt utbytte og seint hausta druer med høg mogning, rask og voldsom ekstraksjon for mykje farge, og malo og mogning i ny eik. Trass i at mange eigedomar er små, og det er mogleg å arbeide godt og detaljert i vinmarka, er vinmakinga slik at vinane smakar noko søtt og eikeprega. Mange slike vinar er laga for å nytast i ung alder. 

Clos du Jaugeryron Haut-Médoc 2016

Mørk rubinraud med tonar av lilla. Søtt, ferskt anslag av mogne bær og nougat. Rik og hedonistisk lukt i starten. Etter kvart dukkar det opp treverk og syrlige bær. I munnen er dette ein fersk vin med godt tanningrep og fin syre. God, mogen fruktprofil. Ung men tilgjengelig. Viser tydelige vestside-markørar, med strammare tanninar og tørrare finish enn dei føregåande vinane. Solbær og noko steinete preg kjem snikande med luft. Solid vin til prisen. 12,5% alkohol og kostar 360,-. 60% cabernet sauvignon, 33% merlot og 7% petit verdot.

Michel Théron og Stéphanie Destruhaut har drive sidan 1993, og arbeider i vinmarka etter biodynamiske prinsipp. Vinmarkene på knappe 8 ha ligg i Macau og Arsac, og det vert laga ulike cuvée-ar med Haut-Médoc og Margaux på etiketten. Trass i små mengder, vel dei å lage fleire cuvée-ar som viser dei ulike parsellane, heller enn ein fyrstevin og ein andrevin som er normen i Bordeaux.

Ch. Lafitte-Tramier 2010

Mørk mursteinsraud, utvikla og med lyseraud kant. Kjøtfull, litt søt og fruktig lukt. Her er både søte mørke bær og syrlege bringebær. Litt krydder, og noko grønt i retning solbærblad og mynte. Dette lovar godt. Fruktig vin, med ein del tørre tannin. God syre og lang fruktig ettersmak. 60% merlot, 35% cabernet sauvignon, 5% cabernet franc. 13,5% alkohol og prisen er 276,-

Adrien Tramier kom frå ein oppvekst i Algeri, via omvegar til Bégadan heilt nord i Médoc på slutten av 1960-talet. Her fekk han kjøpe tre hektar, som etter kvart har blitt til 37. Vinen vert seld som Ch Saint-Saturnin og Ch Lafitte-Tramier. Trass i rosande omtale av Jancis Robinson i Financial Times og på eiga nettside, har Tramier klart å lure seg unna både Stephen Brook og Jane Anson sine fyldige bøker om Bordeaux. Vinmarkene vert sjeldan sprøyta, og druene vert hausta seint. Vinen vert gjæra og mogna i ståltankar som står ute i vêr og vind. Tapping skjer når Adrien meiner det er tid for det. Vinen er ikkje innom eik. Idiosynkratisk framgangsmåte som resulterer i gjenkjenneleg vin. Er det terroiret som snakkar?

Ch. Roland la Garde Tradition 2016

Rubinraud med noko utvikling, så vidt transparent. Attraktiv, rein og typeriktig Bordeaux-lukt. Her er plommer, syrlige bær, tomat og noko eikekrydder i form av sjokolade. Smaken er fersk og rein, men vinen er tilgjengelig. God fylde og passe mengde faste tannin held ting på plass. Plommer og solbær og noko treverk. Vil nok utvikle seg fint i 4-8 år. Best på nasen no. Ein matvin. Mykje Bordeaux for 200 kroner. 

80% merlot og 20% cabernet sauvignon, vert det opplyst på baketiketten. Det står også Blaye, produsent Bruno Martin og at vinen er lagra på eikefat. Opplysande, og vinen smakar også i samsvar med det som står på etiketten. Jordsmonnet her rett utanfor byen Blaye, er kalkhaldig leire. Vinstokkane er om lag 20 år gamle. Eigedomen er på 29 hektar, og er nemd i boka til Anson, og hjå Brook har han fått eit eige oppslag.

Chateau le Puy Emilien 2016

Medium mørk rubinraud, og nesten transparent. Frisk lukt av syrlige mørke bær. Det fyller på med noko leire, urter og stilk. Open, rein og fin. Ikkje så mykje merlotpreg med ein gong, men med luft og tid kjem det fram litt nougat og grilla paprika. I munnen er dette ein ung, relativt fersk merlot-vin. Herlig syre og flott tekstur. Sursøt, open vin med smak av raude og mørke bær. Lite eik her, men rikeleg potensiale. Drikk faktisk godt allereie, men eg ville prøvd å lagra denne i fem-ti år til.

Vinen vart smakt frå Riedel Vinum Bordeaux 18.04.20. Då kosta han 359 kr. Druemiksen er 85% merlot, 7% cabernet sauvignon, 6% cabernet franc, 1% malbec, 1% carménère. Denne vart ikkje smakt saman med dei andre, og har fått brei omtale i denne artikkelen. Men vinen høyrer tematisk heime i lag med desse andre. Eigedomen ligg i Francs Côtes de Bordeaux, 107 meter over havet, med 54 hektar vinmarker og om lag 40 hektar skog, beitemark, frukttre og små tjern. Garden har vore driven biodynamisk i lang tid, og same familie har eigd garden sidan 1610. Kun brukte fat til mogning og elles lågintervensjon i kjellararbeidet.

Desse vinane viser at det er mogleg å lage raud Bordeaux med typisitet og interessante kvalitetar utanfor dei mest eksalterte kommunane. Og det med bruk av mindre ny eik, amfora eller ikkje eik i det heile. Det er ikkje dei rimelegaste vinane, men arbeidsintensivt manuelt arbeid i vinmark og kjellar kostar. Den gamle arbeidshesten malbec er òg tilbake i varmen, druesorten var den mest planta i Bordeaux før frosten i 1956. Dette var berre nokre få “alternative” Bordeaux-vinar. Kanskje du har smakt andre som du vil anbefale?

Ein tanke på “Alt-clairet

Leave a Reply