Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar

Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket.

Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, som kollega Jan Tore. Maten som innimellom går i gapet mellom vinslurkane er heller ikkje på nivå med det Morten diskar opp med. Men det er då litt spenn i stil og geografi på vinen på bordet. “Drink the rainbow” har eg notert ein stad. Altså; ver litt vågal. Prøv litt av det som finst utanfor Burgund og Barolo.

Ein artig vin som ikkje kostar all verda, er ein sémillon-vin frå Hunter Valley i New South Wales, Australia. Dette er det eldste vindistriktet i landet, og her finst altså varemerket Hunter Sémillon. Gamle vinstokkar og lang røynsle med drua gjev mykje interessant tørr vin på denne drua som for mange er best kjend i søt Sauternes.

DeBortoli Murphy´s Vineyard Sémillon 2007 kostar 200 kr og er verd det. Finst pr desember 2020 framleis i sal. Skrukork har bevart vinen som no er 13 år gamal. God intensitet i lukta. Eg finn eit kjølig drag av kvit steinfrukt, lanolin og slike rare eplesortar som eg gjekk på slang etter hjå naboen på 80-talet. Lett og frisk i munnen. Eple, lanolin og aroma som ber preg av å ha teke tid å utvikle på flaske. Litt kart-bitter avslutning. Gøy.

Jan Tore skreiv om 2006-utgåva i denne artikkelen.

Ein vin som eg har lagra nokre år og hadde store forventningar til, var Niepoort Charme 2008. Ei flaske vart opna i vinter, men TCA-infisert kork gjorde at det ikkje vart noko kjekt. Prøvde så flaske nr 2 litt seinare på året. Innertiar. Niepoort Douro Charme 2008 er transparent som ein burgunder. Oh la la, sexy juice! Er det for sexy? Søtleg og krydra lukt av søte bringebær og eikekrydder. Litt utvikla og jordleg, men framleis med nok frukt. Pent syrleg og fruktig vin med lekre tannin som kjem sigande utover i smaken. Vosne-aktig, krydra smak. Noko laktiske eikearoma som skjemmer litt, men då er eg kritisk. Det er kanskje over the top som somme, men eg let meg begeistre. Denne treng ikkje meir lagring, drikk no, om du har. Flaska vart kjøpt i 2011 for 530 kr.

For å halde fram med vinar som er litt XXL, så tek eg med eit tips eg fekk av Morten. Eg har vel vore meir oppteken av riesling frå Wachau og Kamptal, så grüner veltliner har ikkje blitt prioritert. Men Bründlmayer Grüner Veltliner Ried Käferberg 1. ÖTW 2018 var verd å bruke litt tid og konsentrasjon på. 24. august har eg noteret: Strågul farge. Ah! Herlig og heilstøypt kvalitet slår inn i nasemuslingane. Rund, svær lukt med mogne eple, litt pære og pepar. I munnen er vinen fyldig med ein smooth og lekker tekstur. Tilstrekkeleg syre. Det smakar godt av eple, steinfrukt og kvit pepar. Tilgjengeleg og drikkeklar trass i ung alder. Digg vin. Treng det lagrast? 14,5 % alkohol er mykje, men det flyt. Har du 420 kroner att på kontoen, er dette mykje “in-yer-face-vin” for pengane.

Frå Bordeaux finst det litt “ferdiglagra” vin, og tidlegare i år var ein av dei minste eigedomane i 1855-klassifiseringa i Médoc, Chateau Saint-Pierre 2008, tilgjengelig for 560 kr. Slottet har 18 hektar vinmarker i St.-Julien og er 4. cru. 2008 er ein mellomårgang som eg ikkje har så mykje røynsle med enno. Vêret var kjølig lenge, og det vart ein svært lang vekstsesong og sein innhausting og låg avkastning. Denne vinen imponerte iallefall, og vart prøvd fleire gonger. Mørk, tett raudfarge, med noko utvikling mot brunt. Kjøtfull og fruktig lukt med høge tonar av syrlege bær, og lakris. Med lufting kjem det fram ganske mykje. Kanskje ikkje så elegant, men det bølgjer avgarde likevel. Blåplomme, mynte, mørk sjokolade og søte solbær. I munnen er det god fylde. Balansert vin med pent utvikla tannin som skjer igjennom tjukke lag av frukt. Ganske bra syre som kjem utover i smaken. Litt kompakt og grov, kunne nok ha vore lagra 3-7 år til.

For om lag ti år sidan, då eg serverte vin på Park Hotel Vossevangen, kom det inn nokre franske gjester som var på skihelg på Voss. Ein av dei kjende Patrick Baudouin frå Coteaux du Layon i Loire, og klarte å finne ein av vinane hans på det store kjellarkartet. No er 2005-årgangen av vinen som har namn etter oldemora til Patrick tilgjengelig i bestillingsutvalet. Patrick Baudouin Maria Juby Coteaux du Layon 2005 kostar 439,- for 50cl. Djup ravgul farge. Vinen luktar herlig! Ei rein, feit og svær lukt av tropisk frukt, tørka frukt og nedlagte aprikos. Glatt, viskøs og smooth munnkjensle. Voldsom konsentrasjon og pen syre. Det smakar søte eple, mango og tropisk fruktmiks. Dette er søt vin på høgt nivå.

Arne fekk vere med då eg opna den høgst verdsette vinen frå eigen kjellar. Om eg hadde prøvd å omsetja han iallefall. Men pengar er ikkje alt, og burgund-vin på høgt nivå er svært sjeldan eg får ta del i lenger. Det var med forventning og frykt eg opna J.F. Mugnier Chambolle-Musigny 1. cru Les Amoureuses 2007, som har venta nokre år i mørkret. Eit lite sniffy-sniff var nok til å konstatere at her var alt i orden, og vel så det. Ah! Essensen av pinot, essensen av Chambolle! Elegant og rein lukt, lekkert preg av friske bringebær og noko søte, nedlagte raude bær. Litt jord melder seg på, og brune krydder og dyrepels. Saumlaus, nesten perfekt vin. Lett, uforsert og innsmigrande. Pen syre, men ingenting stikk seg fram. Hadde all burgund vore slik…

Heine sine favorittar

2020 har vore eit spesielt år også vinmessig for meg. Der eg normalt smaker kanskje 4-5000 vinar i året, har eg kanskje smakt ein tiendedel i år. Det er likevel nokre vinar som har festa seg, og som eg synes fortener plass når årets vinar skal kårast her frå nattverdenredaksjonen.

Den første vinen eg tenkte på då Håvard tok opp ideen om denne artikkelen, er Jêrôme Bretaudeau Muscadet Gaïa. Det er den første muscadeten eg verkeleg har likt nokonsinne. Den har stor konsentrasjon, smaksrikdom og er ein heilstøpt vin. Eg trudde eg hadde skrive ei melding av den, men det kan sjå ut som eg ikkje har publisert han. Framhald følgjer.

Eg drikk mykje riesling, så det må med eit par av dei på lista òg. Battenfeld-Spanier er ein produsent eg trur vi får sjå meir til i framtida, og deira Battenfeld-Spanier Mölsheim Zellerweg am Schwarzen Herrgott Riesling Trocken GG 2019 er det beste eg har smakt av den inneverande årgangen til no. Les du smaksnotata mine i Maximin Grünhaus leverer ser du at produsenten har supre vinar til låg pris inne på polet akkurat no.

I byrjinga av året fekk eg smakt meg gjennom eit hundretalls amerikanske vinar, som mellom anna førte til artikkelen Den amerikanske invasjonen. Når eg no har fått det litt på avstand, er det nokre av vinane til Gavin Chanin verkeleg har sett seg, og om eg skal trekkje fram ein, må det vere Chanin Bien Nacido Vineyard Chardonnay 2017. Kjøp no og gje han eit par år før du drikk han.

Samstundes som pandemien har ført med seg færre smakingar, har ho òg ført med seg ein noko meir begrensa økonomi for ein stakkars utelivsarbeidar. Difor har det vore litt luftig i toppsjiktet. Det er likevel nokre få eg må nemne. Eric Rodez Cuvée des Grands Vintages viser absolutt toppform, og eg må tru at grunnen til at han ikkje er omtala så mykje der ein diskuterer vin, er at folk freister å halde han hemmeleg. Delas er ikkje mellom dei mest profilerte produsentane i Nord-Rhône, men hans Côte-Rôtie La Landonne 2017 er smaksmessig heilt i toppen. Dyr er han òg.

Leave a Reply