Kroatia har om lag ei tredjedel av arealet sitt dekka med skog, og mykje av dette ligg i den nordaustlege delen som vert kalla Slavonia. Dette er ein av fire historiske regionar, og ikkje ein politisk eller administrativ eining innan dagens Kroatia. Det har likevel etablert seg i vinverda som eit geografisk interessant område for eik, slik at kroatisk eik ikkje vert kalla det, men slavonsk.
Skog og skogslandskap dekker 2 759 039 hektar av Kroatia, og 52% av dette er produktiv skog. 76% er eigd av staten, medan resten er fordelt på 600 000 private eigarar. Den skogen det er mest av er bøk, med 37%, medan det er 12% sommareik (quercus robur) og 9% vintereik (quercus petrea).
Mykje av eiketømmeret i Kroatia vert foredla lokalt til golv, parkett og møblar, og så til eikefat då, men mykje finn vegen til Italia. Frå Pakrac midt inne i det tjukkaste i ein av eikeskogane i Slavonia, er det berre fem timars køyretur til fabrikken til Garbellotto i Conegliano. Ok, kanskje litt lenger med fullasta trailer, røykepausar og ein vilkårleg grensekontroll. Til Fabbrica Botti Gamba i Castell’Alfero utanfor Asti er det dryge åtte timar. Desse to bøkkarane er har du sikkert sett logoen til, om du har vore på vitjing i ein vinkjellar i Piemonte eller Toscana, for dei er populære hjå mange vinhus.
Om det er kort veg frå skog til bøkkar, er det lang tid frå tre til ferdig fat. Eikestokkane som skal nyttast til eikefat, kjem frå tre som er minimum 30-40 cm i diameter. Med eit tenleg klima og jordsmonn for langsam vekst og tette årringar, vil det ta 100-200 år å nå denne storleiken. Det er gjerne berre dei 2-4 nederste meterane av stokken som kan bli til eikestavar til bruk i fat, medan resten vert til parkett, møblar og brensel.
Stokkane vert saga opp i riktig lengde, så kløyvd. Den kløyvde skiva vert så saga i riktig tjukkelse, til dømes rundt 55-65 mm for stavar til ein botte. Stavane vert stabla ute, der dei gjennomgår mogning i ver og vind. Denne tida er avhengig av typen fat og storleiken på fatet. Stavar til barriques, som er rundt 25-30 mm tjukke vert gjerne mogna i 2-4 år, medan dei dyraste botti kan ha stavar som er mogna i opp til ti år ute.
Piemonte
Det var naturleg å finne eit par vinar frå kjellarar i Barolo der Garbellotto og liknande botte-produsentar regjerer. Begge vinane kjem frå produsentar som er relativt tradisjonelle i vinfikasjonen. Det finst dog dei som har endå lenger maserasjon, frå 30 til 60 dagar. Men tre og fem år i botte etter gjæring er i det øvre sjiktet. Då krevst det svært solid druemateriale.

Cantina Massara Barolo Massara 2017
Medium granatraud med nebbiolo-typisk brun kant. Det luktar av tørka treverk, roseblad, lakrisrot og noko i det søtare spekteret som friske raude bær, fiol og vanilin. Tørr og tradisjonell Barolo med godt fruktuttrekk og faste men moderate tanninar. Relativt “lett” Barolo. Lakris, raude bær, sopp i smaken. Hint av volatile syrer, utan at det vert for mykje. Strukturmessig er denne kanskje ein knepp tretørr, han har 30-36 månader på botte. Vinen kjem seg på dag to, då frukta vert tydelegare. Kanskje litt kort og varm, truleg på grunn av ein litt vanskeleg årgang. Men dette er verd å prøve.
Druer frå MGA Massara i Verduno. Maserasjon og gjæring i ståltank i med overpumping i 18-20 dagar. 30-36 mnd i botte. Vinen kostar 433,50 kr. Smakt frå Zalto Burgundy 12. og 13. september 2025.
Anselma Giacomo Barolo Riserva Collaretto 2015
Mørk burgund-farga mot mursteinsraud og lysebrun kant. Solid og søtleg raud frukt i lukta. Dette lovar godt. Innbydande og balansert, der den djupe Serralunga-frukta får blande seg med lær, lakris og edeltre. Tradisjonell, men pent fruktig Barolo som viser seg fram med mykje av godbitane alt i ung alder. Her er god stuffing og truleg potensiale for ti år til i kjellaren. Men kvifor vente? Balansert og flott laga. Djup raud frukt, passeleg syre og faste men polerte tanninar. Her er det godt gjennomtenkt bruk av eik. Dyrt, men dette er svært god Barolo!
Druer frå MGA Collaretto i Serralunga d’Alba. Maserasjon og gjæring i betong og ståltank i 18-22 dagar. Vinen ligg så i botte på 3000 og 4000 liter i minst fem år. Kostar 898,70 kr. Smakt frå Zalto Burgundy 12. og 13. september 2025.
Toscana
Men det er ikkje berre i piemontesiske kjellarar at du kan finne botti frå Garbellotto i bruk. Denne bøkkaren med historie attende til 1775 har kundar i store deler av Italia, ikkje minst i Toscana.

Ciacci Piccolomini d’Aragona Rosso di Montalcino 2021
Noko utvikla transparent granatraud med brun kant. “Tørr” og sober på lukt, fint balansert mellom krydder og gamalt treverk på den tørre og brune sida, og sursøt, varm kirsebærfrukt på den fruktige og raude. Tørr, men pent fruktig smak mot sursøte litt mørke kirsebær. Tørrande og middels faste tanninar. Kanskje litt kompakt no, kan godt lagrast eit par år. Pen bruk av store fat (20-75 hl i 12 mnd), som får fram Montalcino-området sin litt mognare stil av sangiovese. Men ein får då vel så interessant sangiovese i store fat frå Chianti Classico til minst 100 kr lægre prislapp. (449,90)
Ein av fleire innvandrarar i Toscana som er med på å heve nivået i Chianti Classico, er Michael Schmeltzer med tysk far og amerikansk mor, fødd i Piemonte og delvis oppvaksen i Frankrike. Han har laga sangiovese-vin i Panzano i kommunen Greve in Chianti sidan 2003. No har han 23 års røynsle med druesorten, og seier dette om mogning av sangiovese: “Eg er ikkje så glad i amfora eller barriques, dei gjev vinen for mykje oksygen. Knepet for å skape eleganse av syrlege og aggressivt tanniske druer som sangiovese og særleg nebbiolo, er å få den rette mengda oksygen gjennom fatet fordi oksygenet bestemmer utviklinga av vinen. For mykje oksygen gjer at aroma vert utvikla for fort, og let ikkje tanninane få polymerisere og bli lange og elegante.” (Mi omsetjing).
Monte Bernardi Retromarcia Chianti Classico 2021
Rubinraud farge og transparent i glaset. Flott og intens lukt med det typiske syrlege kirsebærpreget, lett pakka inn i einebær, sopp, lakrisrot og treverk. Smaken er sursøt og bæra er i front. Kirsebær og bringebær er dei tydelegaste nyansane. Det heile vert godt teke vare på av faste men polerte og greie tanninar. Finfin syre gjer det umogleg å ikkje strekke seg etter eit glas til. Referanse-vin i Chianti Classico, dette er noko å strekkje seg etter for andre. (349,90). Vinen er utseld frå polet, men det kjem truleg ny årgang til hausten.
Garbellotto
Historia til bøkkaren Garbellotto går 250 år attende. Dei har i dag hovudkvarteret sitt i Conegliano i Veneto, der barrique og botte vert produsert etter lange handverksmessige tradisjonar. Men det er stadig innovasjon og behov for utvikling. I 2018 kjøpte dei ei sag i Slavonia i Kroatia, med tilhøyrande rett til å ta ut skog. Dette var for å sikre seg tilgang på eiketømmer til produksjon i framtida.
Saman med universitetet i Udine har Garbellotto utvikla noko dei kallar NIR (Near Infra-Red), der kvar stav som skal nyttast til fat, vert skanna infraraudt for å finne ut kva eigenskapar han har. For å kome fram til ein slik analyse, har forskarane studert ulike eikestavar frå eikeskogar frå store deler av Europa, og etter kvart funne ut korleis dei kan detektere nokre eigenskapar i veden. Stavane får verdiar basert på fire kategoriar: structure, sweetness, spice og equilibrium. Ettersom vekstvilkåra kan variere innanfor ein skog, kan veden i to tre frå same skog ha ulike styrker. Med NIR-teknologien kan Garbellotto setje saman eikefat med stavar av ulik geografisk opphav, men som har ein lik og jamn aromaprofil. Dei kan òg setje saman fat med stavar av ulike aromatiske kvalitetar, dersom det er det kunden etterspør.
Veneto
Valpolicella er ein vintype som fokuserer mykje på frisk frukt og kan godt lagrast i ståltank, medan druer med meir konsentrasjon og som skal nyttast til Ripasso eller Amarone, kan få litt motstand og interesse frå ei tid på fat.

Domini Veneti Valpolicella Ripasso Classico Superiore Torbae 2023
Lys rubinraud, transparent. Moderat intensitet, rein, fruktig lukt mot søte kirsebær. Sursøt, juicy og lett ripasso med pen syre. Typiske smakar i retning kirsebær og bringebær i ein litt dropsaktig og jovial stil. (199,90)
Alto Adige
Trentino-Alto Adige har over tid blitt meir eit kvitvinsområde, men her er det då interessante vinar på pinot noir, lagrein, schiava, teroldego, merlot og cabernet sauvignon. Det er særskild dei raude vinane som vert mogna på store botti. Elena Walch med sete i Tramino, sør for Lago di Caldaro i Alto Adige lagar pinot noir med ein lett og frisk profil som nok ikkje toler barrique. Men store meir smaksnøytrale fat tilfører nok oksygen og struktur til at vinen vert balansert. Druene kjem frå ei vinmark nede mot dalbotnen på 400 moh, og ei oppe i sidedal på 950 moh.

Elena Walch Selezione Pinot Noir 2024
Fersk, jamn og lys burgunderraud vin. Vinen er litt støvete og lukka ved opning, men med litt lufting viser vinen seg fram med reine, lette og friske pinot-aroma av syrlege raude bær. Enkel, fruktig og god pinot noir med ein kjølig og open stil og mjuke tanninar. Ein terrasse-pinot til sommaren, kanskje? Vel verd 269,90.
Etna
Ein annan lys og elegant druesort som kan ta til seg for mykje av lagringsmediet er nerello mascalese. Tenuta Tascante på nordsida av Etna nyttar 2500-liters botte frå Garbellotto i vinen Ghiaia Nera Etna Rosso. Her kjem eit smaksnotat frå 2021-årgangen, medan aktuell årgang på polet er 2023.
Tenuta Tascante Ghiaia Nera Etna Rosso 2021
Burgundraud farge med hint av bruning. Fin overtone av søte bringebær, med noko krydra, mørkt, brunt og bakt som ligg under. Elegant og frisk Etna-vin med nebbiolo-aktig struktur. Solide tanninar som skaper eit godt grep i munnen. Her er då godt med raud frukt, men per no (16.02.24) framstår vinen som litt ung og treng mat. (339,90).
Rioja
Då er vi på den Iberiske halvøy og i Baskarland med ein tempranillo-vin frå Lanciego, Rioja.
Telmo Rodríguez starta opp eigedomen i 1998 og har økologisk drift i 15 ha vinmarker på 450-700 moh. Vinen har vore 14 månader på 1500 og 2500-liters botte frå Garbellotto.
Bodega Lanzaga 2020
Ung granatraud, litt kant med mørk rosa. Solid og heilstøypt lukt med både rik mørk frukt og noko som ikkje er krydder eller ny eik, men som skaper harmoni. Konsentrert og ganske rik fruktig vin med flott balanserande syre. Tørr, og stilig integrert gamal eik. Noko hint av krydder på dag to. Ganske kompakt og ung, men samtidig heilt fin. Vil nok truleg kunne avsløre litt eleganse med ytterlegare 5-10 års lagring. Men treng det slett ikkje. No fekk eg lyst på noko godt bresert kjøt.
Douro
Luis Seabra som gjer vin i Douro-dalen og i Vinho Verde, fortel at han fekk muligheiten til å kjøpe nokre Garbellotto-fat. Desse var på 2500 og 3000-liter, og passar godt til druesortar utan mykje tannin og frå eit varmt klima som Douro. Vinen Mono C er laga på castelão som oksiderer lett, og då må det store fat til for å bevare frukt.

Luis Seabra Mono C 2023
Medium lillaraud, men transparent på farge. Litt varm, men samtidig rå mørk bærfrukt mot krekling, betong og stein. Etter kvart dukkar det opp meir søte og raude bærtonar. Fersk, mørk og fruktig vin, men òg syrleg og utan den tyngre fylden som Douro-vin ofte har. Rein castelão er jo ikkje så vanlig i Douro. Rein og utan noko særleg krydder eller eik, men teksturmessig spanande, mellom det unge og syrlege og det litt meir avrunda og raude. Mykje smak i retning krekling, litt lakris og stilk/gamalt treverk.
