Eik til bruk i fat til vinproduksjon er i hovudsak tre artar i eikeslekta. Quercus alba (amerikansk kvit eik), quercus robur (sommareik), og quercus petrea (vintereik). Vintereika veks over store deler av sentraleuropa, sørlege Skandinavia, Tyrkia og Kaukasus. Sommareika deler i stor grad vekstområde med vintereika, men har ei større utbreiing austover frå Polen i dei baltiske landa, Belarus, vestlege Russland og Ukraina, og i Portugal.
Ettersom dei to artane kan pollinere kvarandre, er det ein stor del hybridar mellom sommareik og vintereik. Når så nye generasjonar kjem til og dei vert pollinert med andre hybridar eller med reinare eksemplar, oppstår det eik med varierande prosentdel med vintereik i genmaterialet. Bøkkarar og vinmakarar verdset vintereika, for denne har generelt tettare og finare porer i veden. Difor er eikeskog med høg andel vintereik i miksen interessant for dei som handlar med eiketømmer.

I det ungarske fylket Borsod-Abaúj-Zemplén ligg nasjonalparken Aggtelek og Zempléni Landscape Protection Area, der det er mykje eikeskog av høg kvalitet. Her finst det i stor grad rein vintereik, som veks sakte i skråningar med lite toppjord, og underlag av vulkanske bergartar. Dette gjev eik med til dels svært tette årringar, og stokkane til eikefat kjem frå tre som er 120-150 år gamle. Då er stammen ikkje tjukkare enn at det berre vert stavar nok til eitt til to fat pr tre.
Ungarn har hatt ein streng og planlagd styring av skogsarealet, heilt sidan kong Zsigmond gav sin ordre i 1456. Det er no 21 % av arealet som er dekka med skog, men staten sitt mål er å kome opp i 27 %. Om lag 60 % av skogen i Ungarn er i staten sitt eige, medan resten er fordelt på lokale styresmakter og private eigarar. Det kan maksimalt hoggast 5 hektar skog i ein omgang, og berre 5% av eiketrea er egna for fatproduksjon. Det vert berre nok tømmer til om lag 10 eikefat per hektar på 100 år.
Bøkkeriet Kádár Hungary, som ligg i utkanten av Budapest, i den sørlege bydelen Distrikt 20, er ein av dei som lagar eikefat av høg kvalitet frå Zemplén-eik. Dei nyttar òg eik frå Mecsek-skogen i det sørvestlege Ungarn, men her er det hovudsakleg quercus robur. Føretaket vart starta opp i 1951, og har i dag om lag 400 kundar i 12 ulike land. Årsproduksjonen er på om lag 6 000 fat.
I Erdöbénye, rett nord for Tokaj, har Kádár eit sagbruk og område for mogning av eikestavar. Etter at eikestokkane er kløyvde og saga opp i rett lengde og tjukkleik, vert dei stabla og lagra utandørs i ei viss tid slik at ver og vind og mikroorganismar kan utvikle veden. Alt etter storleik, klima og kvalitetsprofil, vert stavane liggjande i mellom to og åtte år før dei er klare til å verte ferdige fat. Fuktnivået i stavane går ned frå 70 til 15 %.
Ein av fleire som nyttar fat frå Kádár, er Istvan Szepsy i Tokaj. Istvan Szepsy jr. fortel at då dei byrja å lage den nye stilen med tørr furmint på byrjinga av 2000-talet, oppdaga dei kor viktig det var med rett storleik og rett type fat for gjæringa. Dei forsøkte ståltank, betong, epoxybelegg og kjeramiske behaldarar, og eikefat av ulik storleik frå fleire kjelder, men det var fat på 300 liter av lokal Zemplén-eik som gav det beste resultatet. Vinen vart då både fruktig, djup og med ein struktur som støtta opp frukta og gav noko som ville kunne utvikle seg positivt i flaske etter tapping.

Istvan Szepsy Tokaji Furmint Nyulászó 2018
Strågul + mot gyllen. Frisk, fruktig og epleprega på dag ein, med lite eik. På dag to er vinen rundare og rikare, slik eg hugsar han for nokre år sidan. Vinen har likevel utan tvil stramma seg opp sidan sist eg smakte han i 2022. Syrlegare kvit frukt, og lettare i munnen, men framleis dette vulkanske og nesten søt-salte mineralske i smaken som skaper gjenkjenning og glede. Eikepreget er no mindre tydeleg enn i 2022, og er smelta inn i vinen på ein saumlaus måte.
Druer frå vinmarka Nyulászó i Mád, nord for Tokaj. Gjæra og mogna i 8 månader i 300-liters fat med “light-medium toast”. 14 % alkohol. Vinolok glaspropp. Kosta 397 kr for nokre år sidan, var 349,90 ved lansering. Diverre utseld no.
Finst det vin som er laga i lokal Zemplén-eik, som vi kan få kjøpt no då, Håvard? Jaudå, her er eit par.

TR Wines Tokaji Furmint Palota 2022
Strågul. Rik gulfrukt. Furmint- og Tokaj-typisk stil, men noko friskare og lettare i uttrykket. Mykje på gang, litt kaotisk, på ein positiv måte. Trass i furmint sin rikdom, så er denne vinen relativt syrleg og høgtona. Detaljert og artig vin som både har konsentrasjon og syre til å takle ulik mat.
TR Wines vart starta opp i 2012 av fire unge vinentusiastar, og har 3,5 ha i vinmarka Palota i Tállya. Dei har arbeidd etter økologiske prinsipp sidan starten, og fekk sertifisering i 2020. Det kjem fleire vinar frå vinmarka, tørre, pet-nat, søt szamorodni og Aszú i gode år. Denne vinen kjem frå den beste parsellen øverst i bakken. Hausta for hand, heilklasepressing, spontangjæra i ståltank. Sidan mogna i 8 månader i Zemplén-eik frå Kádár, 500-liter og 300-liter, brukte fat. Filtrert og kaldstabilisert. 13 % alkohol, naturkork. Kostar 369,80 kr. Flaska vart sendt av importør.

Carpinus Grand Reserve Tokaji Furmint 2024
Lys strågul. Fersk og ganske aromatisk med friske og ferske grøne aroma mot eple, urter og pasjonsfrukt. Integrert eik. I munnen er det meir fylde og breidde (del pga eik). Flott syre som ligg i botnen. Litt ung og uforløyst enno, men god til prisen. Diskret eik som gjev struktur meir enn aroma. Ikkje så område-typisk vin, men den er svært ung, så det vil kanskje skje litt med eit par års utvikling.
Furmint-druer frå vinmarka Kakas i Mád. Familien Carpinus driv etter økologiske prinsipp. Gjæra og mogna i 8 månader i fat av lokal eik, med battonage. 13% alkohol, smulekork. Kostar 250,00 kr. Flaska vart sendt av importør.
