Gaispfad fram frå gløymsla

Trabener Gaispfad er ei av desse strålande vinmarkene i Mosel som allikevel gjekk i gløymeboka. Byen Traben-Trarbach flaug høgast under belle epoque før fyrste verdskrig. Det var ein vinhandelsby med pengar og suksess. Det var så mykje pengar å tene på Mosel riesling at Deutsche Bank sin filial i den vesle byen hadde like stor omsetning som den i storbyen Trier. Dei vestvende og bratte bakkane frå Trarbach og til Enkirch, kalla Starkenburger Hang, vart planta frå elva og til toppen av åskammen. Det er her vi finn den 5 hektar store Gaispfad.

Hausten 2019 var eg to månader i Traben-Trarbach og arbeidde hjå Konstantin og Alexandra på Weingut Weiser-Künstler. Det kan du lese om her, her og her. Det vart mykje trakking opp, ned og på skrå i vinmarka Gaispfad. Både før, under og etter innhausting. Mosel har mange kjende vinmarker, men somme ligg litt utanfor den opptrakka turistløypa og treng litt ekstra lys.

Liten og brakk

At vinmarka er lita er vel noko av grunnen til at ho enno ikkje er tilbake i rampelyset. I Wine Atlas of Germany (2014), av Braatz, Sautter og Swoboda, er Gaispfad berre nemd som “other vineyard”. Kor mange hektar som er planta i dag, har eg ikkje funne ut av enno. Men truleg er berre litt over halvparten av det som er lovleg å kalle Gaispfad planta med vinstokkar. Det kan de sjå frå nokre av fotografia eg knipsa, og på satelittbileta på sida weinlagen.

Villniss

Om ein går inn på kartet til deutcheweine.de, kan ein klikke på Gaispfad og sjå at vinmarka strekk seg frå 104-208 meter over havet. Ein legg også merke til at over Gaispfad ligg Starkenburger Rosengarten. Denne begynner i teorien frå 193 og går til høgste punkt 365 moh. Men det er ingen produktive vinstokkar i denne vinmarka i dag. Skogen og villnisset har teke over, men spora finst. Gaispfad vender mot vest. Under eit tynt lag av jord og gras er det grå skifer og noko raudare skifer med meir jernoksid.

Storheitstida

I Mosel-Weinbau-Karte für den Regierungsbezirk Coblenz 1897, er deler av Gaispfad merka med mørk raud farge, noko som indikerer høgste rangering. Dette kartet dekker vinmarkene i Mosel, frå Koblenz til Traben-Trarbach. Steuerath Clotten sitt kart for Saar og Mosel (Regierungsbezirk Trier) frå 1868, dekker vinmarkene frå Wolf til Saar. Det var åtte skatteklassar i takseringa av vinmarker. Kriteria var mellom anna profitt, arbeidskostnader, avkastning, pris og kvalitet. På kartet er åtte klassar forenkla til tre fargar, med mørk raud som best, så lyseraud og til slutt beige. Gaispfad frå 1897 ser om lag like stor ut som dagens grenser. Det er to rektangel som er mørkeraude, eitt lengst nord på grensa til dagens Ellergrub, og eitt midt på. Resten er lyseraudt.

1. Klasse

I skattetabellane som følgjer med nyopptrykket av kartet frå 1897, kan ein lese at i Gemeinde Traben (Trarbach er eige Gemeinde) er det 1 ha vinmark i klasse 1, 5 ha i klasse 2, og 13 ha i klasse 3. Korleis dei åtte klassane er fordelt på tre fargar veit eg ikkje, men kanskje er det mørkeraude feltet klasse 1 og 2. I Traben er det mørkeraude felt i deler av dei vinmarkene som ligg med eksponering mot sørvest og vest, utanfor Traben i retning Wolf. Dei heiter i dag Trabener Käuterhaus og Trabener Würzgarten. Og altså i Trabener Gaispfad.

Her er bilete av ei prisliste frå vinhandelsmuséet i Trarbach. Gaispfad og Ellergrub er dyraste vin i lista.

Dagens bønder

Dei som tappar vin frå Gaispfad no for tida, er Weiser-Künstler (0,55 ha), Ulrich Langguth (ca 1,5 ha), Caspari-Kappel (ca 0,5 ha), Conrad Bartz, Gonzlay Weine og Moog. Truleg er det fleire mindre og ukjende vinbønder som kan ha ein bit av Gaispfad. Eg har sett eldre etikettar med Gaispfad frå Marcus Stein, og frå Rumpel & Cie som var ein av desse vinhandlarfamiliane som gjorde pengar av riesling i Traben-Trarbach fram til fyrste verdskrig.

Monorail-en til Weiser-Künstler i Gaispfad med byen Traben i bakgrunnen.

Weiser-Künstler

Weiser-Künstler starta opp med vinproduksjon årgang 2005, og har drive sin parsell i Gaispfad sidan 2007. Dei fekk installert ein monorail der i 2016, etter å ha nytta ein type motorisert løypestreng dei fyrste åra. Den var ikkje påliteleg nok.

Weiser-Künstler Gaispfad Riesling 2015

Strågul + mot lys gull. I starten er det litt runde mogningsaroma som er vanlige i rieslig, som smør og badeball. Etter at flaska har vore open eit par timar strammar vinen seg opp. Lukta har no finknust skifer, lime, syrlege grøne eple og kvit fersken. Det lovar godt. På smak er det ein tight og frisk vin med meir spenst enn Sotomayor i sine glansdagar. Tørr og med ei saliverande syre. Ettersmaken er som “flytande diamantar”, lenge etter at siste skvett er svald ned. Ein syresterk vin med herlig mineralsnert. Og dei objektive tala viser jo òg at dette ikkje er noko feit hedonist-riesling. Dette er “GG”-vinen frå Gaispfad med 24 timar skalkontakt før pressing og gjæring. Weiser-Künstler plar òg lage ein Kabinett Trocken-vin frå same vinmark med tidlegare hausta druer og spinklare struktur.

4,5 g/l rs, 9,7 g/l syre og 12% alkohol. Kostar no i november 2020, 400 kr. Kanskje kjem 2018-årgangen av denne i sal etter kvart. Det er ein litt rundare vin, men god på sin måte.

Det meste av dette er Weiser-Künstler sin parsell i Gaispfad.
Her er parsellar sør for Weiser-Künstler sin. Ein del ligg brakk, men staurane står framleis. Husa på toppen av åsryggen er Starkenburg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *