Kult eller kalkun #1

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Chateau le Puy? Nei, det hadde ikkje eg heller.

Denne vinen har trancendert vinverda og blitt teken opp i eit anna univers, og må difor kunne kallast ein kultvin. Eg vart merksam på vinen gjennom dette andre mediet. Indirekte då. Det var altså ikkje nokon anbefaling frå vinvener eller forum som gjorde at vinen ein dag låg i vinskåpet mitt. Heller ikkje noko terningkast, 90+ poeng, eller freistande smaksnotat. Vinen er frå Bordeaux, men det var impulsar frå andre sida av jordkloden som var utløysande.

Truleg hadde vinen blitt verande i undergrunnen enno ei stund, hadde det ikkje vore for at han dukka opp i ein japanske teikneserie. Historia er ikkje heilt ny, men ho er for god til ikkje å dele med fleire. Det same er vinen.

Bror og søster Shin og Yoko Kibayashi har under pseudonymet Tadashi Agi skrive historia, medan Shu Okimoto står for teikningane. Fyrste del kom ut i Japan i 2004, og siste album i 2014. Teikneserien heiter Kami no Shizuku, eller Drops of God på engelsk. Ein legendarisk vinkritikar har gått bort og etterlate seg ei enorm vinsamling. To halvbrør kjempar om å retten til å få arven. Dei skal finne “tolv apostlar”, som er tolv dyre og/eller sjeldne vinar som Amoureuses 2001 frå Roumier, 1976 Yquem, ein syrah frå Sine Qua Non, ein Chevalier-Montrachet, Barolo frå Sandrone, Champagne frå Selosse og Da Capo Chateauneuf-du-Pape frå Pegaü. 

Teikneserien vart svært populær i Japan, Sør-Korea, Taiwan og Hong-Kong. Sidan 2008 har han også kome ut på fransk. Dei fyrste elleve albuma er no klare i engelsk omsetjing, på ComiXology Originals. Ein TV-serie basert på teikneserien kom ut i Japan i 2009. Teikneserien har hatt stor innverknad på vin-interessa i Japan, og vinar som er nemd i serien har fått gode salstal.

Medan dei tolv apostlane er kjende vinar, var vin nummer 13, sjølvaste Guds dropar, ein vin eg aldri hadde høyrd om. Chateau le Puy er ein “sølle” Francs Côtes de Bordeaux, heilt aust i Gironde. Ja, vingarden finst ikkje på kartet i nokon av vinbøkene mine, men han ligg altså berre fire minutts køyretur frå grensa til departementet Dordogne. Og då er du ute av Bordeaux og i endå mindre attråverdige Bergerac. Men ein kan snu på det og sjå hin vegen. For vingarden ligg på det same platået som Saint-Emilion og Pomerol, og på det nest høgste punktet i Gironde.

Det betyr 107 meter over havet. Garden har vore i familien Amoreau sitt eige sidan 1610, og er om lag 100 hektar. 54 ha er vinmarker, medan resten bidreg til garden sin polykultur. Her er hestar, kyr, frukttre, beitemark og små tjern. Her har aldri vore brukt kunstgjødsel eller sprøytemiddel. Dei har drive med biodynamisk jordbruk før nokon brukte det ordet om førindustrielle drivemåtar.

Hovudvinen er Emilien, medan det er nokre andre mindre cuvéear med raud, kvit, søt og ein rosé. Rundt slottet på platået er det 20 til 60 cm toppjord før det er nede på kalksteinsgrunnen. Druene vert hausta for hand. Ingen chaptalisering eller kjøpegjær. Gjæring i betongkar og mogning i 24 månader i fat som er 5-50 år gamle. Vinen får ein liten svoveldose ved tapping. Cuvéen Barthélemy og to andre vinar vert tappa heilt utan svovel.

Chateau le Puy Emilien 2016

Medium mørk rubinraud, og nesten transparent. Frisk lukt av syrlige mørke bær. Det fyller på med noko leire, urter og stilk. Open, rein og fin. Ikkje så mykje merlotpreg med ein gong, men med luft og tid kjem det fram litt nougat og grilla paprika. I munnen er dette ein ung, relativt fersk merlot-vin. Herlig syre og flott tekstur. Sursøt, open vin med smak av raude og mørke bær. Lite eik her, men rikeleg potensiale. Drikk faktisk godt allereie, men eg ville prøvd å lagra denne i fem-ti år til.

Vinen vart smakt frå Riedel Vinum Bordeaux 18.04.20. Då kosta han 359 kr. Druemiksen er 85% merlot, 7% cabernet sauvignon, 6% cabernet franc, 1% malbec, 1% carménère.

Chateau le Puy Emilien 2017

Granatraud, litt kant. Fin mørk frukt, litt gniten. Her ligg mykje på lur som enno ikkje er heilt ute i bløming. Kjøtfull mørk stil med litt paprika, nougat, urter og møkakjellar. Ei kjensle av pepar er her òg. Fersk men tilgjengelig vin. Frisk og uanstrengt. Ein del struktur, god syre og ganske mykje frukt. Mørke bær, snev av eik og urter. Mykje potensiale for utvikling i ti år til. Drikk svært godt no. Endå betre enn 2016 gjorde om lag på same tid i fjor.

Notat frå 20.02.21. No kostar dette 399,90. Kan sjå ut som det er same druemiks som 2016.

Basert på desse to vinane, kan eg på karakterskalaen kult eller kalkun skåre denne som ein klar kult! I høve til mykje anna merlot-basert Bordeaux er dette friskare og med mindre preg av ekstrahert søt frukt og eik. Det er plass til begge deler. Vive la difference!

Leave a Reply