Kult eller kalkun #3 – altså, aligoté?

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Marc Soyard? Nei, det hadde ikkje eg heller.

Renessanse

Jaudå, eg kan likegodt berre innrømme det med ein gong: eg har ikkje fått med meg at det i nokre år allereie har vore ein slags renessanse for aligoté. Men når ikkje eingong middelklassefolk kan opne ein Bourgogne Blanc på laudagskvelden utan samtidig å opne kredittgrensa si eit hakk til, ja då dryp det etter kvart litt på chardonnay si mindre pene syster*.

Tips på gata

Men så var det ein føremiddag i januar at eg trefte på ein kjenning, la oss kalle han for Lakselorden, om lag i krysset mellom Markeveien og Vestre Murallmenning i denne ikkje heilt ukjende byen som ligg innanfor Askøy. Vi veksla nokre ord om dei siste tiders vingleder som hadde kome vår veg, og då kom det fram at Lakselorden hadde smakt ein aligoté som han prisa i slike ordelag at eg nokre dagar seinare måtte leggje inn ei bestilling. 

Domaine de la Cras Tercet Bourgogne Aligoté 2023

Strågul med grøne hint og ikkje heilt klar. Litt streng og syrleg lukt, med hint av nervøse ureinheiter som kjem av usvovla kvitvin. Her er òg litt autolyse og syrlege grøne eple. Slank og høgtona sommarvin som er friskare enn det meste anna eg har vore borti frå Bourgogne. Hint av fenolisk grep, og ein konsentrasjon og friskheit som gjer at vinen klarer seg overraskande godt attåt gyoza med koreansk barbecuesaus. Moderate 11% alkohol. 379,90 er kanskje litt mykje, men eg kjem nok til å kike etter fleire aligoté-vinar.

Er visst frå innkjøpte druer (øko) frå Hautes-Côtes i nærleiken av Pernand-Vergelesses. Pressa og gjæra i 70 % eikefat og resten i ståltank. Blanda og tappa etter 8 månader. Ingen SO2-tilsetjing, klaring eller fitrering. Marc Soyard held til rett vest for Dijon, der han elles har åtte hektar vinmark.

Blind flekk

Som eit bevis for min manglande interesse for aligoté, ser eg at på dei 13 åra eg skreiv vinspalte for Sogn Avis, og til dels Firda, har eg ikkje skrive om ein einaste aligoté-vin. Det kan ha snike seg inn litt aligoté i ein av Crémant de Bourgogne-vinane eg har skrive om, men det er ikkje nok til at eg har funne det verdig å nemne i teksten.

Til mitt forsvar så selde eg nokre flasker Aubert & Pamela de Villaine Bouzeron den gongen eg jobba på Park Hotel Vossevangen, så eg har då så vidt brukt nokre kaloriar på aligoté tidlegare. 

Fakta

Men la oss ta nokre tørre tal: det er 2000 hektar aligoté, av totalt 32 301 ha vinmarker i Bourgogne, noko meir enn det var for femti år sidan. Sorten er planta frå Maconnais til Chablis. Aligoté har vore dyrka sidan 1600-talet, og vaks saman med chardonnay i både enkle vinmarker på sletta, og i Meursault, Montrachet og Corton-Charlemagne. Med AOC-regelverket i 1936 fekk den plass i Bourgogne-Aligoté, men vart fasa ut i dei finare appellasjonane. Siste rest av gjevt jordsmonn finst i Morey-Saint-Denis 1. Cru Monts Luisants, der Domaine Ponsot lagar ein kvit 1.Cru-vin på aligoté.

Sylvain Pataille Bourgogne Aligoté 2023

Strågul og klar. Det luktar då “Burgund-typisk” av kalkrik grunn, slankt, friskt. Lite frukt, men godt med punch. Saliverande frisk frå start til slutt. Høgtona og syrleg vin med noko sitrussmak. God konsentrasjon og balanse, dette er ein seriøs og bestemt vin som krev litt mat. 12,5 % alkohol.

Druer frå eigne vinmarker i Marsannay, som vert drivne etter biodynamisk rettesnor utan sertifisering. Spontangjæra og mogna i brukte fat i 12 månader. Moderat svovla ved tapping. Kanskje litt meir interessant enn Marc Soyard sin vin, men 389,90 er heller ikkje billeg..

Frå cocktail til klasse

I lange tider var aligoté sett på som ein cocktail-ingrediens (kir), og dyrka i rikare jord på flata i Côte d’Or, og med høgt utbytte. Dette gav harde og syrlege vinar utan frukt og sjarm. I Aust-Europa har den slått an, og franskmennene sitt areal med aligoté vert grusa av Moldova (15 790 ha), Ukraina (9 625 ha) og Romania (7 203 ha).

Sylvain Pataille var ein av initiativtakarane til den lauslege samanslutinga Les Aligoteurs, som sidan 2018 har samla om lag 50 produsentar for felles prototering av aligoté-vin frå Bourgogne. Her er det takhøgd for både naturvin, pet-nat og oransjevin, så lenge det er aligoté.

Fem på gata i Côte d’Or

Etter å ha glugga nedpå desse to flaskene vart eg såpass inspirert at eg sende avgarde eit framlegg til nokre av Aligoteurane og andre produsentar. Sidan aligoté er litt friskare og syrlegare enn chardonnay, kunne den brukast som eit “slankemiddel” i kvit Burgund? Ved å pode om nokre rader aligoté innimellom, til dømes.

 “Med tanke på aukande temperaturar og mogning i druene i Bourgogne, trur du at det i framtida kan kome endringar i reglane for kvite appellasjonar, der det blir mogleg å inkludere ein plass mellom 5 og 15% aligoté?”

Nokre var ikkje framand for tanken, og Antonin Pillot hjå Jean-Marc Pillot , som held til i Chassagne-Montrachet, meinte at det må gjerast forsøk. Han fryktar at alternativet i framtida er kunstig vatning, noko han meiner vil vere eit tilbakesteg for området. Frå Hubert Lamy var svaret at det var noko som kanskje kunne verte eit alternativ, men at druene då ikkje kunne gjære saman, sidan aligoté generelt mogna om lag ti dagar etter chardonnay.

Hjå Domaine Lefleive meinte dei at vinbøndene i Bourgogne takla klimaendringane på ein god måte, slik at dette ikkje var ein aktuell problemstilling. Domaine Chanterêves med base i Savigny-les-Beaune trudde ikkje på noko endring i reglane med det fyrste, medan vinkonsulenten Benoît Pagot meinte at det var ein mogleg tankegang ein gong i framtida.

Det ser uansett ut som om aligoté er tilbake i det gode selskap i Bourgogne, men dersom prisen held fram med å auke, vert det ikkje lenger ein inngangbillett til det forgjetta landet. Definitivt meir kult enn kalkun.

*Som chardonnay, er aligoté dotter av pinot noir og gouais blanc.

Leave a Reply