Rundt Neusiedler See

Stille vatn er oftast grunt, heiter det. Men om du grunnar litt på kva som rører seg rundt den grunne Neusiedler See, finn du fleire grunnar til å dukke litt ned i materien. Innsjøen er den største endorheiske sjøen i Europa. Det vil seie ein innsjø som ikkje har naturleg utlaup som leier ut i havet. Neusidler See har innlaupselver, men vatnet sig ned i grunnen, og det fordampar.

Satelittfoto av Neusiedler See og områda rundt. Bilete frå Wikipedia

Sjøen ligg aust i Austerrike, eller nordvest i Ungarn, alt etter ståstad. Han er altså på grensa mellom dei to landa, og er i gjennomsnitt ein meter djup. På det meste berre 1,8 meter. Ein slik innsjø som ikkje har gjennomstrøyming av vatn, vil etterkvart få mykje sediment og litt høgre saltinnhald enn ein ferskvassinnsjø. Rundt sjøen er det store belte av siv, og her er det eit rikt fugle- og dyreliv.

Frå nordenden av innsjøen. Bilete frå Wikipedia

Rundt sjøen er det òg mykje vinmarker, både på ungarsk og austerriksk side. I sør, på ungarsk side, og litt oppover på vestsida ligg området Sopron. Over grensa nordover og vi er i regionen Burgenland og Leithaberg DAC. Rett vest og sør for Sopron ligg Mittelburgenland DAC, men då er vi ikkje lenger ved sjøen. Vesle Rust har sine eigen DAC, og frå nordenden og austover langs sjøen ligg Neusidlersee DAC. Kulturlandskapet kring sjøen er òg funnen verdig ein plass på UNESCO si verdsarvliste.

Om ikkje sjøen har eit utlaup, kan det verke som det meste av ville idéar i vinmaking får fritt leide gjennom områda sine vinmakarar. I det minste om vi skal tolke tilbodet av vin frå området som finst på polet. Her er det ikkje bag-in-boks, kommers raudvin til 120 kr, eller inkjeseiande kvitvin med baksideetikett som forkynner at vinen passar perfekt til “seafood, white meat, red meat, chicken, cheese, sea breeze and holiday”. Oh no, ma´am!

Det boblar over av rå blaufränkisch, Steinerskuleelevar, lågintervensjon, oransjevin, pet-nat, rare druemiksar, pinot blanc og welschriesling til 4-500 kr, stråvin, null-svovel-vin og endå meir til. Eg skulle nett sjekke heimesida til produsenten Heinrich, som eg har smakt litt frå tidlegare. Trudde han var ein relativ enkel kar. Men det fyrste som møter meg er to personar på flygande teppe. Porteføljen har fargerike namn som Naked Rosé, Graue Freyheit og Late Harvest Red.

Trass i at det har kome underområde (DAC) med definerte reglar og fokus på kvart område sine kvalitetar, terroir og særskilde tilhøve, kan det verke som området tiltrekkjer seg folk med alternative idéar, og sterk tru på eigne evner. Eller så er det noko med kulturen i Austerrike. Landet er ein forbundsrepublikk, der delstatane har mykje sjølvstyre. Dette er jo veldig forskjellig frå til dømes Frankrike, som er veldig sentralstyrt.

Overført til vindyrkinga så vert dei ulike AOC i Frankrike både styrande for kva vin som vert laga, og det vert ei “kvilepute” for bønder og produsentar. I Austerrike må kvar bonde og kvar produsent i større grad skape noko sjølv, ettersom det er få “merkjevarer” i austerriksk vin som har den same gjenkjennande forståing som til dømes Meursault, Pomerol, Côte-Rôtie, Champagne eller Sancerre. Austerrike er elles eit rikt land med velfungerande demokrati og byråkrati. I litteraturen, musikken og arkitekturen har òg landet ein lang tradisjon for å la nye og banebrytande idéar få spelerom, særskild i Wien. Men det er grunn til å tru at dette siv ut i distrikta. Og det kan jo òg hende at det lokale terroiret faktisk best let seg vise gjennom å la ein blanding av muscat og chardonnay få 20 dagars skalmaserasjon i ein plastdunk forma som ein einhjørning.

Vi kan trygt sei at om du er lei av sitje ved bassengkanten og nippe til vin frå forutseielege vinområde, polert og eika, anbefalt av sommeliér-ar som held monologar om ulike typar kimmeridge-kalk, er Neusiedler See og omegn eit godt utgangspunkt for ein anleis symjetur.

Gols

Eg vassar i land på nordenden av vatnet, der det er ein liten marina ved byen Neusiedl am See. Men eg har tenkt meg til Gols, 7 km lengre aust, og får skyss med det flygande teppet til Gernot Heinrich. Han og kona Heike driv ein relativt stor gard med vinproduksjon frå 105 ha. Eigne vinmarker vert drivne etter læra åt Steiner, medan innkjøpte zweigelt-druer er i det minste økologisk dyrka. Her finst dei typiske druene for området, med mykje zweigelt, blaufränkisch og weissburgunder. Bøndene rundt sjøen er flinke til å arbeide i vinmarkene, på godt gamalt vis. Heinrich òg, men han er ikkje redd for å blande inn det metafysiske, filosofiske eller kunstneriske i praten om jordnære ting som vin.

Ein annan vinmakar i Gols er Claus Preisinger. Vel verd å sjekke ut heimesida hans òg, om du ikkje har dårlege minner frå leksene på barneskulen. Den punkete raudvinen Puzta Libre har eg skrive om her. Stephen Brook, som har skrive vinbok om Austerrike, The Wines of Austria (2016), har ikkje så mykje til overs for den meir esoteriske enden av porteføljen til korkje Heinrich eller Preisinger. Nuvel, eg gjer eit forsøk.

Claus Preisinger Kalkundkiesel 2019

Lys gul, uklar, og med noko finkorna grums. Frisk og “lett” lukt. Ikkje veldig fruktig. Treng luft. Eg finn gråpære, steinstøv og gule eple. Etter kvart kjem det fram aldehyder og floraktige aroma og ei kjensle av kalkrik leire. I munnen er vinen lett og frisk med eit mildt eple- og pærepreg. Steinete og ikkje så fruktig. Leverer meir på lukt enn i munnen. Men ein artig vin. 11,5% alkohol, og kostar 245 kr. Er lukka med Diam10-kork.

45% weissburgunder, 45% grüner veltliner, 5% welschriesling og 5% muscat frå ulike vinmarker med både kalkrik jord, og jord med hovudsakleg grus. Druene blir knust og får fire dagar skalkontakt før pressing og gjæring. Seks månader mogning i ymse eikefat. Ingen tilsetjing av svovelsulfitt.

Heinrich Weizse Freyheit 2017

Gul og uklar på farge. Funky nase med gjær og sider-aktige aroma. Etter kvart noko gul frukt. Stikkete og reduktiv på dag ein og to. På dag 9 (!) har vinen “normalisert” seg og fått ein fint preg av stjernefrukt. Frisk vin, noko eplesmak. Fenolisk og med eit veldig grep i munnen. Rar vin. På dag 9 har funken sleppt taket og det har kome gul frukt og lett oksidert epler. Blir allikevel ikkje klok på denne. Utan svovel, så kan det jo vere eit snev av ettergjæring på flaska, som er årsaken. 12,5% alkohol og kostar 319 kr. Lukka med glaspropp.

Vinen er laga på 97% pinot blanc og 3% muscat ottonel. Vinmarkene ligg i Breitenbrunn og Winden, og har både fossilrik sandstein og glimmerskifer. Vel så viktig for sluttresultatet er nok at 25% av druene har fått 14 dagar skalkontakt, og at vinen har mogna i 21 månader på store fat.

Purbach

Raudvin med merkjet Leithaberg DAC er blaufränkisch, men kan innehalde 15% zweigelt, st.-laurent eller pinot noir. Dette underområdet i Burgenland har 3097 ha vinmarker. Men så finst det jo mykje vin som av ulike grunnar heller nyttar region-appellasjonen Burgenland, eller Wein aus Österreich. Vinmarkene ligg hovudsakleg i austvend slak skråning opp frå flata nærast Neusiedler See. Ved sjøen er vinrankane planta i løss og silt, sand og leire, medan lengre oppe er det kalkrik jord og grunnfjell som består av meir syrerik glimmerskifer og gneiss.

Toni Hartl Blaufränkisch Leithaberg 2015

Smakt frå Riedel Vinum Bordeaux. Mørk kirsebærraud med litt bruning og mørk rosa kant. Frisk rein lukt. Sursøt bærfrukt og antydning til treverk og stilk utan at det vert grønt. Noko utvikling i frukta og eit snev av animalske tonar. Sursøt fruktig smak, pen syre og passe støttande tannin. Rein og godt laga vin. Smak av syrlege bjørnebær og i ettersmaken kjem det steinstøv. Blaufränkisch er ein tøff og fargesterk vin for dei som tykkjer cabernet og Bordeaux blir litt for vestkant-Høgre. Dette må vere noko av det beste for 199 kr på polet.

Pamhagen

Over på austsida av sjøen i byen Pamhagen, 4,5 steinkast frå grensa til Ungarn, ligg storgarden Meinklang. Nokre av vinmarkene ligg endåtil over grensa i grannelandet. Steinerskule-læra om eit heilheitleg (jordbruks)liv vert praktisert her. Det er blandingsjordbruk med korn, frukt, mais, storfe, griser, sau, høns, og 70 ha vinmark.

Meinklang Abend 2016

Mørk, tett og noko grumsete vin. Lillaraud med brunskjær. Frisk og raudfruktig på dag ein. Det er i ein slik usvovla naturvinsstil, men ikkje heilt der oppe blant dei som får det best til. I munnen er vinen litt prikkete, så det verkar litt reduktivt. På dag to har det hendt mykje på både lukt og smak. Plommer og noko likør-aktig søt mørk frukt som faktisk er ganske attraktiv. Frisk syre og noko utvikla tannin. Ein eksperimentell vin som spriker litt. Eg lurer på om mindre svovel gjer at vinen utviklar seg litt anleis etter opning enn ein tradisjonell raudvin. Det er litt som å sjå ein film utan kronologisk tidsakse. Artig å prøve, men er nok litt for dyr til at eg kjem til å prøve fleire. Han er laga på 80% sankt laurent og 20% blaufränkisch. 390 kr.

Oggau

Gut Oggau Josephine Rot 2018

Årets fargebombe! Svart-lilla vin med enorm intensitet i farge. Ser ut som han nett er komen or gjæringskaret. Reduktiv på dag ein med betong og brett på nasen og prikkande tekstur i munnen. Dag to: frisk og noko stilkete lukt. Syrlige solbær, og noko dirty under. Litt animalske lukter òg. I munnen er vinen tørr og frisk, med mjuk struktur og god syre. Fersk vin med ei kjensle av betong, smak av syrlege mørke bær. Energisk og morosam vin, men dette er for spesielt interesserte med tjukk lommebok. Min fyrste Gut Oggau, kultprodusentane sin eigen kultprodusent. 540 kr er litt i meste laget for meg. Eg er nok for streit og for fattig.

Breitenbrunn

Lichtenberger González er nok ikkje den mest vanlege namnekombinasjonen i regionen. Men så er det lite som er vanlig rundt denne særeigne innsjøen. Martin Lichtenberger og Adriana González har laga vin saman sidan 2009. Dei har lært eitt og anna hjå høvesvis Weingut Heinrich og Birgit Braunstein, før dei tok over garden til pappa/svigerfar. 8,5 ha vinmarker har dei, og skal ein på død og liv klistre på eit merkje, så vert det nok naturvin.

Lichtenberger González Muschelkalk Weiss 2018

Vinen har ei salt, kalkaktig lukt med noko reduktivt preg. Det er litt naturvin over dette. “Spiss” sitrus, eple og pære. Mjuk frukt med smak av sitrus og lett umogne eple, med etterfølgjande mineralsk snert. Moderat syre, men vinen hentar seg inn mot slutten av smakskurven. Noko rustikk munnkjensle. Kanskje meir moro enn godt. 215 kr for å bli med på denne karusellen. Vinen er laga på 70% grüner veltliner, 15% welschriesling og 15% weissburgunder.

Lichtenberger Gonzáles Blaufränkisch Olé! 2018

Mørk lillaraud, tett, men ikkje så fargeintensiv som Josephine frå Gut Oggau. Ganske pen og rein lukt. Mørke bær på den syrlege sida, men òg ein fin tone av fruktsødme. Her er litt vestlandsk kratt i form av krekling og einebær. Fruktig vin med god syre. Kjensle av krekling. Smak av mørke bær, mellom anna, ja krekling. Mjuk frukt, snev av varme og eit klima som leverer mogne druer. Ein liten prikking på tunga. God blaufränkisch til prisen på 196,70. Desse to vinane vart sendt til meg av importør.

Rust

Rust, som ligg på vestsida av sjøen har ein eigen DAC for Ruster Ausbruch, som i vinifikasjonen minner om Tokaji Aszu. Nokre få av byen sine 412 ha vinmarker er då også planta med furmint. Det var meir før i tida. Heidi Schröck er ein av produsentane som held fram tradisjonen med den søte vinen frå botrytiserte druer. Welschriesling, chardonnay, weissburgunder, muscat og furmint er vanleg å bruke. Produsentane lagar gjerne litt enklare søte vinar med prädikata auslese eller beerenauslese òg.

Heidi Schröck Beerenauslese 2018

Djup strågul vin. Ah! Det angar av søt, tørka tropisk frukt. Litt botrytis og gule eple. Pen frisk “lift” i lukta. Viskøs, feit og deilig dessertvin. På dag tre har vinen blitt friskare og meir harmonisk. Smak av mango, aprikos og ananas. Glatt, søt og passe frisk. Det hadde ikkje skada med eitt knepp høgre syre. Uansett ein bra vin.

Laga på 50% welschriesling og 50% weissburgunder, som er gjæra og mogna på store fat. Resultatet er ein vin med 100 g/l restsukker, 9 g/l syre og 11% alkohol. Vinen kjem på 37,5 cl-flaske med skrukork, og kostar 300,-

Grosshöflein

Ein sindig sunnfjording kan berre konsumere ei viss mengde funk, så eg lurte på korleis ein chardonnay frå området kring denne ursuppa ville arte seg. Veldig bra, viste det seg! Eg har alt skrive om vinen i denne teksten om korona og ost. Familien Kollwentz har hatt sete i Grosshöflein i det sørlege Leithaberg sidan 1775. Sidan 2004 har Andi Kollwentz vore i leiinga for vinproduksjonen. Far Anton er ei lokal legende, med 50 årgangar i beltet og høg status. Han var tidleg ute med å eksperimentere med internasjonale sortar som cabernet sauvignon, sauvignon blanc, chardonnay og pinot noir.

Familien Kollwentz lagar vin frå 25 ha vinmarker som dei sjølve eig. Som for å distansere seg frå flygande tepper og einhjørning-gjengen, skriv dei eksplisitt at dei ikkje lagar oransje-vin eller nyttar amfora.. Det er chardonnay som er stjerna her, medan blaufränkisch og zweigelt har teke over raudvinshegemoniet. Noko cabernet vert framleis brukt.

Kollwentz Leithakalk Chardonnay 2018

Smakt frå Zalto Burgundy og Riedel Vinum Montrachet. Strågul og klar. Relativt kjølig fruktprofil. Ingen søte eple eller tropisk frukt. Derimot er her sylta sitron, vanilje, steinfrukt og noko krydder à la Chassagne. Ikkje verst! Lekker, balansert munnkjensle, ok syre og bra fylde. Gule eple, saltaktig mineralsnert og litt krydder. Diskret eik, som i liten grad gjev smak, men heller gjev vinen meir struktur. Dette er bra saker. Eg er begeistra.

Vinen held 13,5% alkohol og du får att tre kroner om du legg tre hundringsar på bordet. Vinmarkene Tatschler, Gloria, Neusatz og Katterstein har vore nemd i skriftlege kjelder så langt tilbake som 1569 og 1570. Det er brun jord over lag med ulike typar kalkrik jord.

Schützen

Syskena Silvia og Georg Prieler har ansvar for høvesvis vinmarker og vinmaking på denne adressa. Vi er i Leithaberg, og huset er kjend for pinot blanc og blaufränkisch. Dei raude her er noko avrunda i fat, heller enn fantasifull funk-fermentering. Den enklaste får mogne i store brukte fat, medan Leithaberg DAC og enkeltvinmarksvinane ligg på 500-liters fat i 20-26 månader.

Prieler Johanneshöhe Blaufränkisch 2017

Så vidt transparent. Rubinraud med litt utvikling mot murstein. Pen og rein lukt av mørke bær som krekling og bjørnebær. Det luktar strukturert og beherska, med ei aning søt frukt og snev av utvikling. Fruktig vin med fin saltmineralsk kjensle. Passe støttande struktur og fin syre. Frukta av noko avrunda. Drikk godt no. Ein god blaufränkisch, men manglar kanskje noko for at eg skal gidde å kjøpe fleire flasker. 240 kr.

Konklusjon?

Ein spagat kan vere både imponerande og smertefull. Rundt Neusidler See er dei ikkje redd for å lage vin som spriker i alle himmelretningar. Vinverda har heilt klart plass til meir mangfald. Men for ein stakkars vinkonsument kan eit forsøk på å navigere rundt på innsjøen, fort ende i grunnstøting. Eg er nok ikkje av dei mest eksperimentelle, eg likar meg inne på grunna. Mine favorittar var Toni Hartl av dei raude og Kollwentz for dei kvite. Men som salige Frank Zappa sa; sinnet er nett som ein fallskjerm, han må vere open for å vere til hjelp.

Leave a Reply