(Sittin’ on) The DOC of the Bay

Druedyrkarar har to erkefiendar: vinlusa og eigedomsmeklaren. Portugal sin minste DOC – Colares – gjekk klar den første, men er hardt råka av den andre. Medan bladlusa raserte det meste av europeisk vinproduksjon seint på 1800-talet, så unngjekk Colares sine sandrike parsellar med druer å bli angripe. Med eitt vart etterspurnaden større enn kva som kunne leverast  og området hadde ein gullalder utover 1900-talet.

Å dyrka her er ikkje det enklaste – Atlanterhavet slår rett inn med vind og fukt. Og vind… Druestokkane må gravast ned gjennom eit par meter sand før dei slår rot i leira under. I tillegg har hovuddrua Ramisco så tjukt og tanninrik skal at vinen knapt er drikkandes før det er gått minst ti år. I eit område som er svært lite tilrettelagt for vinproduksjon, men med nydelege sandstrender, er det ikkje rart at det freista å selje eigedom til feriebustader for ein strandsvolten Lisboa-middelklasse.   

Likevel er det nokre stabeiser som heldt ut – og til og med nye generasjonar som prøvar seg. Men det kostar å få DOC-status. Druene må vera upoda og veksa på sand – og vinen må i nemnd for smaking før han vert godkjent. Produsentane har litt enklare kår om dei vil ha den portugisiske VR-godkjenninga (som tilsvarar vin de pays i Frankrike og er ei slags region-godkjenning). For Colares er det lausare reglar om både planting og drueslag, og gjev dei eit ekstra bein å stå på.

Viuva Gomes

Lyttar ein til produsentane med norsk importør er det i dag ein slags betinga optimisme i Colares – hjå Viuva Gomes planlegg 5. generasjon Diogo å flytta attende – eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa far med rekneskap og sånn, men  så fann han ut at han likte å laga vin. No er han i fasen der han delvis er i kompaniskap, delvis i opposisjon til pappa. 

For Ramisco er fatbruken meir for mikro-oksidasjon enn smak – dei restaurerer heller gamle fat enn å kjøpa nye, medan Malvasia «må» ha litt fat-avtrykk. For tida eksperimenterer dei med fottråkking og har investert i ståltankar. På den eine sida håpar dei verda er klar for yngre Ramisco, og vil sleppa 2011 og 2012 framover, på den andre sida slepp dei 100 flasker av 1934 årleg for å halda merksemda oppe og allokeringa rettferdig.    

Smakt hjå Viuva Gomes i oktober 2019:


Patrão Diogo Branco 2018
Arinto, Seara Nova og Fernando Piras. Blomstereng og våt stein. Mjukt anslag, melon og pære i midtparti, grei lengde med syrleg eple og litt salt munnkjensle. Enkel, rein og leskande vin.   

Viúva Gomes Branco 2017
100% Malvasia de Colares. Medisinsk  jod-aktig frå nyopna flaske. Lufter fort av seg – dufter sjø og kamferkiste med gule eple bakom. Fyldig munnkjensle, litt tørka krydder, gule eple, nøtter, eksotisk treverk. Fyldig avslutning med fin syre. Annleis og småsær  vin.

Patrão Diogo Tinto 2017
Castelão og Aragones. Kun ståltank. Heftig bærduft – jordbær, kirsebær og bringebærtonar. Litt svart pepar. Leskande anslag, lett munnkjensle, midtparti med raude bær som glir over i ei frisk avslutning. Rein og skummelt lettdrikkeleg. 

Viúva Gomes Colares Tinto 2011
100% Ramisco. Nesten Rhone-syrah frå nyopna flaske. Tyttebær, lyng og bjørnebær som med litt tid i glaset glir over i morell. Touch av treverk. Litt innestengt og ung. Fin lengde. Lagr!  

Adegas Beira-Mar Antonio Bernardino Paulo da Silva

Der Viuva Gomes har organisert besøka sine profesjonelt, ser Adegas Beira Mar – på ein ekstremt sjarmerande måte ut til å aldri ha tenkt tanken på at nokon skulle ville vitja dei. På spaserande veg i retning vineriet blir eg praia av det som syner seg å vera all-things-ansvarleg Pedro Rocha som berre skal inn til byen og henta nokre apotekvarer og er veldig lei seg om eg må vente. Sjølv blir eg distrahert nok av den dramatiske kystlinja, og ikkje minst underhaldt når Pedro har gløymd nøklane og ikkje får oss inn. Med litt klatring er vi på plass – her er Malvasia og Ramisco stabla i kvar krok, sjølv om innhaustinga er ferdig er det ein hektisk periode med utsending av tidlegare årgangar. Til liks med Gomes er Rocha forsiktig optimist – dei har fått overta sandhaldige felt og kan planta litt Ramisco framover. Her havnar druene på betong, i mahognifat og på stål alt ettersom. 

Etter kvart tusler sjølvaste Paulo da Silva – borneborn av António Bernardino – ut frå kontoret sitt for å sjå kva som foregår. Akkurat i tide til å vera med på smakinga. Alderen har dempa evna til å delta i den fysiske delen av drifta, men han er framleis navet i det vesle firmaet. Ute i marka vert det tydeleg kor strabasiøst det er å laga toppvinen – både for folk og druestokk. Små parsell-flekkar godkjent for Ramisco løynd bak steingardar. Dei eldste plantane kryp langs bakken for å verne seg mot vinden – nyare plantingar har fått høgare vern og kan få strekkja seg. 

Smakt hjå Beira-Mar i oktober 2019:

Colares Chitas Tinto 1992
100% Ramisco. Skogbotn, støvete pepar, traktkantarell og tjøre. Med litt tid i glaset overtar kirsebær og skinnjakke. Frisk, mykje syrleg kirsebær og eit urtebittert sting. Solid lengde – kjennes stadig ung.

Frå same produsent – kjøpt på restaurant i Praia das Maçãs:

Casal da Azenha Branco 2017

Fernão Pires, Seara Nova og Arinto. Morosam miks av blomstereng og ananas. Tropisk nektar med anstendig lengde. Enkel og lettdrikkeleg vin.

Appendiks:
Det er ein ny spelar i byen. Casal sta Maria har etablert seg med kapital frå Sveits og store ambisjonar. 

Bruma Vinho Branco 2017 kjøpt på supermarknad. Arinto og Chardonnay. Lime, pære og nyslått gras. Friskt anslag, grøne eple og grøne urter. Anstendig lengde.  

Meir Colares-vin på Nattverden her…


https://www.adegaviuvagomes.com/


Ein tanke på “(Sittin’ on) The DOC of the Bay

Leave a Reply