GjerDetSjølv: Bringebæreddik

Bringebærene modnar medan du ser på dei for tida – om du ikkje klarar å eta dei opp etterkvart, så kan du laga din eigen bringebæreddik med denne enkle oppskrifta:

Du treng:

Eksosfrie bringebær
Kvitvinseddik
Glas med tett lokk (Treng ikkje steriliserast. Dersom mikrober overlever dette, fortener dei å ta over verda).

9432711_orig

Ha bringebær på eit reint glas.
Dekk bæra med eddik.
Plasser i ein vinduskarm i 4 veker.
Rist på glaset når du går forbi.
Sil av og bruk i vinaigrette og ellers der du ville skvist sitron eller lime over.

4195636

0 tankar på “GjerDetSjølv: Bringebæreddik

  1. Dette skal jeg prøve! Er det melkesyrebakterier i eddiken som jobber med bringebærene iløpet av de 4 ukene?

Leave a Reply