Fugl føniks #1: madeira

Sidan det er jul, og det har vore nokre fridagar for oss som held (h)jula i gang, og ikkje har rom for inneklemde romjulsdagar. Då finst det rom for å opne flasker som kan nytast på langs. Langsam vin frå ei svunnen tid. For eksempel frå ferieøya Madeira.

Atlanterhavsvin

Sterkvinen som har teke namn frå den vulkanske øya i Atlanterhavet, 796 km vest for Marokko, er ein paradoksal vin. Vinindustrien på øya bukka nesten under for oïduim og phylloxera, før fattigdom nesten utrydda vitis vinifera-plantane. Men når vinen endeleg er komen på flaske er han nesten udødeleg. Den eldste madeira eg har smakt var 225 år, vital og nesten lytefri. Produksjonsmetoden med langsam oksidering, karamellisering og konsentrering gjer også til at vinen held seg like god i månadsvis etter at korken er ute av flaska.

Turistpress

Madeira har ein stor turistnæring, og ei vinnæring under press. Det kjem årleg over ein million turistar til øya, og nye hotell sprett stadig opp. I 2010 var det samtidig berre 493,7 hektar med ulike vitis vinifera-sortar på heile Madeira. Av dette utgjer dei sokalla “edle” sortane; sercial, verdelho, terrantez, bastardo, boal og malvasia berre rundt 25%, medan tinta negra (277 ha) og complexa (37,8 ha) har mesteparten av vinmarksarealet. Verdelho, som før phylloxera stod for 2/3 av vinmarksarealet, dekkjer no berre ca 46 hektar, og er framleis størst av dei kvite sortane.

Tal og sal

Talet på produsentar kan du telje på to hender, og det gjeld også dei som har mista eit par fingrar. Dei åtte produsentane sel årleg om lag 3,3 millionar liter madeira. Av dette er utgjer bulkvin til madeirasaus om lag 859000 liter, og over 2 millionar liter er ulike variantar av “3 years old” som er den enklaste og yngste lovlege kategorien madeira. Noreg tek seg av ein liten og jamnt minkande del av markaden. Frå 13-16 000 liter mellom 2000 og 2015, er det årlege salet her til lands nede i om lag 11 500 liter.

40 år

Ok, det var tørre tal. La oss heller sjå på søt vin. Då eg var på Madeira i 2016, var eg innom Madeira Wine Company sin lodge i Funchal og smakte litt forskjellig. Den nokså nyleg tappa Blandy’s Verdelho 1979 stakk seg ut, og sidan han er frå mitt fødselsår, vart det med nokre flasker heim. Denne vinen er også tilgjengelig for heile det norske madeira-publikumet gjennom bestillingsutvalet. 40 år er ingen alder for madeira, men ein halvfeit konditor lever ikkje evig. Det freista difor å prøve ein jamnaldring.

Endring

Madeira var på 70- og 80-talet nær botnen. Mesteparten av vinen vart seld i bulk. Mange vinbønder konverterte vinmarker til banan-dyrking, då det gav meir forutseieleg og betre inntekt. Produsentane hadde ikkje investert i nytt utstyr på mange år og prisane for kvalitets-madeira gav lite incitament for å forsøke innovasjon og kvalitetsheving. Etter nellik-revolusjonen i 1974 kom det endringar i alle deler av samfunnet, og tilsynsmyndigheitene for vin på Madeira vart også endra. I 1979 vart IVM, seinare IVBAM oppretta, og dette organet har kontroll med alt som har med vinproduksjon, bortsett frå sjølve vinmarkene.

Blandy’s

Blandy’s er eit av merkanamna til Madeira Wine Company, som er ei samanslåing av mange madeira-shippers. Dei sel i dag vin også under merkenamna Miles, Leacock og Cossart-Gordon. I 1989 vart Symington frå Douro invitert inn på eigarsida, men har no berre ein liten aksjepost. No er det Chris Blandy, 7. generasjon i Blandy-familien som har teke over som CEO. Madeira Wine Company har ein produksjon på knappe 1 million liter, og er nest størst etter Justino’s, som ligg på om lag 1,6 millionar liter. I 2014 stod nytt produksjonsanlegg klart i Canical, heilt aust på øya. Her har dei lagringskapasitet på tank på 2,2 millionar liter og nye estufa-tankar som Niklas Jörgensen seier har merkbart betra kvaliteten på dei enklaste vinane.

Canteiro-en ligg i huset sin gamle lodge midt i sentrum av Funchal. Her kviler årgangs-madeira på gamle amerikanske eikefat. Lokala hyser også eit museum og butikk der mykje gamal madeira er å få kjøpt.

Blandy’s 10 years Verdelho

Djup ravfarga vin. Innbydande lukt med karamell, appelsin og mjølkesjokolade. Halvsøt vin med ein del gamle fat og ei fin sitrussyre. Smakt hjå Blandy’s 05.07.16. Finst på polet i ein 4-pack med 20cl-flasker med dei fire klassiske druene.

Blandy’s Verdelho 1979

Lysebrun i glaset og med litt grønskjær. Elegant og fin, men samtidig intens lukt. Her er gamle tremøblar, drivved, tjøre og salte mandlar. I munnen har vinen ein enorm konsentrasjon med syrer både i front og i etterkant. Gode smakar av appelsinmarmelade, knekk, nøtter, sitrongras og gamle fat. Rik, men syrleg. Noko volatile syrer i ettersmaken. Smakt hjå Blandy’s 05.07.16. Kosta der €160 i 2016.

Blandy’s Verdelho 1979

Jamn lysebrun farge med gul kant. Intens lukt med litt alkoholstikk. Dadlar, krydderkake, appelsin, gamalt treverk og karamell. Kompleks med ikkje så elegant. I munnen er det ein halvsøt og litt svær vin, men med rikeleg syre. Fine smakar av tørka frukt, appelsinskal og noko treverk. Meir eleganse og flair i munn enn på nasen. Kompleks og god syrleg ettersmak. Smakt heime frå Riedel Vinum Riesling 28.12.19. Flaska vart opna 23.12.19. Kostar 1899 kr på polet, noko som er ein grei pris. Eg ser at eg er mindre entusiastisk no enn då eg smakte vinen på Madeira. Kanskje treng vinen nokre år på flaske for å få fram meir eleganse. Basert på smaking av gamle madeira for nokre år sidan så skulle vel 50 år gjere susen. 2069 here we come!

Ein tanke på “Fugl føniks #1: madeira

Leave a Reply