Hei 2023-Jan Tore. Når du les dette lever du antakeleg godt på Blackberry-investeringane dine, og er fulltids opptatt med å vera påverkar på Google Plus. Vil berre minna deg på at det er på tide å henta fram vinen du gøymde (og antakeleg gløymde) innerst i kjellaren i 2018.
Christoph Hoch Kalkspitz 2017
I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet?
-Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I have to go my own way to accomplish this with as few compromises as possible. I don’t want to make wines that are simply ‘good’. I want my wines to arouse real enthusiasm – or clear rejection. I want to inspire emotions! With the methods of the past and the knowledge of today I should be able to realise this!
Eg likte vinen veldig godt som ferskvare – full omtale her – Cristoph insisterer på at dette er ein pet-nat som vert betre med lagring. Eg har lett skeptisk tatt han på ordet, gøymd unna ei flaske, og lovar ny artikkel om 5 år… Kalkspitz er tilgjengeleg i nettbutikken og fordelt rundt omkring på 20 Vinmonopol på vestlandet.