Vive la Revolution!

Innan idretten er det ei stor grad av spesialisering og jag etter rekordar, særskild i individuelle greiner i friidrett og symjing. Det er enormt mange som driv med 100m, 200m, 1500m eller marathon, og å kunne nærme seg dei beste eller å slå verdsrekorden er eit stort mål. Vinverda har òg aktørar som uavhengig av kvarandre, og av og til ufrivillig bidreg til einsretting eller jag etter rekordar.

I bås

“Beste kommunevin frå Morey-Saint-Denis”, “Høgste poengsum for pinot noir utanfor Burgund”, “Dyraste riesling seld på auksjon”, “Produsenten med flest 100-poengs-vinar”, “Sauvignon blanc frå New Zealand med flest medaljar i konkurranse”. Og slik kan vi halde på. Eller om vi ser det frå konsumentane sin synsvinkel: “Dette er best beste kjøpet på polet under 200 kr“, “Disse vinene MÅ du skaffe deg før de blir utsolgt”, “Den råeste Rioja på det norske markedet”, eller “Du vil ikke tro hva slags vin Ola Nordmann drikker til juleribba”.

Konkurranse

Om ein driv med pinot noir-vin i Chambolle-Musigny eller Santa Barbara, så er det vanskeleg å ikkje forsøke å måle seg mot andre. Alt vinmakaren gjer vil bli samanlikna med andre vinprodusentar innan same vinmark, same kommune, same druesort, same priskategori. Og det er noko av det som gjer livet spanande for vindrikkarar: at det finst mange som gjer det same og som skaper konkurranse og kiving innan kjende område.

Men vinverda er heldigvis så stor at det finst område som er mindre einsretta, eller mindre kjende for andre enn dei som bur og lagar vin der. Då er det mogleg å gjere noko heilt anna. Og det er akkurat det verda har bruk for: nokon som tør å gå heilt ut i det galne og ukjende. Som du sikkert har smakt, så vert det ikkje alltid innertiar, men om ingen prøver så står verda i ro. Hugs på at ein gong i tida var det nokon galningar som planta pinot noir i Santa Barbara.

Det er naturlegvis ikkje så lett å vere avantgarde. Majoriteten av verdas vindrikkarar er tryggleikssøkjande. Det er eg òg. Og dei aller fleste som lagar vin er avhengig av å få seld vinen. Men når du held til i eit område som ikkje eksportmarknaden i Noreg, Chile eller Belgia kjenner i det heile, då har du òg ein unik sjanse til å gjere noko eit godt stykke utanfor normalen.

Free your mind
And the rest will follow
Be colour-blind
Don’t be so shallow

Dersom du vanlegvis berre drikk streite greier frå Chablis og Médoc, men har hange med heilt hit, så bli med litt til. La oss kikke litt på vin frå område utanfor det kjende vinkartet. Blinde flekkar kan av og til vere midt i synsranda vår. Og kanskje får du augene opp for ein heilt ny vinstil?

Navarra

Vinstilen clarete har klart å halde seg i mi blindsone i 43 år. Men så fekk eg smake ein herleg sommarvin frå nordaust-Spania. Dette er altså ikkje nytt, men noko litt gamaldags som sakte men sikkert har svunne hen til lokale kneiper i nærleiken av der vinen vert laga. Garanza y Azul Naturaleza Salvaje Clarete 2021 er laga på både blå og grøne druer. Garnacha og garnacha blanca vert hausta og gjæra i lag, med 12 dagar maserasjon. Vidare mogning i amfora i seks månader. Kva er då dette for ein vin? Jo, servert ved ca 12-14 grader er det verdas gøyaste sommarvin. Gløym vasstrukken industri-rosé frå Provence, sørlege Italia eller Languedoc. Rein og open frukt, sommarsøte villbringebær dominerer. Ja og så er det eit hint av funk. Lett prikking på tunga, fruktig og mjuk vin med nok tannin til å halde på merksemda. Glir lett ned, sjølv i dårleg ver! Chapeau!

Ribera del Duero

Frå same land, og med endå meir sjølvtillit kjem ein noko meir fatprega clarete frå Ribera del Duero. Vi snakkar gamle stokkar tinto fino (variant av tempranillo) pluss noko albillo, garnacha og bobal med fottrakking og to dagar maserasjon for å få ut litt farge. Vidare langsam gjæring i betongtank før 16 månader i eik. Vinbonde og vinmakar Jorge Monzon har vore i Beaujolais, Bordeaux og hjå DRC i Burgund for å sjå kva dei gjer rett og feil. Domino del Águila Pícaro Clarete 2019 er oransjerosa og lett parfymert vin med tinto fino-typiske aroma av søte bær. Frisk, seriøs clarete med god syre og gode bærsmakar.

Burgenland

Ein kjøligare stil er det over den artige Puzta Libre 2021 frå Claus Preisinger som held til på nordsida av Neusidlersee i Burgenland, Austerrike. Druemiksen er 50/50 st. laurent og zweigelt som er klokka inn på lette 12% alkohol. Vinen er lett, frisk og mjuk og bør nytast litt avkjølt. Aroma og smak av sursøte bær, betong og funk. Kanskje litt for dyr til å vere leskande alternativ til øl på ein varm sommardag, men allikevel ein vin det er verd å prøve.

Weinviertel

Johannes Zillinger driv vingarden med 22 hektar vinmarker i Velm-Götzendorf, ikkje langt frå grensa til Slovakia. Landbruket er etter biodynamisk Demeter-sertifisering, og i kjellaren er minimum intervensjon. Det vil seie ingen tilsett gjær, ingen klaring eller filtrering, og svært lite eller ingen svovling ved tapping på flasker. Ein del vinmarker er nordvende og utsette for vind, noko som er med på å gje vinen eit kjølig preg. Johannes har følt seg fram med vinmarker og gjæringskar, og endra på porteføljen etter kvart. Revolution Pink Solera er ein rosévin på roesler, syrah og st.-laurent med berre 11,5% alkohol.

Fargen er mørk rosé, om lag som bringebærsaft, korrekt utblanda. Lukta har moderat intensitet, og gjer frå seg molekyl som minner om syrlege bringebær og steinstøv. Her er òg noko volatile syrer. I munnen er dette ein herleg smal og frisk rosé med saliverande syre. Sær, men lett å like. Syrlege raude bær dominerer, pluss noko meir utvikla raude smakar. Er det hint av flor? Syrleg finish. Gøy vin, kanskje litt for dyr for kvaliteten.

Jerez

Talet på personar i Noreg som dagleg tenkjer på sherry, kan du sikkert telje på ei ganske amputert hand. Det skal ikkje så mykje til for å gjere noko som vert oppfatta som nytt, i dette søvnige sterkvinslandet. Til og med gamle greier kan kome tilbake. Og det er verkeleg behov for folk som tør å gå sin eigen veg og som tørkar støv av gode men gløymde tradisjonar. Luis Pérez sin La Escribana 2020 er diverre utseld, men ny årgang kjem kanskje til neste år.

Druene er palomino frå Cerro de Obispo i Macharnudo, 100 meter over havet. Noko av druene er hausta tidleg for syre, medan resten er hausta med full mogning. Druene får liggje ute asoleo i 5 til 6 timar før gjæring på ståltank. Vinen ligg så i 12 månader på sherryfat, med ein liten snerk av flor over seg. Rik og fyldig lukt mot bakt sitron og tørka tropisk frukt. Hint av flor. Tørr, fyldig og konsentrert vin utan mykje frukt. Men her er eit grep og vinen er svært interessant. Smakar av sitron, mandel, mergel og noko cheesy frå flor. Sydlandsk alternativ til Meursault.

Provence

Flor på toppen av vin som ligg i fat eller tank er noko dei fleste prøver å unngå. Men flor kan òg bidra til kompleksitet. På nyheitssmakinga til polet i oktober smakte eg fleire vinar frå område som ikkje tidlegare har vore kjend for flor. Dette er tydeleg ein liten trend. I sommar smakte eg ein rosévin med flor, og det var stilig. Clos Cibonne utanfor Toulon på den franske riviera har drive med dette i lang tid. Ein litt mørk rosé på sorten tibouren får så liggje i 18 månader i 5000-litersfat med flor. Resultatet vert ein konsentrert koparfarga vin med mineral- og florkarakter à la Jura pluss smakar av bringebær og klementin, pakka inn i ei rik og glatt munnkjensle. Produsenten lagar ulike vinar men den aktuelle vinen heiter Clos Cibonne Tradition Côtes de Provence Cru Classé Tibouren Rosé 2019.

Free your mind
And the rest will follow
Be colour-blind
Don’t be so shallow

Côtes du Rhône

Om vi flyttar oss nordover i Frankrike, til Rhône-dalen, er det mange tillatne druesortar og ofte med grenache som hovuddrue. Klima og tradisjon skaper raudvin med mykje farge og grenache bidreg med ein del krydder. Finst det verkeleg nokon som ønskjer å bevege seg utanfor denne suksess-oppskrifta? Ja! I Gigondas held Louis Barroul på Saint Cosme den tradisjonelle fana høgt. Men samtidig har han òg behov for å bevege seg utanfor komfortsona. Little James Basket Press er ein progressiv vin på fleire måtar, men utan å gå i dei dumme fellene. Her får du ein rimeleg og god vin, utan årgang på etiketten og med skrukork.

Kva er det i flaska? 60% er grenache frå ein solera som byrja med årgang 1999. 40% er pinot noir frå siste årgang. Druene er innkjøpte frå Rhône og Languedoc, og dette held prisen nede. Korleis blir dette til saman? Ganske mørk lilla, men transparent vin. God intensitet i lukta. Rips og bringebærdrops er fyrst ute, før noko mørkare bær melder seg på. Litt krydder er her òg. Ein ung og fruktig vin, passe fast til å halde oppe smakane av søte og syrlege mørke bær. Her er litt raud eleganse frå pinot noir. Det er både mogleg å kjenne at vi er i Rhône, men samtidig er det noko nytt. Kult.

Balatonboglár

Druesorten zweigelt er blitt den største raudvinsdrua i Austerrike, og med stor utbreiing er det ein sjanse for at nokon etter kvart gjer noko nytt med sorten. På sørsida av Balaton-sjøen i den austlege delen av det gamle dobbeltmonarkiet veks det òg zweigelt. Tyskaren Florian Zaruba kjøpte eigedommen Kristianus på 180 hektar, og driv vinmarker på 60 av dei. Frå 2022 med biodynamisk sertifisering. Ein av mange utradisjonelle vinar frå tappelinja hans er Kristinus Siller 2021, ein clarete-stil lys raudvin på zweigelt med 24-30 timar maserasjon. Med fasiten i glaset er dette ein lifleg og lett sommarvin som kryssar av i rutene søte bringebær og kirsebærgodteri. Frisk og mjuk vin som har akkurat nok tannin til at det skaper balanse og interesse.

Alcobaca

Rodrigo Martins er ein konsulent med 5 hektar eigne vinmarker som han pleier saman med kona Ana Leal. Vinmarkene er i Alcobaca, eit underområde i Lisboa, rett innanfor kystbyen Óbidos. Dei kallar seg Espera, som kan omsetjast med vent. Her er det berekraftig tankesett, og økologisk dyrka druer går i tankane. Ingen ting vert tilsett, bortsett frå ein liten dæsj svovelsulfitt. Rodrigo er godt innanfor naturvinskulturen, og vinen Nat’Cool Tinto 2020 smakar òg slik. Han er lys som ein burgunder og transparent.

Ein morosam lett raudvin på druesorten castelão med lukt av friske bringebær og funk. Her er det nok litt brettanomyces og volatile syrer, men det blir delvis borte med lufting. Inn kjem då litt jordbær. Leskande lett og lys vin med fin syre som nok passar betre om sommaren. 335 kroner for litersflaske er då greit. Lettvektsflaske på 397 g.

Ein tanke på “Vive la Revolution!

Leave a Reply