Det bles ein svak vind frå sør. Våren og påska har vore mild, regntung og grå her vest. Snøen legg seg berre på toppen av dei høgste fjella, og skisesongen er i praksis snart over. Det er vel berre å byrje å planlegge pinot-sesongen, for dei som likar å smørje med lyseraudt.

Eg har akkurat smakt eit par som gav god glid i klassisksporet, begge frå Sør-Afrika. Den beste skal få sine minutt i rampelyset, men eg må nemne at heile området er verd å kike litt nærare på. Det er tre naboområde som vart etablert som eigne wards i 2006 og 2009, og dei ligg under samledistriktet Cape South Coast. Hemel-en-Aarde Valley, Upper Hemel-en-Aarde, og Hemel-en-Aarde Ridge strekk seg nordvestover frå byen Hermanus, 120 km aust for Cape Town.
I denne vakre dalen, ca 200 meter over havet, under fjellmassivet Babilonstoringberge, er klima og jordsmonn godt egna for pinot noir og chardonnay. Hannes og Nathalia Storm har vinmarker i alle tre områda, og lagar pinot noir frå høvesvis Vrede, Ignis og Ridge. Det vert òg chardonnay og litt sauvignon blanc. Vinmarkene vart planta i 2008 og 2009, og fyrste årgang var 2012.

Storm Wines Pinot Noir Vrede 2023
Medium burgunderraud farge, og lys kant i glaset. Detaljert, rein og lett søtleg raudbærsfrukt på lukt. Litt knytt på dag ein, men neste dag er vinen noko opnare. Det er likevel så mykje innlukka energi her, at denne vil vinne på nokre års utvikling. Pene og mjuke tanninar og herlig frisk syre som balanserer den litt søte frukta. Aromaene går mot mogne bær i det søte og mørke spekteret. Noko for tydeleg eik rett etter opning, men på dag to er vinen heilstøypt og fin. Lekker pinot noir frå eit område med potensiale.
Pinot noir-druer frå vinmarka Vrede i Hemel-en-Aarde Valley, mogna i 12 månader burgunderfat, der 28% er nye. 13,5 % alkohol. Naturkork. Prisen er 539,90, og står seg om ein samanliknar med tilsvarande prisa pinot noir-vinar frå til dømes Bourgogne eller California. Flaska vart sendt av importør.
