Når eg snøgt blar igjennom biletearkivet på mobiltelefonen ser at det er eit skifte for 12-13 år sidan. Før det, så dukkar det opp mange flasker frå Bourgogne, medan seinare har majoriteten av raudvinsflasker flytta seg til Piemonte. Det har gått frå pinot til nebbiolo.
Alle desse åra med nebbiolo frå Langhe, Barolo, Barbaresco, Gattinara og Valtelinna har gjeve meg mykje glede. Men det er òg tydeleg at nebbiolo er inga enkel drue. Det har vore ein del skuffande flasker frå både enkle adresser og frå presumtivt store namn. Å meistre balansen mellom frukt og tannin, mellom drikkeglede og rigid struktur er det ikkje alle som får til. Og med stigande prisar, vert då skuffelsen tilsvarande høg.
Det er difor ekstra kjekt når alt stemmer, og vinen glir inn på ein våg ein ikkje har våga å tru på. Kanskje er det forventningane som skaper den største kløfta mellom eit namn og ein prislapp på eine sida, og kva som materialiserer seg i sanseapparatet på den andre. Eg har naturlegvis lægre forventningar til ein Langhe nebbiolo enn ein Barolo. Slike vinar er òg i stor grad laga for å fyre av på alle dopaminreseptorar i hjernen allereie ved lansering, medan ein Barolo eller Barbaresco vender seg mot tolmod og eit breiare røynslegrunnlag for raspande tannin og subtil frukt.

Ein annan ting som er endra i mitt vinliv, er måten eg kjøper vin på. For 15 år sidan kjøpte eg for kjellaren og for lagring. Eg hadde stor tru på utvikla vin og at vin var best med alder. No er det sjeldan at eg må inn på Cellartracker for å føre inn nye innkjøp. Det går meir inn i skåpet som skal ut att innan eit år er gått. Det er så mykje å oppdage, livet er for kort til å vente på langtidsprosjekt.
Men altså, denne Langhe-n til Anselma har blitt lagt i handlekorga igjen og igjen i 2024, 2025 og i 2026. Og det er vel eit av dei verkelege kvalitetsteikna, anten du les Nattverden, handflater eller Ole Martin Skilleås.
Anselma Giacomo Langhe Nebbiolo 2019
Ah! Så er den her igjen. Og den skuffar ikkje denne gongen heller. Akkurat passe intens og balansert, med både frukt og krydder som er rik og mørk. I munnen er det både fløyel og nok syre til at det vert behageleg, men ikkje keisamt. Det er ikkje kompleksiteten til ein Barolo til 6-700 kroner her, men det er ein ibuande kvalitet og heilskap over dette som mange dyrare vinar ikkje alltid er i nærleiken av.

Druene kjem frå MGA Parafada i Serralunga d’Alba i Barolo-sona, truleg ein leigeavtale eller av kjøpte druer. (2019 er visst siste gong at Anselma sin Langhe får druene herfrå). (Einhyrningsvin..?). Eg har smakt Barolo frå Parafada frå både Palladino og Massolino, og dette er vin som er ganske streng og treng tid. Denne Langhe-vinen er open og klar. Flott årgang, då, 2019. 397 kr er diverre kanskje litt for dyrt til å vere kvardagsvin, men om du drikk sjeldnare og betre, er dette flytande lukke heilt utan køståing eller resept.

“Nasen er best”, er ei skildring som eg stundom skriv i notatboka, men her er heilskapen i orden. “Det trengst tre naser for å lukte ein Barolo”, skreiv forfattaren Cesare Pavese. I novella “Nesen” av Nikolaj Gogol, oppdagar ein dag hovudpersonen at nasa hans er borte. Om du har nase for nebbiolo og noveller, så har du her to tilrådingar for ein dag på sofaen.
