Når det kjem fram at eg er noko over snittet interessert i vin, får eg gjerne spørsmålet: Kva er din favorittvin? Det varierer, seier eg og dreg på det, men føler jo at eg må kunne seie noko meir enn det, eg er jo trass alt ein vinfyr, så då byrjar eg om det er opning for det, på ein kort reise tilbake i tid og til ulike stoppestader i mine formative år i vinverda.
Det er likevel ein del vintypar eg stadig vender tilbake til. Nebbiolo/Barolo, kvit Jura, Mosel riesling og champagne er vinar som oftast det går tomt av i vinskåpet. Det er vinar som er brukande til mykje ulik mat, men det er òg vintypar eg kan få lyst på ein hustrig fredagskveld med mykje ver og lite på programmet.
No det siste året har det snike seg inn ein type til, som eg gjerne skulle hatt meir av på lur til ein regnversdag. For det lokale polet sitt utval innan grüner veltliner er ikkje så spanande. Det var nemleg fleire gonger eg tenkte: Har eg ikkje noko god grüner liggjande, av litt ulik slag og frå ulike område? Nei, det hadde eg ikkje. Då var det berre å bestille inn noko som kunne freiste innan rimelegheitens grenser. (Som jo byrjar å bli å bli eit lite område..)

Weinviertel i Niederösterreich er kanskje ikkje det enklaste området å bli klok på, stort og flatt og utan sterke tyngdepunkt. Det viser seg at det var det fyrste i landet til å få sin eigen DAC, delvis på grunn av at mykje moderat dårlig grüner veltliner frå Tsjekkia og Ungarn kom over grensa, og det var behov for å vise kva som var ekte vare.
Den dynamiske duoen Marion Ebner og Manfred Ebenauer har drive ein tradisjonsrik eigedom i Poysdorf sidan 2007. Det er Ebenauer si slekt som dei siste 14 generasjonane her sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine 20 hektar vinmarker oppå deim. Grüner veltliner er hovuddrua, slik som det generelt er i Weinviertel. Poysdorf (9 min i bil til den tsjekkiske grensa) har 800 år med vinhistorie i banken, og då kan det verke rentessvarande å drive økologisk for at det skal verte mogleg å ta ut utbytte òg for framtidige generasjonar.

Marion og Manfred har fått mykje skryt både her og der på internett, og jammen raska dei ikkje med seg ein “Winzer des Jahres 2022” frå Falstaff Magazine.
Ebner-Ebenauer Ried Hermannschachern Grüner Veltliner 2022
Strågul farge. Både strengt og rikt, noko som plar love godt for grüner veltliner. Solid frukt som går mot det lysegule eller kvite, medan det på hi sida av balansen melder seg på grøne greier som blad og urter. Det luktar konsentrert og fint. Fruktig anslag, men det er noko steinete og strengt som strittar i mot (på ein god måte). Middels kompleks, men mykje god. Lett peparaktig ettersmak og litt motstand. Ein flott Weinviertel-grüner som er friskare og slankare enn mange andre. Vinen er verd sin 325 kr, og den gjorde susen for mitt ønskje om noko god GV, men det er klart at det er såpass mykje flott grüner frå Wachau, Kamptal eller Kremstal at det er tøff konkurranse.
Vinmarka ligg sørvend, med noko helling. Jordsmonn med lite humus, og løss over kalkrik leirejord. Schache i namnet kjem av eit gamalt uttrykk som tyder små klynger av skog. Druene får 12 timar skalkontakt, før pressing og spontangjæring i ein 400 år gamal kjellar. Vinen ligg seks månader på ståltank med botnfall. Skrukork.
Interessert i meir stoff om grüner veltliner-vin? Her er ein frå Jan Tore, og her er ein frå meg.
Nattverden Topp 43 er ein ny serie der vi postar om våre gode flasker i året som går. Dette er vinar som ikkje passar inn i ein samanheng med andre vinar og artiklar, men som er for gode til å ikkje seie noko om.
