Kven har ikkje grave seg ned i ein fiks idé eller problemstilling, og etter ei stund funne ut at ting jo ikkje heng saman på den måten ein trudde. Der har du vinverda i nøtteskal, ei Pandoras øskje, eit kaleidoskop, eit stadig fornyande mysterie, eit hopp ned i kaninholet, med leddsetningar forma som nye spørsmål for kvar nye årgang som kjem ut frå tappelinja.
For å ikkje berre nyte akkurat det som er i glaset, men prøve å forstå vinen, ja så må ein jo innhente så mykje så mogleg av informasjon. Av og til ligg forståinga i eit besøk i vinmarka eller regionen, andre gonger kan ein samtale med vinmakaren vere til god hjelp.
Ein i utgangspunktet greie idé eg fekk, var å smake fire vinar frå same vinmark og årgang, denne gongen Niersteiner Pettenthal i 2020-årgangen. Denne VDP Grosse Lage-vinmarka ligg i “Roter Hang” rett nord for Nierstein i Rheinhessen. Totalt areal er ca 40 hektar, men det er brattaste delen (20,65 ha) som er best, og som VDP har klassifisert som GG. Grunnen består av oppsmuldra raud skifer, og den bratte delen har naturleg nok tynt med toppjord i høve til nede på flata. Pettenthal har vore nemd i skrifter heilt attende i 1753, så her har vore ein kvalitet som mange har sett og smakt.
Eg fekk altså tak i fire Pettenthal frå 2020. Korleis smakte det? Er det noko å hente ut av vinen, utover gode drikkeopplevingar?
Her har eg tidlegare i år skrive om riesling GG til under 400 kr.
Fritz Ekkehard Huff Pettenthal Riesling Trocken 2020
Lys strågul hint av grønt. Floral, svært frisk lukt med eplekart og noko djupare og rikare frukt mot fersken og lime. Tørr, tight, slank riesling godt grep og god konsentrasjon. Syrlege eple mot kart, på ein bra måte pluss noko steinfrukt. Flott vin! 12,5 % alkohol. Naturkork. Prisen er 399,80. Flaska vart sendt av importør.
Ein for meg ukjend produsent, som ikkje er med i VDP og heller ikkje nyttar “GG” på etiketten. Men ein positiv overrasking.
Kühling-Gillot Pettenthal Riesling GG 2020
Strågul. Noko utvikla på lukt, men framleis frisk og ei lukt som skaper forventning om mykje syre. Gulfrukt, fersken og sitrondrops. Fersken i starten. Rein og saumlaus vin som allereie har ein del utvikling mot ei framtid med petroleum (badeball). Saknar kanskje litt konsentrasjon. Noko grapefruktaktig bittert i finish. Men her er då likskapar med fyrste vin. Det friske, lette preget i starten av lukt og smak. 12,5 % alkohol. Naturkork. Prisen var 499,-, men er no utseld. Flaska vart sendt av importør.
Gunderloch Pettenthal Riesling GG 2020
Lys strågul. Sitrande syrleg og eplekart-aktig lukt, mykje stein og uorganiske assosiasjonar pluss litt fersken. Noko reduktiv òg. Frisk vin med god konsentrasjon, som ein må forvente i ein GG. Ein ganske smal og filigran GG som enno er ung og litt uforløyst. Mykje potensial, og skrukork betyr eit langt liv. Mykje mineralsk snert i vinen, frukta kjem nok om nokre år. 12 % alkohol. Skrukork. Vinen finst framleis på nokre pol til 445,80 kr.
Alle desse tre viser ein ganske kjølig stil av riesling GG. Wine Atlas of Germany skildrar vinar frå denne vinmarka som: “Rich, minerally, and harmonious Rieslings with substance and finesse, often with notes of exotic fruits.”
Schätzel Pettenthal Riesling GG 2020
Strågul + med noko små ureinheiter som flyt rundt i glaset. Ja, dette var noko heilt anna. Vinen har betydeleg mindre frukt enn dei tre andre. Her er det eit utvikla preg som minner om champagne med lang tid på berme. Det er altså mykje botnfall og autolyse-aroma i denne vinen. Litt fersken og eple, både gule litt oksiderte og friske raude. Men meir er det smør, kvit sjokolade og lemoncurd som dominerer. Fyldig og flott i munnen, men med frisk syre som reinskar opp, trass i at vinen har gått gjennom malolaktisk omdanning. Tydelege smakar av autolyse. Flott grapefrukt-smak som sit i munnen i fleire minutt etterpå. Spesiell vin, truleg med potenisale for lagring, men det er jammen ikkje godt å seie. 11,5 % alkohol. Naturkork. Kjøpt på spesialbestilling til 2199,- kr.
Eigar og vinmakar Kai Schätzel fortalde i ein telefonsamtale at dette var den fyrste riesling GG som var tappa utan noko tilsetjing av svovelsufitt. Vinen er heller ikkje klara eller filtrert. Og sjølvsagt spontangjæra. Går vi bakover i prosessen, er druene fottrakka og har fått fem dagar skalkontakt. Så vert druene pressa og mosten går rett i stückfass for gjæring, utan sedimentering fyrst. Men det begynner jo ute i vinmarka. Og prosessen fram mot denne tappinga starta for om lag ti år sidan.
Kai hadde byrja med økologisk drift, sidan biodynamisk filosofi. Då vert det gjerne til at ein tenkjer over heilskapen i det ein held på med. Så fleire aspekt ved drifta måtte gjerast berekraftig. I vinmakene måtte det meir liv til, så mykje vekstar vart planta mellom radene. “Det ser ut som ein jungel!” ler Kai, “You know I am the crazy guy”. Etter kvart som han lærte vinmarkene å kjenne, og såg korleis druene vart meir motstandsdyktige, vart det eksperimentert med spontangjæring, og gjæring av vinar i fleire år, utan omstikking. Nokre av fata fekk flor, og denne GG-en frå Pettenthal har vore saman med gjæren i eit fat i over to år, og under flor i 14 månader. Kai fortalde at denne vinen var meir stabil enn alle tidlegare vinar han har laga, sjølv dei med sulfitt.
Frå Schätzel sin parsell i Pettenthal. Foto: Kai Schätzel
Det er ein spanande med kontroversiell stil på denne vinen, og Kai var heilt klar på at dette var framtida for han. Det var ingen veg attende til å tenkje svovling av vinen. La oss håpe at verda tykkjer om resultatet. Produksjonen er jo liten, og verda stor.
PS: Om du har noko risikokapital du ikkje blir kvitt, har Kai bruk for litt. Han meinte han hadde utappa eksperimentvin for om lag 5 millionar euro liggande i kjellaren..