4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!

Det er ikkje mange som blir den æra til del, at namnet kjem inn i ordboka som verb. Louis Pasteur er ein av dei, og i dag er det 200 år sidan han vart fødd i Dôle i Jura.

Livsviktig

Men det er ikkje berre pasteurisering som står att etter denne vitenskapsmannen. Han verka innan fleire felt, og hadde den fyrste vaksina mot rabies. Som mikrobiolog var han mellom dei fyrste som forstod prinsippet med immunitet og vaksinasjon, noko som har fått enorme konsekvensar og redda millionar av liv.

Unge Pasteur

Familien til Pasteur flytta til Arbois, der faren kjøpte eit garveri. Unge Louis var ein gjennomsnittleg elev, men hadde auge for detaljar. Etter kvart fekk han utdanning innan matematikk og naturvitenskap frå Besancon, før han held fram med høgare studier i Paris. I 1846 fekk han ei stilling som professor i fysikk ved eit college i Tournon. Men han vart headhunta tilbake til Paris som laboratorieassistent og vidare forsking.

Tett på sjukdom

Han underviste i kjemi ved universitetet i Strasbourg, og det var her han møtte Marie Laurent, og i 1849 vart dei gift. På denne tida forska Pasteur på krystallografi, og gjorde viktige gjennombrot i forståinga av kiralitet. Pasteur var òg oppteken av å forstå sjukdomar, og meinte at det måtte vere mikroorganismar som kom inn i kroppen som var årsaka. To av dei fem borna hans døydde av tyfoidfeber. Noko av kunnskapen om korleis vaksiner kunne fungere fekk han gjennom arbeidet med sjukdommar i silkeorm-industrien og med kyllingkolera. Han var òg sterkt delaktig i utviklinga av vaksine mot miltbrann hjå kyr og sauer.

Vinstudie

Pasteur reiste kvar sommar til heimstaden Arbois, der han leigde eit hus. Han fekk stadig spørsmål frå ulike aktørar i vinbransjen som trengde hjelp til å forstå kvifor vinen deira vart dårleg, eller ville betre gjæringsprosessen. På denne tida var det ikkje klart kva som skjedde under gjæringa, og Pasteur publiserte i 1858 dei fyrste funna sine om at det var ein levande organisme, nemleg sopp, som omdanna sukkeret til alkohol.

Den nysgjerrige Louis Pasteur fekk mykje å seie for samtida si, men har sett spor som vi dagleg kan nyte godt av, 200 år etter hans fødsel. Sjølv om forskinga på framstilling av vin var ein parentes i hans liv, kan vinmakarar og vindrikkarar gle seg over hans arbeid. Skål for Pasteur!

4 gode frå Jura

I høve jubileet til Jura sin store son sleng eg på fire kvite Jura-vinar eg har smakt i år, og som enno ikkje har fått kome fram i lyset på Nattverden. Om du igjen sit der med den overprisa Puligny-Montrachet-en, kva med å ta ein kikk på Jura? Utvalet av Jura-vin i Noreg er faktisk betre enn vi fortener. Mykje kul vin som enno ikkje blir utseld på ein dag.

Domaine des Carlines la Vouivre Côtes du Jura Chardonnay Savagnin 2018

Strågul og klar i glaset. Saumlaus, lekker lukt av friske gule eple, bakt sitron og noko fat. God intensitet. Middels fyldig vin med godt fenolisk grep og konsentrasjon. Balansert, moderat frukt mot hint av flor og chardonnay-frå-mergel. Veldig Jura, veldig god. Kostar 299,90.

Patrick Ligeron starta opp med 10 ha vinmarker i Ménétru-le-Vignoble/Chateau-Chalon frå 2016-årgangen. Førebels er det Côtes du Jura på chardonnay og savagnin frå ulike vinmarker, i tillegg til raude variantar. Ein produsent som det skal bli spanande å følgje framover. Denne vinen er 70% chardonnay, der 3-5% av det har fått 24 månader under flor. Resten av komponentane, inkludert 30% savagnin, har mogna i heilt fulle Burgund-fat i 18 månader.

Domaine Baud Côtes du Jura les Prémices 2019

Fin djup strågul farge. Innbydande og Jura-typisk lukt av berme, mergel, fastost og sitron. Høg intensitet i lukta. Smaken følgjer opp med ein fin balanse mellom solid gul frukt med mogne eple og sitron, og meir komplekse smakar av gamle fat og kalk. Herleg syre som løftar vinen. 269,90 er heilt greit for så mykje smak av Jura.

Denne vingarden ligg i Le Vernois, midt mellom l’Etoile og Chateau-Chalon, og det er no 9. generasjon som styrer over drygt 24 ha. Ein god del av produksjonen er crémant og ca 10% er vin jaune. Denne vinen har druer frå eldre vinstokkar rundt garden i Le Vernois. Gjæring og mogning på brukte eikefat frå Condrieu. 100% chardonnay.

Frederic Lornet Arbois Chardonnay Les Messagelins 2018

Strågul vin med Jura-typiske lukter av flor, kalk, nedfallseple og noko cheesy som jo faktisk er ganske typisk og morosamt. God og gul frukt i tillegg til meir mineralpreg og noko fat. Bakt sitron, gule eple og kalk er lengst framme i smaksbilete. Hint av gamle fat og flor. Litt rustikk, på ein stilig måte. Mykje Jura og chardonnay for 239,90.

Lornet har ein relativt stor eigedom i Jura-måletstokk, med 15 ha i Arbois og 5 ha Côtes du Jura i Salins-les-Bains. Vinmarka Les Messagelins ligg utanfor Montigny-lès-Arsures, på steinrik morenemasse og mergel. 12 månader i brukte piece og 12 månader i foudre.

Domaine Montbourgeau l’Etoile 2018

Djup farge, mot gyllen i det store Zalto-glaset. Noko flor-prega vin med lukt av kamomille, sotolon, kalk, feit spekeskinke og noko steinstøv. Rik, tørr og konsentrert Jura chardonnay på smak, med tydeleg flor og litt oksidativ rustikk stil. Gule eple, leire, jod og mandlar melder seg på. Fin syre og godt grep i munnen. Sjølv om tradisjonen i vesle AOC l’Etoile er å mogne vinen under noko flor, kunne det vore interessant å sjå kva berre terroiret kunne formidla på eigne bein. Med 14,5% er det ei god slegge dette her. Sett ned i pris frå 425 til 369,80.

Nicole Deriaux styrer over denne klassiske l’Etoile-eigedomen der chardonnay dominerer vinmarkene med 6,9 av totalt 9 ha. Ulike cuvée-ar blir laga, og vinen byrjar spontangjæring på ståltank og malolaktisk omdanning, før overføring til eik av ulik alder og storleik. Denne vinen får utvikle seg i 24 til 30 månader på foudre (2500 l), demi muids (500 l) og piece (228 l) som ikkje blir toppa opp, og difor får noko flor.

Tidlegare nyansar av gult, aka Jura-vin finn du her og her. Eit søk på «Jura» vil gje endå fleire treff på artiklar om Jura her på sida.

Leave a Reply