Baby beerenauslese

Standardstorleiken på vinflasker er 75cl, og det fungerer ofte som ei grei mengde vin. Skal to personar dele ei flaske, er det kanskje nok med ei. Skal fire personar dele vin til ein middag, er ei flaske nok til eit rikeleg glas kvar til ein forrett, men litt knapt til ein hovudrett. Magnumflasker er flotte når det er mange til bords, og dei er svært gode til Champagne som skal lagrast. Men det finst nokre mindre flasker som kan vere svært nyttige til fleire formål.

På restaurant vil det vanligaste vere å dele ei heilflaske i fem glas a 15 cl. I ein større meny med med fem eller fleire serveringar, er det i ein tilhøyrande vinpakke rom for å serverer mindre mengde i kvart glas. Men det er gjerne mogleg å få påfyll til ein hovudrett. Ei halvflaske, 37,5 cl, gjev to og eit halvt glas, og kan vere eit alternativ for ein som av ulike årsaker vel å drikke vin åleine. Denne storleiken er også mykje nytta til søt vin og dessertvin, som vert konsumert i mindre mengder. Nokre vinar kjem i mellomformatet 50 cl, og her er det også søte vinar som dominerer. Nokre vindisktrikt har tradisjon for å nytte 50 cl, og Tokaj i Ungarn er det mest kjende. Men søt Loire-vin, Recioto della Valpolicella, Recioto di Soave og Vin Santo kjem stundom også i 50 cl-flaske.

Har du vore på flyreise og kjøpt deg vin, hender det at du får ei endå mindre flaske på det vesle bordet ditt, forsiktig plassert ved sida av eit brett med ein trerettars meny med seige rundstykke, noko ugjenkjenneleg varmmat og ei tørr kake i plast. 18,7 cl heiter “split” på framandlandsk, og kanskje “kvarting” på norsk? Denne vert til dømes nytta til raudvin og kvitvin på fly og i minibaren på hotellet. Eit søk på Vinmonopolet sine nettsider, viser at det kun er keisame vinar som finst til sals i denne storleiken. Bortsett frå ein. Den artige skruen Ernst Loosen har tappa ein skikkeleg søt og god riesling i denne søte storleiken.

Dr. Loosen burde vere kjend for mange, ettersom han er den mestseljande tyske vinprodusent i Noreg. Då tek vi med selskapet Dr. L, der Ernst Loosen og hans vinmakarar lagar vin i Mosel frå innkjøpte druer. Ernst tok over familiebruket i 1988, og styrer i dag over 22 hektar vinmarker, frå Bernkastel, via Graach og Wehlen, rundt svingen og til Ürzig og Erden. Her blir det laga tradisjonelle prädikatsvinar, og frå dei beste vinmarkene GG-vin. Totalt vert dette oppunder 200 000 flasker i eit godt år.

Her kan du lese om då Ernst Loosen var på vitjing i Bergen.

I dei bratte skråningane ved Mosel-elva, og i sidedalane, kan riesling mogne ganske ujamnt. I dei fleste år vil det før eller sidan kome botrytis på ein del av druene. Om det ikkje er så mykje i ei vinmark, er det kanskje litt meir i nabovinmarka, eller lengre nedstraums. Desse små batch-ane med vin kan til saman bli noko, og det er det Ernst har gjort. I 2015 til dømes, fekk han ein del druer med høg oechsle, som til slutt enda opp i ein søt riesling beerenauslese tappa i små søte flasker.

Dr. Loosen Riesling Beerenauslese 2015

Lys strågul vin. Intens, søt og lekker lukt av friske raude eple, hermetisk fersken og botrytis. Søt, frisk og leskande riesling. Mjuk og deilig glir han over tunga. Smaken følgjer opp det ortonasale med søte eple og fersken. 145 kroner for 18,7 cl let seg høyre. Litt rart at ikkje fleire pol har teke denne inn i hyllene. Tek jo nesten ikkje plass heller. 7 % alk. 152 g/l rs og 7,4 g/l syre.

Denne artikkelen er basert på noko eg skreiv for Sogn Avis i 2018. Det ser ut som det framleis er årgang 2015 som er til sals i bestillingsutvalet.

Leave a Reply