Barolo 2020

Ein ny årgang er over oss, frå åsane i DOCG Barolo. Trass i at druene til desse vinane vart hausta med litt COVID-problematikk, og albeisa-flaskene kanskje kosta litt meir enn før på grunn av Ukraina-krigen, må vi vel kunne seie at livet smiler til bøndene i Barolo. 2019-2020-2021 vert rekna som ein trio av topp årgangar. 2013, 2015 og 2016 var høgt oppe på rankingen hjå mange, og dei to litt meir problematiske 2017 og 2018 har då allereie gjeve meg og fleire andre, gode opplevingar i ung alder. 

Lyse utsikter

Prisane på vin og vinmarker gjer det attraktivt å halde på og å ta over. Eller kanskje for freistande å selje? I 2022 kom ein studie som samanlikna vinmarksprisar i Italia. Barolo kom på klar fyrsteplass med 1,2 til 4 millionar euro for ein hektar. Sidan 2012 har det kome til 281,31 hektar ny vinmark tileigna Barolo. Medan det i 2003 var ein totalproduksjon på drygt 8,7 millionar flasker, har det sidan 2015 stabilisert seg på litt over 14 millionar flasker pr år. Arealet innanfor Barolo-sona tileigna Langhe Nebbiolo har òg hatt ein god vekst og nesten dobla seg dei siste seks åra. Pr 2022 er det 467,88 ha nebbiolo for denne vinen, som har blitt meir populær ettersom Barolo vert dyrare.

Utbytte

I høve til reglane for DOCG Barolo er det maksimalt lov å hauste 8 tonn druer/ha. Noko som tilsvarer 5400 liter eller 7200 flasker pr hektar. Deler vi 2022-haustens 14,5 millionar flasker på 2258 ha, kjem vi ut på 6422 flasker pr ha. Det er ikkje alle vinmarker som er like produktive, og dei med eldre vinstokkar vil nok ha ein del mindre utbytte enn maksimalt tillate. Går du over grensa, er det mogleg å nytte 5% ekstra til Langhe Nebbiolo eller Rosso.

Friske pengar

Då eg besøkte området i juni 2023, var det mange produsentar som hadde ferske og solide investeringar i utstyr, kjellar og publikumsareal. Det er tydeleg at både marknaden og bankane har tru på Barolo i framtida. At vinane kanskje ikkje er like lagringsdyktige som i “gode gamle dagar”, er ei anna sak.

Veret

Det er på tide å sjå kva inntrykk nokre 2020-vinar har hatt, men fyrst: veret. 2020 starta med lite snø på vinteren, noko som gav ein tidleg start på vinplantene sin vekstsesong. Det var ein del regn i mai, litt over gjennomsnittet for 2007-2016, og ein del meir i juni enn det har vore i dei varme siste åra 2015-2022. Jamnt over sesongen var det nok regn, ikkje for lite og ikkje for mykje, slik at plantene og arbeidarane kunne halde eit stødig og rolig tempo. Og kome i mål med godt resultat. Temperaturmessig var det varmt, men ingen store toppar, som det har vore mykje av dei siste åra. Nokre dagar over 30 grader, og elles passeleg god temperatur for å halde mogninga av druene i gang.

Innhaustinga 2020

Kor tid innhaustinga skjer i vinmarkene i Barolo følgjer stort sett eit mønster. Nokre marker er alltid tidleg ute, medan andre mognar stort sett seint. Ein del produsentarbyrja innhaustinga i slutten av september. Så kom det 90mm nedbør 2. og 3. oktober, som gjorde at det vart ein pause. Gjennomsnittleg start på plukkinga var 7. oktober. Dei fleste var ferdige mellom 15. og 25. oktober. Druene var ganske store, med relativt lite skal i høve til fruktkjøt. 

Her kan du lese om Barolo frå 2017 og 2018.

Vinane

Eg har den siste tida smakt åtte ulike Baroli frå 2020, både reine kommune-Barolo og vinar med druer frå fleire kommunar. Det er ein hovudvekt på vinar med druer frå Barolo og Serralunga d’Alba.

Gomba Cascina Boschetti Barolo 2020

Medium burgunderfarga, lysebrun kant. Moderat intensitet. Semimoderne, litt kompakt Barolo med søte raude bær, jord, litt floralt og hint av eik. Lett krydra, litt rotete Barolo med grei syre og unge, faste tanninar. Det smakar av sursøte raude bær og vanilje. Grei nok. Druer frå Boschetti i kommunen Barolo. Fint med Barolo på halvflaske. 14% alkohol. 159,90 for 37,5 cl. 

Barale Fratelli Barolo del comune di Barolo 2020

Ung, medium burgund-raud, tynn rosa kant. God intensitet, tradisjonell Barolo-lukt med syrlege raude bær, sopp og treverk. God frukt. Fersk og stram Barolo i starten med god bringebær-frukt. Hint av VA, sopp, trøffel, vanilje og eik og gamle fat. God syre og chewie tanninar. På dag to er meir bær og gamle fat, med litt svart te og søt jord. Held seg godt. Truleg ikkje noko langtidsprosjekt, kva med 2-8 år? Druer frå Coste di Rose, Monrobiolo og Preda. 14,5% alkohol. 449,90 kr. Tung flaske på 775 g!

Viberti Giovanni Barolo Buon Padre 2020

Medium raud nebbiolofarga, altså hint av brunt. Rein og lett støvete nebbiolo med fin fruktig nase med lett søtleg raudbærsfrukt. I munnen er det ein ung og pent syrleg Barolo med moderate tanninar og mest raude bær. Enkel, rein og lettdrikkeleg. Betre enn tidlegare årgangar av denne vinen. Framstår no meir detaljert og elegant. 14% alkohol. Pris 349,90. Sendt av importør. Druer frå Bricco delle Viole, San Pietro, San Ponzio, La Volta, Fossati, Albarella, Terlo, Ravera, Perno og Monvigliero.

Massolino Barolo 2020

Jamn raud farge, medium burgund. Rein stil. Klar raud bærfrukt som funklar og skin av kvalitetshandverk. Hint av nøtter, sopp og treverk. Frisk, ung Barolo med solid frukt, bra syre og unge, faste men moderat aggressive tanninar. Mykje raude bær, litt treverk, sopp og lakrisrot. Primær, men rein og stilig. Vil nok utvikle seg positivt i 4-10 år. 14% alkohol. Pris kr 489,90. Sendt av importør.Druer frå Briccolina, Broglio, Collaretto, Damiano og Le Turne i Serralunga, og litt frå Parussi i Castiglione Falletto.

Ferdinando Principiano Barolo Serralunga 2020

Lys i fargen, typisk nebbiolo med litt brunskjær. Moderat intensitet ved opning, kjem seg etter eit par timar open. Det luktar fruktig og lett søtleg, med raude bær, rose, sopp og gamle fat. Frisk, lett og juicy Barolo som utfordrar kva slik vin skal vere. Mykje friske, raude bær, litt trøffel, soppkraft og treverk. Lettdrikkeleg og rein stil. Moderate 13,5% alkohol. Visstnok ikkje så mykje SO2 tilsett, så dette er truleg ikkje noko lagringsprosjekt. Men morosamt å drikke no. Vel verd å prøve til kr 439,90. Er visst eit medvite val frå produsenten å gå for litt høgre avkastning og jobbe mot lægre alkohol.Druer frå Boscareto i det sørlege Serralunga.

Giovanni Rosso Barolo del comune di Serralunga d’Alba 2020

Ganske lys nebbiolo-farga vin med lysebrun kant. God intensitet i lukta. Solid fruktkjerne med lag av sopp, treverk og brune krydder rundt. Tradisjonelt laga, men her er såpass mykje frukt at det vert ikkje opplevd veldig stramt og strengt. Dei tider er kanskje forbi i Barolo..? Pen balanse mellom frukt og struktur, med nok syre til at det vert naudsynt med ein påtår. Serralunga-typisk med mykje frukt, men ikkje veldig komplekst. Her er materiale i både frukt og struktur til utvikling på flaske over nokre år framover. Vinen vart prøvd over fleire dagar og heldt seg godt utan å miste så mykje frukt. 14% alkohol. Kostar 399,90 som i dagens Barolo-marknad er ein sympatisk pris. Druer frå Cerretta, Sorano, Costabella og Serra.

Marcarini Barolo La Morra 2020

Medium lys nebbiolo-raud med noko bruning og lysebrun kant. Rik, lett søtleg mørk bærfrukt, men med “tradisjonelt” drag av jordlege aroma som søt jord, haustlauv, sopp, litt volatile syrer og aceton. I kjeften er det mykje på gang, her er aroma mot det mørke og parfymerte (Brunate?), mørke moreller og sursøte bær. Moderat syre og finkorna tanninar som skaper balanse utan å gjere så mykje ut av seg. Pen La Morra-Barolo til grei pris. Verd å prøve. 14% alkohol. Pris: 489,90. Druer frå La Serra og Brunate.

Brovia Barolo 2020

Klar, medium burgunderfarga med svak bruning i kant. Detaljert, open og frisk lukt som går mot bringebær og jordbær før det kjem på litt fuktig, mørk jord og sopp. Frisk, leskande og nesten burgundsk i starten, før tanninane kjem og minner meg på kvar eg er. Flott frukt som er klar og rein og raud. Her er godt jordbruk teke vare på gjennom prosessen til ferdig tappa vin. Litt ungt enno, men lovande. Var svært begeistra for 2019, og dette er ikkje heilt der oppe. Men gje vinen nokre år i kjellaren. Men er det på tide å bytte ut naturkork, Brovia? 14,5% alkohol. Vinen kostar 698,00, og det er mykje pengar. Men så er dette høgt nivå òg. Druer frå Castiglione Falletto, ca 20-30% (Rocche di Castiglione, Villero og Altenasso) og resten frå Bréa og Gianetto i Serralunga.

Konklusjon

2020 er ein årgang som, basert på det eg har smakt, i stor grad kan nytast allereie. Han ser ut til å ha ganske jamn og god kvalitet. Veret var godt og tenleg, noko som gjer at det burde vore mogleg for presumtivt mindre dyktige produsentar å lage litt meir enn berre grei vin. Men samtidig er det kanskje eit lite sakn i desse vinane etter noko drama. Det hender til dømes i litt meir krevjande år, som 2014, 2017 eller 2018 at somme vinar verkeleg skin, nærast på trass av litt vanskar i løpet av sesongen. Kanskje er det fordi folket som arbeider i vinmarkene og dei som må ta kritiske avgjerder, må yte litt ekstra i slike år. Favorittar som Massolino og Brovia hevdar seg godt, medan Principiano var eit friskt pust.

DOCG Barolo er uansett stort nok til at du kan halde på å smake nye ting i årevis utan å kome rundt heile distriktet. I skrivande stund (07.10.24) er det 40 varelinjer Barolo frå 2020-årgangen, og rundt 20 Langhe Nebbiolo, pluss eventuelle varer som akkurat kan ha skifta til 2020 utan at årgangsendringen har blitt fanga opp i Vinmonopolet sine nettsider.

Ein tanke på “Barolo 2020

Leave a Reply