Bokmelding: Inside Bordeaux

Med inntoget av internett og lesebrett, er det kanskje rart at det framleis vert lansert papirbøker. Dei raske digitale media gjer det mogleg å oppdatere, korrigere og redigere innhald etterkvart som nye opplysningar og ny kunnskap kjem for dagen.

Kunsten å lage ein vinbok som ikkje vert utdatert etter kort tid, er det ikkje mange som meistrar. Vinleksikon og referanseverk er tidkrevjande å lage, og der finst alt ein kanon. Har ein med årgangsskildringar og smaksnotat som ein viktig del av boka, vert ho fort gamal.

I bokhylla mi har det etterkvart blitt ganske fullt av vinbøker. Mange omhandlar ein spesifikk region eller eit land. For å selje nok bøker må det vere noko i boka for einkvar smak. Dette gjer at ho gaper over for mykje og det blir for generelt for nerdane. “The Finest Wines of …” -serien til dømes, er gode bøker med ganske gode kart og mykje detaljinformasjon om produsentane som er tekne med. Men ei bok på 272 sider som skal omhandle heile Tyskland, må utelate mykje.

No har det kome ei ny bok om Bordeaux, av Jane Anson. Ho arbeider for Decanter, og har budd i Bordeaux sidan 2003. Fleire artiklar frå tastaturet hennar, om både Bordeaux og andre enme har nådd skjermen min. Og ho skriv godt. For dei som abonnerer på Decanter på nett, finst det rikeleg med smaksnotat frå Bordeaux-vin. Men artiklane hennar som set området, utviklinga og enkelteigedomar i perspektiv er vel så interessante. Trass i at ho bur i Bordeaux og ikkje vil trakke for mange på tærne, kan ho vere kritisk når det er behov for det. Ho har også vore gjest i podcasten til Levi Dalton, I´ll drink to that, som er verd å få med seg.

Fyrst må eg inrømme; eg har vore ufin med Bordeaux. Brukt nykje tid på å snakke ned ein heil region. Eg har ikkje sett skogen for berre fyrstevekstar. Desse har drege med seg resten av underskogen og prisane har skote til vêrs, langt over tregrensa. Eg var meir ein Burgund-fyr. På midten av 2000-talet var prisane i Burgund til å leve med, og det var så mykje å setje seg inn i at andre område vart nedprioritert. No har eg slått opp med Burgund, og er klar for nye horisontar.

Bordeaux er det største vindistriktet i Frankrike. 114 000 hektar vinmaker er i drift, og området har vore eksportretta i mange hundre år. Når ei bok skal forsøke å dekke alt dette, er det ein fare for at ikkje alt kjem med. Eit problem i Bordeaux er det sterke gravitasjonsfeltet til dei 61 klassifiserte slotta i Médoc og nokre andre eleverte i Saint-Emilion og Pomerol, som sluker merksemda til journalistar og konsumentar. Slotta er “brands”, og mangelen på ei hierarkisk terroir-klassifisering, gjer det vanskeleg å slå igjennom for produsentar i til dømes Entre-deux-Mers, Blaye eller Castillon.

Noko av misjonsbefalinga til Anson er nettopp å forsøke å få publikum til å vende om og sjå mot ukjende produsentar, nye klutar og andre som klarer å lage strålande vin i “enkle” appellasjonar. Sidan ho har budd i området frå 2003 har ho difor kunna følgje med på utviklinga til somme av desse som legg litt ekstra innsats i arbeidet.

Trass i 670 sider, er boka relativt lettlesen. Teksten er delt opp i to spalter, og skrifta stor nok til at kjernepublikumet på 60+ truleg får med seg meir enn berre bileta. Og dei er det ikkje så mange av, Anson har mykje på hjartet. Men bileta frå lufta i moderat høgd, truleg teke med drone , gjev eit godt inntrykk av området, særskild for alle oss som enno ikkje har vore der.

Biten om historia finst nok i djupare detalj og større omfang andre stader, men det viktige er med. Kapitla om økonomi, salssystem og om dei ulike klassifiseringane er gode. Terroir, jordsmonn, vær og klima vert via mykje plass. Her er det verdifull informasjon for dei som kjøper og drikk Bordeaux. Det vert lettare å finne ut kva område/slott/jordsmonn som gjer det bra i tørre år, eller i fuktige år.

Gjennomgangen av eigedomane, delt opp i appellasjonar, tek naturleg nok den største delen av sidene i boka. Det er allikevel ikkje store tekstbolkar om kvart slott. I Steven Brook si Complete Bordeaux er det noko meir detaljar om produksjonsmengde, adresse og historie. Men så har Anson heller vald å ta med meir om folka som arbeider med vinmark og kjellar, og korleis arbeidet er no og har vore. Det er ingen smaksnotat, men av og til nokre generelle tankar om kvalitet eller utvikling. For dei appellasjonane som har klassifisering, har Anson også teke med si eiga vurdering, som for nokre betyr at ho meiner eigedomen er betre eller dårlegare enn den offisielle klassifiseringa tilseier.

Kvart underområde får ei side med generell informasjon, og her tek forfattaren med tips til eigedomar som er verd å få med seg. Mindre kjende slott som er utanfor det gode selskap, men som arbeider hardt, økologisk eller er banebrytande på eit felt, får gjerne like mykje plass som ein fyrstevekst. Kanskje litt rart at Clos du Jaugueyron i Haut-Médoc/Margaux ikkje er komen med. Dei er vel interessante som biodynamisk gard, og at dei lagar fleire ulike cuvée-ar heller enn ein fyrste-vin, ein andre-vin etc.

Om du er litt interessert i Bordeaux, er sjansen stor for at du allereie eig eit verk om distriktet. Robert Parker, Hugh Johnson, Benjamin Lewin, Clive Coates, David Peppercorn og James Lawther har alle skrive oppslagsverk. Dei nyaste bøkene er Oz Clarke si frå 2012 og Steven Brook som har tre utgåver av Complete Bordeaux, der siste er frå 2017. Trass i ein prislapp på 960 kroner inkludert frakt, er denne boka verd å eige. Ikkje berre er ho ny, og difor er meir oppdatert enn dei andre, men her er gode kart og visuell forklaring på “terroir” rundt om i Bordeaux. Ein del av dette er ny forsking som enno ikkje har nådd populære kanalar, delvis basert på jordmonsstudier som mange slott har fått utført. Kapittelet om vinmaking er kort og utan særleg detaljar. Her kunne det vore meir kjøt på beinet.

Dette er ei av dei betre vinbøkene eg har kjøpt på lenge. Men finst det noko å trekke for? Vel, presentasjonen av årgangane bak i boka er litt tynne. Særskild for dei siste 10-15 åra kunne det vore meir detaljar og tips til gode kjøp eller område å sjå etter i dei ulike årgangane. Karta inne i boka har mykje detaljar og lita skrift. Her kunne ein jo ha ønskt seg ei løysing slik som Peter Liem gjorde i si bok Champagne frå 2017, med store utbrettskart som følgde med boka. Kunne ho lagt litt meir kritikk mellom linjene? For eksempel når det gjeld økonomien, drifta og det etiske fottavtrykket, og bruken av manipulerande utstyr og kjøpegjær. Vel, det er kanskje heller mat for frittståande artiklar.

Litt frå området sine vinar her på tampen. Heldigvis finst det ein del mogen vin i polet sitt utval, for oss som prioriterte anleis for 15 år sidan..

Chateau la Louvière Blanc 2007

Lys gyllen med markant grønskjær. Fin farge. Det luktar slik det står i fasit om sauvignon blanc; grøne friske aroma av nesle, stikkelsbær og noko som minner om hermetisk asparges. Men det er ikkje slik parodisk og påtrengjande som i fersk vin, her er alt tona ned og glatta ut av tidas tann. Trass i skrukork på flaska. Etter kvart kjem det også eik og sopp og melder seg på. I munnen er det ein knusktørr og stram og frisk vin med mykje fenolisk og lite frukt. Men det gjer ikkje noko. Saliverande sitron og ei kledeleg eikelist som rammar inn smakerommet. Taper seg ein del til dag to. 12,5% alkohol. Kostar 400,- og finst framleis for sal. Kanskje ingen storsjarmør av ein vin, men kona likte han. Ville nok uansett teke med ein fruktigare vin på første date.

Chateau Grand Puy Lacoste 2011

Medium mørk granatraud, tett, litt bruning. Lekker og klassisk nase. Relativt primær. Rik, mørk frukt. Sexy tobakk og treverk. Fyldig, fruktig vin med bra syre og gode mjuke men støttande tannin. Mørk frukt, litt søtleg og primær. Her er mykje å lagre på. Fin ettersmak med solbær, plomme og treverk. 13,5% Pauillac frå ein familie som faktisk bur og arbeider på eigedomen. Jau, det kostar å vere kar, 672 spenn for ei flaske. Men både eg og Arne smilte og koste oss. Drikk godt no og sikkert i minst ti år framover. Ikkje ver ein sau, sjekk ut nokre mellomårgangar du også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *