Bordeaux i bakspegelen

Eg hadde lyst på vin med litt substans. Vin med alder. Med utvikling. Kall det utforsking. Det er haust og dritvêr, og raudvin og kjøt kjem på agendaen. Bordeaux har trass i mange nedturar og ulike grunnar til skepsis, framleis eit godt utval her til lands. I Sverige er det anleis. Der er Bordeaux heilt ut kan ein svensk vinskribent fortelje meg. I skrivande stund finst det berre 262 varelinjer for raud Bordeaux på Systembolaget, medan polet har 1212.

Med ein enorm produksjon, koronakrise og fulle lager, skulle ein kanskje tru at prisane også her til lands burde vore litt lågare på Bordeaux. Men det er kjekt at det finst vin i mange ulike årgangar. Det gjorde eg med nytte av då eg inviterte til smaking. Eg hadde plukka ut fem vinar i to ulike årgangar. Her var både gode og presumtivt mindre gode årgangar representert. Frå 2004 til 2016. Og det skulle vise seg at vinar i alle prisklassar og årgangar fekk sine tilhengjarar.

Fyrst ein kvit. Chateau La Louvière Blanc 2007 har eg skrive om her tidlegare. Same vin kom i glas nr 2, men i 2014-utgåve. Det er to ulike importørar, og 2007 kjem med skrukork og 2014 med naturkork. Eigar André Lurton har samanlikna skrukork og naturkork på sine vinar sidan 2003. 2007 startar med litt innestengd aroma, som går mot sitrongras og stikkelsbær. Det heile er avrunda og noko utvikla av tid på flaske. Men skrukorken har truleg bevart meir frukt enn ein naturkork ville ha gjort. Syrlig og pen vin med sitrus og fatkrydder på smak. Etter nokre timar open, har vinen fått eit kledeleg pasjonsfrukt-syrekick. 2014 har meir fat i starten, men også gjenkjennelege aroma av stikkelsbær og solbærblad. Denne har òg ein del utvikling, men har nok fleire gode år framfor seg. Lekkert grep i munnen, og her hadde det ikkje vore dumt med ein god ost, kanskje ein chevre eller Langres. Folket likte denne. Prisen er høvesvis 399 og 434 for 2007 og 2014, og det er greit for vin med alder.

Vinane skulle finnast i to ulike årgangar, noko som sette litt begrensingar. For å få litt differanse i pris, hadde eg funne to årgangar Chateau Malagar til 179,90. Chateau Malagar 2004 har blitt transparent med åra. Vinen luktar av varme solbær, stilk og sjokolade. Syrlig og utvikla, men Bordeaux-typisk. Slank og litt kort, men om du skal ha ein mogen vin, er dette mykje for pengane. Fell fort saman, så drikk opp. Litt sigar og treverk og alkohol i finish. Chateau Malagar 2010 er frå ein betre årgang. Meir heilskapeleg uttrykk enn 2004-utgåva. Frisk vin med mørke bær. Kom seg med luft. Vinen er ein Côtes de Bordeaux Rouge frå Saint-Maixant mellom elvene, på nordsida av Garonne.

Så er vi heilt nord i Médoc, med Chateau Les Ormes Sorbet 2008. Ein vin som framleis er i ein fruktig fase. Her er både solbær frå cabernet og litt plomme og nougat frå merlot. Trass i 65% cabernet sauvignon, er vinen ganske mjuk. Chateau Les Ormes Sorbet 2011 er betydeleg yngre, med faste gode tannin. Mørk granatraud og raud kant i glaset. Ein del ung fruktsmak frå merlot og litt eik. Viser litt lagringssmakar med tobakk og lær. Kan med fordel få nokre år til i kjellaren.

Andrevinen til Chateau Calon Ségur i St.-Estèphe, Marquis de Calon 2009 er vanskeleg å ikkje bli begeistra av. Den rike årgangen skil seg ut. Men vert det for mykje av det gode? Er det litt Napa-cab vibber her? Søtleg lukt av mørke bær, plommer og nougat. Gode runde tannin. 80/20 med merlot og cabernet gjer òg sitt til at vinen utviklar seg litt fortare enn ein meir cabernet-dominert vin frå same område ville gjort. Marquis de Calon 2011 er friskare i uttrykket. I tillegg til mørke bær og fat, er det syrlige raude bær inne i bilete. Balansert og med pen utvikling. Plommer, litt fat og søt tobakk i ettersmaken. To gode vinar i ulik stil.

Så var det tid for ein blind vin. Eg skjenkar ein rubinraud vin, som er transparent i glaset. Medium intensitet på lukt. Sursøtt jordlig preg, med litt solbær og lær. I munnen; slank og frisk. Sursøte mørke bær, sigar, treverk og eit lite gløtt av møkakjellar. Finkorna, mjuke tannin. Syrlig finish. Folket rundt bordet likar vinen. Men det er vanskeleg å plassere han. Eg har smakt vinen før, og likte han sopass at eg kjøpte ei flaske til. Chateau Malartic-Lagravière 2013 frå Pessac-Léognan er frå ein vanskeleg årgang. Men akkurat no er vinen på topp, og viser ein klassisk slank stil, litt slik Bordeaux var før 80-talet. Nye tider både i kjellar, vinmark og på klimafronten betyr at slike vinar vert sjeldne i framtida. Drikk du berre blockbusters går du glipp av mangfaldet.

Tilbake i St.-Estèphe er det duka for Chateau Capbern-Gasqueton 2006. Eit slott som var på vinkartet på Park Hotel Vossevangen i årgangar frå slutten av 80-talet og 90-talet, då eg jobba der for ti år sidan. 2006 var eit litt trøblete år, då det byrja å regne i midten av september. Siste to vekene var bra, men det kom meir regn i oktober, og heile Bordeaux vart ramma. Dei som hadde vinmarker med tidleg mogning fekk mykje i hus før rôten tok over, medan andre vart nøydde til å sortere strengt. Capbern-Gasqueton har ikkje andrevin, men sel unna om lag 10% i bulk. Vinen i glaset framstår litt kantete og ung enno. Litt utvikling på lukt, men sursøte raude bær og sopp kan jo også kome av litt undermogen frukt og eit dryss med rôte. Faste tannin, men grei balanse i vinen. Litt jordleg finish. Kan nok lagrast enno nokre år.

Chateau Capbern 2016 er same vin, men nye eigarar i 2012 tok vekk Gasqueton frå namnet. Ein stor årgang, men vinen er noko tilknappa. Fersk og litt søtleg frukt på lukt, men ikkje slik varm og rik som 2015 kan vere. Solbær, kjøtsaft og noko animalsk. Fast, men fruktig vin. Mykje tannin og treverk enno. Men på dag tre skjer det noko. Ein liten slant som har stått i flaska med korken sett i, har no opna seg opp og viser fram ein elegant vin frå godt handverk og eit strålande år. 2016 er nok verd å leggje litt av i kjellaren.

Til desserten har eg funne fram Lions de Suduiraut 2011, som til 325,- for ei heilflaske ikkje er så verst prisa. Vinen har flott gullgul farge og har ei rik, feit og søt lukt av tropisk frukt. Glatt og pen tekstur, smak av eik og tørka tropisk frukt. Men eg saknar syre og spenst. Er slik vin best som pur ung, slik Frank Herfjord sa ein gong? Eg held ein knapp på Tokaji og riesling for søt vin. Der er det som oftast rikeleg syre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *