Plastik fantastik

Når du står på polet, med ei flaske eller bag-in-boks i handa; tenkjer du nokon gong på korleis vinen kom til landet? Reiser han frå den sørlege halvkule, må han krysse ekvator på vegen nordover. Det betyr at riktig transport som ikkje utset vinen for stor temperaturauke, er viktig. Sjølv om mykje kjem ferdigtappa på flasker av glas, er ein stadig aukande del sendt i bulk.

Volum, temperatur og tid

40% av all eksportert vin, vart i 2012 sendt i bulk, noko som er ein auke på 60% i høve til 2005. Vin vert i stor grad sendt med skip, og frå Australia, New Zealand, Sør-Amerika eller Sør-Afrika til Europa tek det tid. Difor er det ein fare for at vinen opplever store temperaturskilnader undervegs. Vin som vert send på flaske, vert stabla i container. Desse kan romme mellom 12- og 13 000 flasker, alt etter flaskeform og korleis kartongen eller trekassen passar inn. Det vil seie frå 9 000 til 9 750 liter vin. Ein flexi-tank som passar i same ramme som ein skips-container tek 24000 liter, og dermed er det meir økonomisk og miljøvenleg. Men det viktigaste er nok at ein bulklasta vin ikkje opplever dei store temperatursvingingane.

Mitt skip er lasta med vin

Det tek ei stund for eit kontainerskip å kome seg frå Australia til Noreg. Truleg ein stad mellom 45 og 55 dagar, og då må skipet krysse ekvator og varme farvatn. Frå Sør-Afrika tek det mellom 17 og 22 dagar. Men vinen vert vel frakta i ein reefer, ein kjølekontainer? Det er slett ikkje sikkert. Kapasiteten i verda på reefers er svært liten, samanlikna med ordinære kontainerar. Det er òg begrensa straumkapasitet på skipa til å drive mange reefers. Skipa har gjerne med andre kjølevarer som blomar, frukt, grønsaker og kjøt, og desse tek opp mykje reefer-kapasitet.

Store svingingar

Så om ein kartong med aussie shiraz står stabla i ein kontainer, og han ikkje er i botnen av skipet, kan han få det heitt på vegen til nord. Vinen i ein flexitank vil, grunna det store volumet, ikkje oppleve like raske og store temperaturendringar. Engelskmannen Fintan Kerr, busett i Barcelona, der han driv med vinundervisning, var så grei å sende meg litt info om bulktransport, som han hadde skrive til ein eksamen i WSET Diploma. Her kjem det fram at ved ei temperaturmåling av flasketappa vin som skulle frå Sør-Afrika til Finland, opplevde vinen temperaturar frå 6-48 grader på ein 14-dagars skipsreise. I ei anna studie av bulklasta vin, som skulle frå Sør-Afrika til New-Zealand, opplevde vinen i ein flexitank i kontainer berre 12 grader temperatursvinging i løpet at ei transporttid på 46 dagar.

Heimetappa

Vinmonopolet har sidan starten i 1922 tappa vin sjølv i Noreg. Då var det eikefat som vart sendt, hovudsakleg var det Bordeaux-vin. I 1956 vart det fyrste ståltanken sendt til tappeanlegget på Hasle i Oslo. Framleis vert det brukt ståltankar i bulktransport frå Europa til vin som skal tappast her i landet. Frå midten av nittitalet kom flexitanken av plast for bulkvin frå oversjøiske land, òg i bruk i Noreg. Desse eingongsposane kan resirkulerast, medan kontaineren kan nyttast til andre føremål. Ein ISO-tank eller ståltank må returnerast, og dette er krev meir logistikk.

Glas eller plast

Jancis Robinson skriv at ein trur at 90% av all vin som vert kjøpt i USA, vert konsumert innan 24 timar. Er det då naudsynt å bruke ei tung glasflaske? Gjev det meining å emballere ein $2-vin som vert opna før resten av varene frå handleposen er komne i kjøleskåpet, på same måte som ein Chambertin-Clos de Bèze til 250 dollar? Ei PET-flaske brukar berre ein tiandedel så mykje energi i produksjon, som ei glasflaske. PET-flaskene har blitt betre, men dei held ikkje like lenge som glas. Men til sitt bruk er dei ei løysing for framtida.

Miljøgevinst

I Noreg er vi veldig flinke til å resirkulere glas og metall, men slik er det ikkje alle stader. I England må dei importere mykje glas, fordi det er for lite resirkulert glas i riktig farge. Dei tappar mykje større volum med vin enn vi gjer i Noreg. Ein vin som vert tappa på Arcus sitt anlegg på Gjelleråsen, er Cruzado Garnacha. Vinen kjem i tank, og har reist med skip frå Spania. Siste del av reisa til Gjelleråsen i Nittedal går på trailer. Denne vinen kjem på ei glasflaske som på mi kjøkenvekt klokka inn på 423 g. Vinmonopolet definerer glasflasker som veg mindre enn 450 g som miljøsmart emballasje, saman med PET-flasker, aluminiumsboksar, BIB og pouch, som er 1,5-liters ståande plastpose med tappetut.

Her er Linn med fleire miljøaspekt ved vin.

Cruzado Garnacha 2019

Rubinraud vin og transparent. Ung, fruktig vin, utan å vere rå. Det luktar av bringebærdrops og søte jordbær. Lett, fruktig raudvin med mjuk struktur og pen syre. Gode smakar av bringebær og bjørnebær. Ein liten bitter snert i ettersmaken. Ein rein og bra vin til 120 kr. Druene kjem frå Aragón, nær elva Ebro i nordaust-Spania.

Vi er ein oljenasjon. Kva er vel meir naturleg enn at vi får meir vin over på plastflaske? Eg må innrømme at eg har vore litt skeptisk, men når det var kome ein Chablis, då måtte eg prøve. Denne vinen er tappa i Frankrike, på ei lett plastflaske med skrukork. Traileren som har køyrd nordover har då hatt ein moglegheit til å bruke litt mindre diesel. Kva så med innhaldet?

Crux Chablis 2018

Strågul og klar. Litt rik og rund i lukta. Det er kanskje årgangstypisk i varme 2018. Eg finn eple, sitron og snev av kalk i moderat intensitet. I munnen er dette overraskande godt. Vinen har grei konsentrasjon. Ein balansert og passe frisk Chablis med mjuk frukt og etterkvart fine tonar av kalk og østers. Godt laga Chablis, og til 185 kr er dette den rimelegaste Chablis på polet no for tida. Desse to flaskene vart sendt av importøren.

Leave a Reply