Ca ca ca castelão!

Til å vere Portugal si (nest?) mest planta drue, er castelão ikkje mykje framme i søkjelyset. Og vi har vel ikkje vore så ivrige her på Nattverden heller. Det er på tide å kike på kva denne druesorten kan få til på eiga hand. Portugal har mange eigne druer, og dei har lange tradisjonar for å lage vin på fleire sortar.

Usikre tal

Kjeldene spriker, for å seie det mildt, når det gjeld utbreiinga av castelão i Portugal. Den store boka frå 2010 (Wine Grapes, A complete guide to 1368 vine varieties, including their origins and flavours, Harding, Robinson, Vouillamoz) er castelão nemd som den største sorten i landet med 18 550 ha. Litt nyare tal finst frå OIV, International Organisation of Vine and Wine, der ei oversikt over Portugal frå 2017 har tempranillo og touriga franca framfor castelão, her med 13 000 ha. I denne oversikten er det avrunda tal til heile tusen. Ei anna oversikt (2015), også denne frå OIV, hevdar 13158 ha med castelão.

Mi nyaste bok om portugal, The Wines of Portugal frå 2020, av Richard Mayson, skriv berre 9 130 ha med castelão, men at det i 2004 var 20 000 ha. Uansett, det er ei viktig drue i Portugal, men det ser ut til at det er nedgang. Litt forvirring er det òg i alle synonyma til drua. Dei viktigaste er periquita og joão de santarém. Verre blir det med synonymet trincadeira, som er namnet på ein heilt annan druesort. Bastardo castico og bastardo espanhol er òg problematisk, sidan sorten trousseau heiter bastardo fleire stader i Portugal.

Druesorten i jorda

Det er i Península de Setúbal at det er mest castelão i Portugal, med 41%. Så følgjer Lisboa med 24% og Tejo med 18%. Fleire kjelder seier at sorten trivst best i varmt klima i tørr, sandrik jord. Og slikt er det mykje av rundt Setúbal. Vert det for fuktig klima og for rik jord, kan resultatet verte undermogne vinar med smak av rotne bringebær. Litteraturen fortel at drua har tjukt skal, men Luis Seabra seier at den generelt ikkje gjev så djup farge. Han samanliknar drua litt med vin på grenache, som kan vere lys, med mjuke tanninar og ein litt foxy smak.

Castelão vert ikkje berre nytta til raudvin, han er tillaten i Douro til portvin, og i Setúbal kan sorten òg brukast til raud, rosé og musserande vin. Mogninga av druene kan vere noko ujamn, og det er kanskje ei av grunnane til at sorten i nyare tid har mista posisjonen sin i Portugal.

Druesorten i glaset

Vinane eg har smakt er frå Douro, Lisboa og Setúbal. Periquita var tidlegare, i følgje Tom Martinsen ein vin med nok struktur og karakter til at han kunne lagrast i mange år med interessant resultat. No for tida verkar vinen å vere laga for umiddelbar konsum og i ein mjuk og slapp stil. Om det er vinmaking, eller klima som er blitt for varmt i det sørlege Portugal er ikkje godt å seie.

I andre enden, altså i nord i Douro har Seabra klart å få fram ein friskare stil, frå ei vinmark med glimmerskifer på 490 moh i Baixo Corgo. Stor skilnad på natt- og dagtemperatur og heilklase-gjæring er nok med på å forsterke dette, utan at vinen er tynn av den grunn. Espera Castelão 2018 frå Martins er òg ein god vin til prisen.

Her følgjer nokre notat på ulike vinar på castelão smakt i 2023. Det spriker i stil og uttrykk, men her er då nokre gode og interessante vinar.

J.M. da Fonseca Periquita 2021

Rubinraud, tett. Mjuk og bæraktig lukt av søt, mørk frukt. Plomme, bjørnebærsyltetøy og noko jordleg. Mjuk, fruktig vin med varm frukt. Søte, mørke bær, litt vanilje og brune krydder. Ålreit syre. Litt kommers og keisam vin, men ikkje den verste årgangen. 90% castelão, 10% trincadeira frå Peninsula de Setubal. 13% alkohol. Prisen er 154,90 kr. Notat frå 22.10.23.

Rodrigo Martins Espera Castelão 2018

Transparent, medium rubinraud. Litt krydra lukt av søte mørke bær. Noko steinstøv og urter. Lovande. Fruktig, godt balansert vin med noko utvikla stil. Sursøte mørke bær på smak. Pen syre, middels fylde og god konsentrasjon. Mykje vin for pengane. 100% castelão frå Alcobaca, nord for Lisboa. 13% alkohol. Kostar no 199,90. Notat frå 14.09.23.

Rodrigo Martins Espera Nat’Cool Tinto 2020

Transparent og lys raud. Ein morosam lett raudvin på druesorten castelão med lukt av friske bringebær og funk. Her er det nok litt brettanomyces og volatile syrer, men det blir delvis borte med lufting. Inn kjem då litt jordbær. Leskande lett og lys vin med fin syre som nok passar betre om sommaren. 100% castelão frå Alcobaca, nord for Lisboa. 12,5% alkohol. Kostar 349,00 for ein liter. Lettvektsflaske på 397 g.

Adega Viuva Gomes Pirata da Viuva 2018

Transparent og rubinraud. Steinete, frisk og naturvinsaktig nase med raude bær, dyrepels og noko rikare og søtare frukt etter kvart. Frisk og lett vin med høg syre og lette tanninar. Glir lett ned. Noko hint av sydlandks varme i ein slank, lett vin. God konsentrasjon. Likevel meir interessant enn veldig god. For dyr. 100% castelão frå nærleiken av Colares. 10,5% alkohol. Kostar 339,90. Notat frå 10.09.23. Flaskevekt 400g.

Baias e Enseadas Castelão 2020

Transparent, burgunderraud vin. Open og aromatisk, raudbærsfruktig. Pinot-liknande nase, lett søtleg som ein pinot frå til dømes Santa Barbara. Litt krydra smak med sursøte raude bær, tydeleg pinot-preg og fiol. Kanskje litt varm og kokt? Har gjæringa gått litt høgt i temperatur? Tilstrekkeleg syre, pen konsentrasjon og mjuke tannin. Her er altså 10% pinot noir i miksen, som set eit tydeleg preg på vinen, som elles består av castelão frå vinmarker litt inn i landet frå Colares. 12% alkohol. Kosta 270 kr, er no utseld. Notat frå 28.07.23.

Luis Seabra Douro Mono C 2019

Transparent i glaset, men mørk. Rubinraud med lilla. Kjøtfull mørk bærfrukt blandar seg med tørr sigartobakk og grøne urter. På dag to er det mindre tobakk og meir bær. Litt kompakt og lukka enno. Smaken er lettare enn fargen skulle tyde på. Og med Seabra sin gjenkjennelege friske og reinskorne profil. Litt krydra mørk frukt, men ikkje svær og tett. Tobakk og krydder dukkar opp att i ettersmaken. Flott vin igjen frå Seabra. Men held kanskje ein knapp på vinar med fleire sortar i miksen. 100% castelão frå Douro. 13,5% alkohol. Kostar no 394,90. Notat frå 28.07.23.

Hugo Mendes Lisboa Castelão 2020

Mørk fiolettraud vin. Lukta har ei rå, mørk frukt mot lakris og bær. Rå, småbarsk, naturvinsaktig og krydra vin med mørke bær som krekling i smaken. Om du kan like vin i slik stil er ikkje dette så verst, men kanskje litt høg pris. Gøy vin! 100% castelão frå IGT Lisboa, 12,5% alkohol. Vin frå spesialutvalet, kostar 318 kr. Notat frå 18.01.23.

Leave a Reply