Den internasjonale Aszú-dagen 2019

Den 10. desember er det altså duka for tredje året med ei markering av den internasjonale Aszú-dagen. Vin frå Tokaj har vore verdskjend og verdsett i mange hundre år. I dag må det meir til enn entusiastiske sunnfjordske bloggarar og god kvalitet for å nå gjennom veggen av informasjon og tilbod om god vin. Om denne dagen vert redninga gjenstår å sjå. Utfordringa for Tokaj, og andre søtvinsområde er at folk drikk for lite søt vin. Det vert kamp om små marknadsdelar.

Brettspel og blå ost

No i adventstida er det nok mange som kunne ha godt av å skru ned tempo og setje seg ned i heimen. I denne mørkaste tida på året tenner vi levande ljos. Kanskje finne fram eit brettspel og gjere noko i lag med familien. Klementiner og gløgg. Vi har jo nybakte peparkaker! Og blåmuggost i kjøleskåpet. Då er det at ein vin frå Tokaj kan få skine i lag med tende ljos. Peparkaker, blåmuggost og Aszú er dei milde gåvene frå dei tre vise menn frå Austerland.

Utanlandske pengar

I dei dagane , då Ungarn braut ut av austblokka, samla det seg investorar frå vest i Tokaj. Og det hende medan Gorbatsjov var landshovding i SSSR. Frå Spania kom familien Alvarez frå Vega Sicilia og sikra seg eigedomen Oremus. Axa Millesimes frå Frankrike kjøpte Disznökö. Hétszölö kom også på franske hender. Marta Wille-Baumkauff som var gift med ein tyskar og budde i Tyskland, reiste heim og ville skriva seg i manntalet. Og medan ho var der, fekk ho kjøpa ein kjellar i Abaújszántó utanfor Tokaj.

Royal British and Danish

Tokaj med sine 4-500 års beundring og eit enormt potensial, låg open etter at jernteppet var drege vekk hausten 1989. Det tok ikkje mange minuttar før nokon skjøna at her kunne igjen gjerast gull av botrytis. Fyrst ute av pengesterke utlendingar var engelske Hugh Johnson og Ben Howkins, og den allestadsnærverande dansken Peter Vinding-Diers. Saman med lokale krefter vart Royal Tokaji Wine Company stabla på beina. Noko av det beste av vinmarker vart kjøpt, før Ungarn etter nokre år måtte lage lover som hindra altfor stor framandlandsk eigarskap til land. Produksjonsfasilitetar står i byen Mád, der dei fleste vinmarkene ligg.

Gode vinmarker

Med seg på laget som konsulentar og vinmakarar fekk dei i starten lokale heidersmenn som Istvan Szepsy, Vince Gergely (Uri Borok) og franskfødde Samuel Tinon. Med ein stor produksjon for Tokaj å vere og eit stort kontaktnett i utlandet, har Royal Tokaji vore viktige ambassadørar for Tokaj og for Aszú. Årsproduksjonen kan kome opp i 250 000 flasker. Dei hentar druer frå 107 hektar eigne vinmarker. I tillegg kjøper dei nok inn litt aszú-druer til 5 puttonyos-vinane og til 6 puttonyos Birsalmás, der dei berre eig 0,5 ha. Dei eig altså deler av Birsalmás, Nyulászó, Betsek og Szent Tamás i Mád, og Mézes-Mály i Tarcal. Frå desse vinmarkene lagar dei enkeltvinmarks 6 puttonyos Aszú i mindre mengder. Sidan 2003 har dei òg laga ein tørr furmint.

Royal Tokaji Aszú 5 Puttonyos 2013
Djup strågul. Søt og Tokaj-typisk lukt av hermetisk fersken, ananas, mango og noko eik. God intensitet. Søt, glatt og rik vin med ungdommeleg snert. Smakar av gul tropisk frukt, med litt botrytis og eik. Rein og pen vin. Kunne vore eit hakk friskare på syra, men ein herlig vin som freistar å ta eit glas til av. 11% alkohol, 155,7 g/l restsukker og 7,9 g/l syre. Kostar 302 kr.

Royal Tokaji Aszú 6 Puttonyos Gold Label 2008
Ravgul vin. Søt lukt med god intensitet. Tung, litt utvikla og «feit» lukt av hermetisk fersken, tørka tropisk frukt og eik. Søt og konsentrert Tokajer med preg av litt alder. Fyldig og god i munnen, men litt tung og manglar spenst. God smak av fersken, sitrus og botrytis. 10,5% alkohol, 160 g/l restsukker. Kostar 514,90. Det står årgang 2013 på polet sine sider, men eg fekk 2008. Vinane er stilt til rådvelde av importøren.

Lakris-peparkaker

125g smør
125g lys sirup
110g kremfløyte
75g mørkt muscovado-sukker
50g kvitt sukker
355g kveitemjøl
3g bakepulver
1/4 ts kanel
1/4 ts nellik
1/4 ts ingefær
1/4 ts pepar
1/4 ts malt anis
ca 4 ts lakrispulver (eg har brukt eit frå Kung Markatta)

Bland krydder og mjøl i kjøkenmaskin med grind. Smelt smør og sirup i ei gryte. Varm opp fløyte og sukker i ei gryte. Tøm det våte i det tørre medan maskina går på sakte fart. Ferdig. Avkjøl, og kjevle sidan ut ein leiv og stikk ut med dine favorittformer. Finst det peparkakeutstikkar forma som Tokaji-flaske? Det ønskjer eg meg til jul.

Leave a Reply