Du og ein ost er ein fest

Denne aforismen* kan bety fleire ting. Men i desse tider er det ein trist realitet. Nedstenginga av samfunnet er byrja å gå inn på meg. Eg har lyst på konsert, på tur til Bergen, på high five, på fem rettar og vin, på fest med skrål og latter, laus snipp, dårlege vitsar, latter og gråt og ein klem.

Gløym det. Ikkje eingong besøk kan eg ta imot. Det er ikkje noko gale med kohorten (familien) min, men det hadde no vore kjekt å kunne snakke litt med andre. Be nokon inn på eit glas dessertvin og restane av peparkakene frå jula. Med -12 grader** freistar det ikkje å stå utanfor huset med polvottar og Riedel-glas heller.

Så då blir det meg og osten, då. Og som ikkje det er kjipt nok i distriktet frå før, så er jo osteutvalet i dei fleste byar og tettstader som er mindre enn Drammen temmeleg trist. Det gode føremålet med tollbarrierer for å sikre gardsbruk og busetnad i distrikta, gjev oss den enklaste varianten av Comté til 599 kr/kg. Om han i det heile teke finst på butikken. Alternativet er Gruyére til om lag same pris. Men kva om du drøymer om Epoisses, Mont d´Or eller Langres? Då blir det 3,5 timar i bil til byn… Kvar veg.

Men, “two is crowd, three is a party” er òg eit sitat å sutte på for oss som sit inne. Du + ein ost + vin. Det er ljos i flaska. Ein ost krev ingen kokkekunnskap eller ein dyr restaurant, for å kunne nytast. Har du fått tak i osten, er han klar for fest. Eit sosialdemokratisk kinderegg.

Det hender eg klatrar ned frå elfenbeinstårnet, set meg i Ford-en, og reiser ut. Ikkje så mykje det siste året, då. Men om eg skulle vere på såpass langtur at eg treng minst ein halv tank, ja då kan det vere at eg kjem forbi ein Meny-butikk. Der finst den mest sosialdemokratiske av alle stinkeostane; Langres. Nemde eg at matvarebutikkane i heimbyen min er dårlege? Det er mange av dei, Førde er eit handelssentrum, men alle er like triste.

Langres fekk AOC-status (no heiter det PDO) i 1991. Osten vert laga i området rundt byen med same namn, aust i Champagne. Mjølka kjem frå rasane montbéliarde, brunes og simmental. Det finst både pasteurisert og upasteurisert versjon av osten. Han kjem i tre storleikar, men her i landet kjenner vi best til den små, som skal vere mellom 150 og 250 gram.

Osten er ein mjuk raudkittost, i slekt med Epoisses, Münster, Soumaintrain, og Mont d´Or. Etter forming, vert osten vaska med saltlake og marc de champagne/marc de bourgogne. Ofte tilsett annatto, som gjev ein oransje farge på skorpa. I motsetning til Epoisses og Mont d`Or, vert ikkje Langres snudd i mogningsprosessen. Han får difor eit lite krater. Dette gjer den vesle osten til ein party-ost, for du kan helle litt marc i krateret og tenne på. Du kan òg stikke små hol i osten, helle champagne over, og la vinen trekkje ned i osten før du gumlar han i deg.

Ein litt trykka korona-stemning treng at familie-barometeret viser høgtrykk. Og for å halde på den geografiske tilnærminga, vert det bobler. Gosset Grand Rosé Brut er kanskje litt for dyr (580,-) for kvaliteten, men ein lekker champagne. Fungerer veldig godt til osten. Ljos koparfarga vin med skjær av rosa. Frisk og kalkrik lukt, med raude bær og søtleg sitrus. Krema og fine bobler. Frisk stil, ganske slank champagne. Kan nok utvikle seg med noko lagring. Gode smakar av sitrus og syrlege raude bær, men det er lite autolyse-preg. Eit kult lite kick av østers i ettersmaken.

I og med at Langres ligg mellom Champagne og Bourgogne, kunne eg jo ha teke med ein kvit Bourgogne her. Men i kjøleskåpet stod det ei flaske Kollwentz Leithakalk Chardonnay 2018, som eg allereie spår ein god plassering på Årets vinar 2021, når dette året skal oppsummerast om eit knapt års tid. Trass i at druene veks i det kontinentale og ganske varme klimaet på vestsida av Neusidler See, har vinen ein kjølig og lekker fruktprofil. Ingen søte eple eller tropisk frukt, men litt sylta sitron, vanilje, steinfrukt og noko krydra i retning Chassagne-Montrachet. Lekker balansert munnkjensle. Ok syre. Ikkje mykje, men det held. Gule eple, saltaktig mineralkjensle og noko krydder. Svært klok bruk av eik på denne vinen. Seks månader på store fat av austerriksk eik, seier fasiten. Kan det vere Stockinger? 297 kroner er verkeleg verd å bruke på denne. Eg kjem til å kjøpe fleire. Vinen fungerer bra saman med Langres, laurdagskveldar og lengt etter lange måltid på gode restaurantar.

*Etter eit kjapt google-søk, viser det seg at det ikkje er ein etablert aforisme, men noko som står i den middels gode osteboka til Toralf Bølgen, Ost og vin frå 2010.

**I det eg skal publiserer artikkelen har temperaturen gått ned til -14.

2 tankar på “Du og ein ost er ein fest

  1. Apropos two’s a crowd: Hos the Kinks heter det «Two girls are too many, three’s a crowd and four, you’re dead.» Just saying.

Leave a Reply