Framtida for Mosel?

Usikker framtida er, som Yoda sa det. Og det er jo noko av det som er spanande; vi veit ikkje kva som kjem rundt neste sving. I Mosel er det stort sett ei ny vinmark rundt svingen, men om ho vert driven og vil gje avkasting langt inn i framtida, ja det er meir usikkert.

Bratte vinmarker krev meir arbeid enn flatlandsmark. Og det er ikkje så mange lokale unge spirer som drøymer om å slite framtida si opp og ned skiferskråningane i Piesport, Wehlen eller Graach. Og truleg endå færre i mindre kjende Thörnisch, Traben eller Briedel. Har du ikkje eit kjend namn, er det vanskeleg å få seld vinen til berekraftig pris.

Ein som får gode skussmål og poeng frå vinkritikarar er Konstatin Weiser frå Weingut Weiser-Künstler i Traben-Trarbach. Eg tok ein telefon til han for å høyre korleis det hadde gått med årets innhausting, og om han fekk omsetjing for 2019-årgangen. Fyrste cuvéen gjekk på flaske om lag samtidig med at Europa gjekk i lockdown.

Trass i ein nervøs start, har vinen til Alexandra og Konstatin frå 2019 gått unna. Portefølgjen vart noko anleis enn 2018. Dei kallar seg ein kabinett-produsent, altså at hovudtyngda av sortementet skal vere i det lette spekteret. Men vêret og plantesjuktdomar er vanskeleg å styre. 2019 gav rikeleg botrytis og påfølgjande mindre utbytte og høgre mostvekt.

Eg var sjølv med på innhaustinga, og hugsa eit lummert vêr med både varme dagar og regn. Mosel ligg om lag midt i Tyskland på nord-sør-aksen, og her plar det vere eit vêrskilje. Mosel fell ofte ned på det fine vêret i sør, men denne hausten var det eit lågtrykk som vart liggjande litt for lenge.

Idylliske Wolfer Sonnenlay badar i morgonsol nokre dagar før innhausting

Dei bratte vinmarkene i Mosel tek lengre tid å hauste enn flate marker. Og svært mange eig små parsellar i ulike vinmarker. Innhaustingslaget må difor flytte seg rundt, om dei rekk å plukke ferdig meir enn i ei vinmark om dagen. Dette tek òg meir tid enn om ein haustar i ei stor blokk. Legg til urøynde hjelparar, krevjande logistikk med å frakte boksane frå vinmarka og til transporten tilbake til vinhuset, og sortering av botrytisdruer.

Resultatet er at det ein kjem tilbake til pressa med i laupet av ei innhausting, kan variere svært mykje i mostvekt, mengde og stil. Det er difor vanskeleg å ha ein portefølje som er lik frå år til år. Om ein bind seg til masta ved å skulle utelukkande ha tørr vin til sals, vil det nokre år vere vanskeleg å presse alle druene inn i ei slik tvangstrøye.

Då innhaustinga i 2019 var over, sa Konstantin at vi skulle ha starta tidlegare. Det er lett å vere etterpåklok. Men den klokskapen kom i det minste til nytte i 2020. For då det nærma seg innhausting, hadde vêret og mogninga mykje til felles med 2019. Så Konstantin sette i gong 21. september, mot 26. september året før. Vêret utover i innhaustingsperioden var meir forutseieleg og tenleg enn i 2019. Det var litt regn, men i mindre mengder. Og det var kalde netter, så det vart lite botrytis. Oechsle-nivået held seg ganske stabilt i to heile veker, slik at dei lette kabinett-nivå-druene kunne sikrast. Kabinett-vinen frå mellom anna Ellergrub låg på 83-85 oechsle. Syrene var gode, sa Konstantin, men ikkje så høge i målbare tal.

Mengda vin som huset lagar har svinga mykje gjennom åra. Ønskje om å drive økologisk og dermed la vere å sprøyte med kjemiske middel, har resultert i tap av mykje druer i år med soppangrep. 2018 var eit år nesten utan problem, og med tenleg vêr. Då var det 25 000 liter vin på tank og fuder. 2019 såg solsvidde druer i juli og botrytis i oktober, og difor berre om lag 15 000 liter. I år vart Alexandra og Konstantin velsigna med gode 23 500 liter.

Men eg gler meg til meir av 2019-vinen kjem i hyllene. Førebels er det huset sin basis-riesling som har funne vegen til bestillingsutvalet. Denne er hovudvinen til Weiser-Künstler, og alltid gjæra ned til “old school nesten-tørr” som er eit lite knepp under den akk så vanskelige, men likefullt herlige kategorien feinherb. Mange produsentar eg snakka med sa at det var for vanskeleg å selje noko som hadde feinherb på etiketten. Denne vinen har hatt skrukork i alle år. Vi smakte ein 2009-utgåve ein dag under innhaustinga, og han var framleis livleg og vital. Eg er byrja å bli positiv til skrukork.

Fyrste dag med die Schere. Grøne tette klasar frå Enkircher Steffensberg
Weiser-Künstler Riesling 2019

Heilt lys strågul, nesten klar. Fruktig, med eit godsleg søtt eplepreg. Med litt lufting vert uttrykket noko friskare og stramare. Raude sognaeple, lime og skifer i regnvêr er luktene. Svak sødme, friskt syregrep. Ein lett vin, slik eg likar frå Mosel. Bra konsentrasjon allikevel. Syrespelet utviklar seg med meir lufting. No har eg smakt fleire flasker sidan vinen kom til Noreg i vår. Det har kome litt meir presisjon etter kvart. Men eg kunne kanskje ha ønskt meg at gjæringa hadde stoppa med 3-4 g meir restsukker, for å passe endå betre med krydra mat. 10,5% alkohol, 13,5 g/l restsukker, 8,5 g/l syre. Vinen kostar 219,90

Denne vinen har druer frå det meste av vinmarker som huset rår over. I Trarbach er det den vestvende Schlossberg og den austvende Taubenhaus. Litt frå dei yngste vinstokkane i den sørvende Wolfer Sonnenlay. Og frå yngre vinstokkar langs Starkenburger Hang. Fyrste dag hausta vi frå ein parsell lengst vest i den store Steffensberg i Enkirch. Parsellen vert driven økologisk av eigaren, og Weiser-Künstler haustar og kjøper druene. Her var det tette klasar og relativt høg avkastning. Etter kvart som dagane går vart det meir mogning og meir botrytis, og lågare avkastning.

To veker seinare, klase frå Enkircher Ellergrub.

Leave a Reply