Framtida for tysk kabinett?

Kabinettspørsmål #2

Quo vadis, kabinett? Citus, altius, fortius, er det sarkastiske svaret. Global oppvarming har bidratt til høgre mogning i druene enn tidlegare. På 70- og 80-talet var ein kabinett ein lett vin, med gjerne 20-30 g/l restsukker. Det vil seie nærare det som no kjem med feinherb på etiketten. No er kabinett ikkje like nett og lett som før, men ei billigare utgåve av spätlese eller auslese. Kva er framtida for tysk kabinett? Har den utspelt si rolle?

“Kabinettsspørsmål er et pressmiddel en regjering kan bruke overfor nasjonalforsamlingen i et parlamentarisk system for å få en sak vedtatt. Når en regjering eller et regjeringsmedlem truer med å forlate sin stilling om ikke det nødvendige flertall stemmer for, stiller de kabinettsspørsmål.

I Norge har kabinettsspørsmål blitt brukt en rekke ganger. Både regjeringen til Kåre Willoch i 1986 og til Kjell Magne Bondevik i 2000 gikk av som følge av et kabinettsspørsmål som ikke fikk den nødvendige støtte.”

Store norske leksikon

QmP

Kabinett med k og to t-ar, kom inn i det tyske vinlovverket av 1971, som det lægste av prädikat i kategorien Qualitätswein mit Prädikat (QmP). Prädikat-vin kan ikkje chaptaliserast. Tidlegare hadde nemninga Cabinet blitt brukt til vinar som produsenten tykte vel om, som utmerka seg i portefølgjen, og som var funne verdig ein plass i den gjævaste plassen, eller “kabinettet”, i vinkjellaren. I Mosel er nedre grense for riesling kabinett, ein vin der druene er hausta ved 70 grader oechsle. Dette gjev eit alkoholpotensial på ca 9,3 %, men det er hender vel knapt no lenger at det blir hausta druer med så låg oechsle. Sidan det ikkje er noko øvre grense for oechsle i dei forskjellige prädikata, vert kabinett gjerne ein deklassifisert spätlese eller auslese. Nedre grense i Mosel for riesling spätlese er 76 og auslese er 83.

Her kan du lese Kabinettspørsmål #1

Kva finst i Noreg no?

Ein liten gjennomgang av det som finst av kabinett frå Mosel, Saar og Ruwer på polet, viser at gjennomsnittet av restsukker ligg på 43,5 g/l. Utvalet her er alle kabinett frå Mosel, Saar og Ruwer som ikkje er trocken, halbtrocken, feinherb eller liknande. For eksempel er Molitor sine Kabinett White Cap merka med “Tørr” på den norske etiketten, så den er bevisst gjæra lenger enn “fruktig” kabinett. Totalt var det 37 vinar som var tilgjengelig for sal på nett eller i eit polutsal, og som på nettsida oppgav restsukkermengde. (Pr 27.05.19) Det var nokre vinar frå spesialutvalet som ikkje hadde desse opplysningane på nett, så desse er ikkje med.

Ei ballerina og ein big boy

Det var klart størst representasjon frå 2016 og 2017. Det var også nokre vinar frå 2012, 2014, 2015 og 2018. Eg tek atterhald om at nokre av opplysningane om årgang, og kanskje også sukker-, syre-, og alkoholinnhald, ikkje stemmer. Det er importørane som melder inn desse opplysningane, og nokre gonger skjer det årgangsskifter som ikkje blir registrert med ein gong.

2016 og 2017 hadde altså såpass mange vinar at vi kan rekne litt på gjennomsnittet. Frå 2016 var det 12 vinar og restsukker-gjennomsnitt på 38,9 g/l. 2017 har 16 vinar og her ligg gjennomsnittet på 47,7 g/l. Dette gjenspeglar årgangane sine veksttilhøve. 2016 var ein årgang med ganske låge sukkernivå i druene. Ein årgang for lettare og meir elegante vinar. Og nokre “ekte” kabinett-vinar. 2017 gav meir konsentrasjon, dels på grunn av låg avkastning. Nokre av vinane med lægre restsukker frå 2017, var billige bag-in-boks, så desse treg ned snittet, som elles er høgt.

Tre lette og ein til.

Her kjem notat på nokre “ekte” kabinett, eller i det minste vinar som er lettare enn det som er vanlig. Ikkje uventa er det tre frå 2016-årgangen.

Van Volxem Rotschiefer Riesling Kabinett 2015

Lys strågul. Luktar av skifer, badeball, sykkelramme og lime. Saar på sitt beste, med andre ord. Litt søte eple etter kvart. Frisk, syrlig og leskande vin. Fjørlett, men med god konsentrasjon. Lime, søte raude eple på smak. Frisk finish. Moderat halvtørr, meir i retning feinherb. Den nygamle stilen Mosel. 10% alkohol, 8,3 g/l syre, 24 g/l restsukker. Kosta i 2018 kr 199,- Dette er vel eigentleg ein feinherb, når alkoholgjæringa har fått halde på til 10%. Men på bruket er dei ikkje så opptekne av for mange ord på etiketten.

Roman Niewodniczanski har lomma full av peng frå familieaksjane i Bitburger-bryggeriet. I 1999 kjøpte han eigedomen i Saar som tidlegare gjekk under namet Jordan & Jordan. No rår han over 80 hektar, og mykje er topp vinmarker. Han er tilhengar av riesling i den lette og nesten tørre stilen, som gjorde Mosel-vin svært ettertrakta rundt 1900. I 2007 vart Van Volxem med i VDP, så sidan den gong har ein del vinar endra litt fasong for å passe inn i Grosses Gewächs-trøya til organisasjonen.

Kva er framtida for tysk kabinett?
Von Hövel Scharzhofberg Riesling Kabinett 2016

Nesten klar, bleik strågul. Fruktig og lett søtleg anslag av mogne eple. På smak er det ein frisk, halvtørr vin med leskande syre og crisp eplesmak. Blir tørrare utover smakskurven, og med ein mineralsk struktur. Lett på tå. God til sushi og sashimi. 9% alkohol, 8,5 g/l syre, 28,4 g/l restsukker. Kr 229,90.

Maximilian von Künow er sjuande generasjon på eigedomen Weingut von Hövel. Han tok over i 2010, og utvida vinmarksarealet til dagens 21,5 hektar. Har endra vinmarksarbeidet til økologisk drift. Hjartet ligg i monopol-vinmarkene Oberemmeler Hütte og Kanzemer Hörecker, og ein bit på 2,8 hektar i Scharzhofberg. Kvaliteten er litt opp og ned. Lagar tradisjonelle prädikatsvinar, lette Saar Riesling i tørr og feinherb og GG.

Melsheimer Reiler Mullay-Hofberg Riesling Kabinett 2016
Melsheimer Reiler Mullay-Hofberg Riesling Kabinett 2016

Lys strågul. På lukt er det eit lett og friskt eplepreg. Vinen smakar ferskt og friskt. Halvtørr vin med god konsentrasjon og moderat sødme. Gode smakar av syrlige raude eple, og noko stein. Lett metallisk snert i ettersmaken. God til sterke krydder. Prøvd til ramen-suppe med chili, ingefær og sitrongras. 9% alkohol, 8,7 g/l syre, 19 g/l restsukker. AP 002 17, som i heilheit gjekk til Noreg. Kostar våren 2019, kr 199,90.

Thorsten Melsheimer held til i Reil, på vestsida av elva, litt oppstraums for Pünderich. Her er det i hovudsak vinmarka Reiler Mullay-Hofberg som gjev enkeltvinmarksvinar frå denne adressa. Vinmarka vender mot aust og gjev difor lettare vin enn sør-og vestvende marker. Svært bratt vinmark, alt blir gjort for hand. Skal du ha med noko, må det berast på ryggen. Byrja å jobbe økologisk i 1995 og vart sertifisert biodynamisk i 2013.

Ikkje akkurat kabinett, men framtida like eins?

Ja, eg veit det handlar om kabinett, men eg kunne ikkje la vere å ta med denne spätlesen. Årets vin så langt?

Weiser-Künstler Enkircher Ellergrub Riesling Spätlese 2016

Svært lys. Herlig og rein lukt av friske eple. Floral og florlett. I munnen er dette endå betre. Ein superlett, harmonisk ballerina av ein spätlese. Her er nok konsentrasjon, men det gjer ikkje vinen diger og rik. Moderat sødme. Smakar av eple, pære og syrlig ananas. Smaken byggjer seg opp og frå lett og ledig til meir intensitet utover. Nydelig vin. 7 % alkohol, 8,6 g/l syre og 78 g/l restsukker. Vel verd sine 310 kroner. Druene er hausta ved 88 oechsle.

Alexandra Künstler og Konstantin Weiser starta opp i 2005. Fyrste tida laga dei vin i kjellaren til Daniel Vollenweider. Dei har no 4,6 hektar, primært rundt Traben-Trarbach og Enkirch. I 2016 var dei i gang med å leggje om til økologisk drift. Så kom det peronospora og utbyttet i Enkircher Ellergrub vart på 10 hl/ha… Gjer det meste sjølv i vingarden og i kjellaren. Lagar både lettare kabinett og kabinett trocken, i tillegg til meir konsentrerte tørre vinar. Små mengder auslese og beerenauslese når naturen og vêret er på lag.

Leave a Reply