Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Pinot Noir er kanskje den fremste formidlar av vekststaden. Terroiret. Eit medium for ein liten geografisk flekk der det er spanande og særeigne trekk som gjennom gjæring av juicen vert openberra for dei med opne sansar og ope sinn. Men kva er terrior? Jordsmonn, soleksponering, høgd over havet, hellingsvinkel, lokal gjærsopp og den menneskelege faktor. Ja til alt. Men dette kan jo finnast på alle adresser i heile verda. Kva skil Clos de Vougeot frå ei nyplanta vinmark med Pinot Noir i Brasil? 900 års historie. Ikkje berre 900 års prøving, feiling, forbetring og foredling. Men danninga av ei forståing hjå konsumentar av det ferdige produktet, at dette er terroiret, om lag slik smakar vinen frå denne staden, på denne drua. Eit referansegrunnlag i befolkinga. Dette er ikkje gjort på eitt år, ti år, tjue år. Det tek tid å finne forma og stilen. Det tek tid å la druestokkane bli eldre, slik at dei gjev meir konsentrerte druer. Det tek også tid før klonene er adaptert til den nye vekststaden. Etterkvart er dei er heilt integrert i det nye samfunnet, og har endra seg slik at dei leverer druer som er vesentleg betre enn fyrste gongen dei bar frukt. Sjølv om ein tek med seg dei beste kloner av Pinot Noir frå grand cru-vinmarker i Burgund, og plantar dei i til dømes Anderson Valley, vil ikkje den nye vinstokken oppføre seg like eins som i “heimlandet”. Pinot Noir-stokken frå Burgund har tilpassa seg den staden han veks på, slått rot og lært jorda, klima, fauna og vêret å kjenne.

Pinot Noir har truleg vore brukt i Alsace heilt sidan middelalderen. Då var det meir raudvin i området enn i dag. Frå slutten av 1500-talet og fram til 1980-talet minka arealet med raudvinsdruer. Men frå 1980 til 2015 har arealet med Pinot Noir, som er den einaste lovlege raudvinsdrua i appelasjonen, dobla seg og dekkjer no 10% av vinmarkene. Noko vert nytta i Crémant d´Alsace, og resten vert til raudvin. Men finst det ei oppfatning av korleis Pinot Noir frå Alsace smakar? Er det noko vinnerdar frå Melbourne til Manchester kan nikke gjenkjennande til? Finst det eit terroir? Eg vågar meg på eit nei. Det finst nok ein lokal tilhengjarskare, som i lokalbutikken vert eksponert for Pinot Noir like ofte som eg og du vert det for Tine mjølk og yoghurt.

IMG_3836

Zind-Humbrecht er ein mønstereigedom i Alsace som sikkert er kjend for mange. Leia av digre Olivier Humbrecht MW, økologisk sidan 1998, biodynamisk sidan 2002. 40 hektar vinmarker, mellom anna i 4 ulike grand cru og i lieux-dits av høg kvalitet. Lovprisa av Robert Parker sidan tidleg 90-tal og høgt prisa i marknaden. 23 fast tilsette vingardsarbeidarar utfører Rudolf si lære, i Olivier si tolking. I kjellaren er det spontangjæring, og Olivier let kvar cuvée få halde på til han er ferdig. Ingen intervensjon, han er ein slave av det gjæren måtte gjere. Det vil seie at vinane kan få noko ulikt alkohol- og restsukkernivå frå år til år. Dette er for konsumenten løyst med ein skala for opplevd sødme, på etiketten. 1 er lik knusktørr, 5 er nærare Vendange Tardive. Men dette gjeld jo kvitvinen. Her skal det derimot handle om den vesle raude rakkaren i portefølgen. 40 hektar vinmarker, der berre 0,3 er planta med raude Pinot Noir. I ein liten vestvend del av Heimbourg i Turckheim, hentar Olivier druer frå vinstokkar planta i 1997. Jordsmonnet er rik mergel og kalkstein.

DSC_1783

Pinot Noir Heimbourg 2014, Zind-Humbrecht (kr 371,20)

12% alkohol, uttak på 25hl/ht. Lagra i 18 månader i 3 år gamle barrique . Eg smakte vinen 18. april 2017, saman med ein kompetent vinsmakar, og dagen etter åleine. Testa i Zalto Burgund-glas.

Ung og mørk burgundaktig farge. Transparent. Lukta yppar til bråk. Dette er på grensa til vulgært, men deilig. Her er kirsebær og fatkrydder. Litt for mykje av det gode? I munnen er vinen fruktig og med god konsentrasjon. Det er ei prikkande kjensle på tunga. Litt tretørr i ettersmaken. Det smakar dyre eikefat. Elles ganske mjuk vin utan mykje struktur. Spanande og litt sært. Funky squaredance.

Jasså, Håvard, så du vågar deg inn i den etablerte kategorien til Jan Tore, Vin og Vinyl, der han eksellerer med eminent musikkunnskap og vinøst ordkunstnerí. Og så med CD-format! Skandale! Men okke som; vinen inspirerte til lytting av denne finfine debutplata frå fire forstadsgutar i Paris, som nokre år seinare turnerte på tre kontinent. 

PHOENIX – UNITED

Phoenix er eit band som er assosiert med andre frekke franske eksportartiklar som Air og Daft Punk. Laurent Brancowitz spelte saman med dei to robotane Thomas Bangalter og Guy-Manuel de Homem-Christo (prøv å seie det rett etter ei flaske pinot noir..) som sidan starta Daft Punk. Etter garagestatus frå midten av nittitalet, kom debutplata til Phoenix, United i 2000. Air var backingbandet deira på nokre gigs dei gjorde på britisk fjernsyn. Min bror kan bekrefte at dei ikkje var spesielt dyktige på instrumenta, då han såg dei på Hultsfred-festivalen i 2001. I 2004 gjesta dei Bergen, og då var det orden i rekkene. Ingen stor konsert, men kjekt å ha sett dei live. Som band er dei nok betre som låtsnikkarar enn live. Debutplata har ungdommelig overmot og det spriker vindskeivt i alle retningar – nett slik eg likar det. Her er fine fengande poplåtar med god radiofaktor. Too young og If i ever feel better gjekk vel på P3 og vert trekt fram att no og då i ymse kanalar. Desse er reinare og meir easy listening enn ein del andre spor på plata.

IMG_3837

Dei nyttar ein del forvrengt vokal, noko som var inn i tida, og som både Air og Daft Punk brukte. On fire må vere ein hommage til Steely Dan, med koring og litt prog i det låta glir over i neste spor som er instrumentalen Embuscade. Her har dei med blåserekke. Andre låtar har strykearrangement. Fire usikre musikarar har altså fått rikeleg hjelp til å høyrast coole og fengande. Ja kvifor ikkje?

Her er korte låtar på berre litt over ti minutt, og det er trerettaren Funky Squaredance på 9:38 som har med vokal frå to (!) ulike kor. Sjølv om dei på seinare album som Alphabetical, It´s Never Been Like That og Wolfgang Amadeus Phoenix leverer øyresmør og godlåtar, er debuten så upretensiøs og laussluppen som debutalbum skal vere. Check it out!

DSC_1776

Ja ja, no får vi sjå kva Jan Tore seier. Å setje saman denne vinen og musikken til Phoenix var kanskje litt søkt. Ikkje var det vinyl heller… Men finst det verkeleg folk som både har alt av Phoenix på vinyl OG kjellaren full av Zind-Humbrecht? Eg tvilar. Men, om du finst der ute, ta kontakt.

Leave a Reply