Julefred over Syria?

Det er ikkje mange setningane om syrisk vin i vinbøkene mine. Det er ingen detaljerte kart over vinmarkene. Syria har vore mykje i mediebilete, men ikkje i kulturavdelinga. Trass i at landet har 45 000 hektar planta med druer, er det lite vinproduksjon. Mesteparten går til borddruer eller til produksjon av brennevinet arak. Etter ein telefonsamtale med Karim Saadé, som saman med broren Sandro eig det einaste kommersielle vinhuset i Syria, har eg litt meir å melde.

Fønikarane

Syrarar har vore viktige i å spreie den glade bodskapen om vinkultur til landa rundt Middelhavet. Fønikarane, som kom frå kystområda i det som i dag er den nordlege Israel, Libanon og Syria, var handelsfolk og sjøfararar. Dei tok med seg kunnskap og vin til Egypt, Tunisia, Marokko, og vidare til austkysten av Spania. Dei inspirerte til vindyrking på Sicilia og i Toscana.

Krig og problemer

Syrian Observatory for Human Rights melder at mellom 370 og 570 tusen har mista livet i borgarkrigen. Det er 7,6 millionar internt fordrivne i landet. Det finst framleis ein del kristne att i Syria, sjølv om mange har flykta. Desse treng vin til nattverdsritualet. Han vert gjerne produsert lokalt, men denne vinen er av enkel standard. IS har ikkje noko greit tilhøve til alkohol, så forsøk på vinproduksjon er risikabelt. I 2013 var det granatangrep i nærleiken av vinmarkene til Karim og Sandro. Heldigvis vart det kun små materielle skadar. Hadde IS kome og sett at det var vinmarker, ville dei øydelagt alt, trur Karim.

1000 moh

Karim fortel at vinmarkene til Chateau Bargylus ligg inne på eit platå om lag 1000 meter over havet. Dei planta 20 hektar i 2003, med syrah, cabernet sauvignon, merlot, sauvignon blanc og chardonnay. Sidan det ikkje er noko kjende lokale vindruer som kan lage kvalitetsvin, ville Karim og Sandro satse på druer som kunne fungere i klimaet og jordsmonnet. Vinmarkene vender mot nordvest, og er planta med 6250 stokkar per hektar. Det er kalkstein og flint i jorda. Dei har også ein vingard i Bekaa-dalen i Libanon, planta med dei same sortane. Stéphane Derenoncourt frå Bordeaux har vore konsulent i starten, men det er lokale medarbeidarar som tek seg av drifta av vinmarker og produksjon.

Doble problemer

Far til Karim er syrar og mora frå Libanon. Brødrene Saadé vaks opp i Beirut, men på grunn av den politiske uroa i landet, tenkte dei at det ville vere sikrare å satse på ein vingard i faderlandet Syria, fortel Karim med ironi i røysta. “No er det kaos i begge landa!” I midten av oktober byrja dei største demonstrasjonane i Libanon på mange år. Folk var lei av nye avgifter og korrupsjon. Mellom anna foreslo regjeringa auka avgifter på tobakk og bensin, men også avgift på å ringje med appen Whatsapp, som er det Karim og eg nyttar til vår samtale. 29. oktober gjekk statsminister Saad al-Hariri av. Hassan Diab har no teke over statsministerposten, men i bakgrunnen står Iran og Hizbollah, og USA og Saudi-Arabis og dreg i trådane frå fleire kantar. Knuten blir altså strammare om ikkje økonomien tek seg opp.

Taxi-vin

Auka bensinavgift er dårleg nytt for Karim og Chateau Bargylus. Før druene kan gå i pressa i vinhuset utanfor byen Latakia, på nordvestkysten av Syria, må brødrene Saadé undersøke kvaliteten og mogninga. Dei fryktar for eigen sikkerheit, og har ikkje kunne besøke vingarden i Syria sidan krigen braut ut i 2011. Druer vert difor send i kjølebag med taxi til Beirut. Der kan Karim og Sandro smake og ta avgjersle om oppstart for innhausting. Altså litt meir tungvint enn for dei fleste vinmakarar. Og i dag, 23. desember høyrde eg på nyheitene at IS har byrja å styrkje seg i fleire land…

Ut i verda

Det er ikkje lett å vere einaste vinprodusent i eit land, og det er ikkje mange å spele ball med. Forsyningar kan vere uregelmessige, og dei har difor hamstra mellom anna korkar og flasker. Når vinen er ferdig tappa og klar for sal, vert han send med skip til Egypt. Derifrå går noko attende til Libanon, medan resten som skal ut i verdsmarknaden går til eit lager i Belgia. Karim fortel entusiastisk om gode tilbakemeldingar frå kundar, og listeføring i fleire gode restaurantar.

Bargylus Rouge 2013

Tett lillaraud med litt bruning. Vinen er mørk, men seks år har byrja å gjere noko med både farge og utvikling. Vinen har eit litt søtleg fruktpreg på nasen, det er vel som forventa. Tett, feit, og intens lukt av mørke bær, krydra med bacon og grøne urter. Frisk men svær vin med god syre og mykje struktur. Noko utvikling på tanninane. Det tørrar godt i gummane! Mykje mørke bær og litt fatpreg. Kan minne om fersk Chateauneuf-du-Pape. Flott vin, og noko å varme seg på i den kalde vintertid. 14,5 % alkohol. Smakt frå Riedel Bordeaux. 365 kroner er ein del, men med tanke på produksjonsutfordringane, er det vel heilt greit.

Leave a Reply