Julegåvetips 2022

Kva skal du finne på å gje dine vener og familie i år? Ja, så er det plutseleg desember og det byrjar å haste med å finne på, handle, pakke inn og dele ut. Om du er som Nattverden sine medarbeidarar, så verdset du harde pakkar med mjuk frukt og kantete tanninar. Den beste måten å sikre seg at neste gong du skal i middagsselskap til dine vener har dei god vin på bordet, er å gje dei noko vin som du sjølv set pris på. Her kjem Nattverden sine beste tips til vingåver i år. Sit heime og bestill, klikk og hent.

Om du treng meir lesestoff, kan du sjå kva vi hadde i julekalendaren i 2018. Eg nemner løvetannvin, jøss, og Aszú.

Håvard

Har du tenkt å kjøpe noko til woke veninner, sytete systrer eller fagre feministar? Ein Champagne laga av kvinner må vel gå rett heim? Oudiette X Filles Uni Terre II Blanc de Blancs Extra Brut 2018 har ein rund og behageleg mousse og nasen har ein del autolyse. Sitron og fatbruk som bidreg med kaffi og kvit sjokolade, og kinin og brioche frå autolysen. Frisk men ganske rik Champagne med kalk og nedfallseple. Litt keitete og uforløyst, men stort potensiale. “Opnast 2026” kan du skrive på til-frå-lappen.

Har du eit syskenbarn som er halvøkologisk bonde i rurale strøk, men er usikker på kva han likar? Ein småskala vin frå utkant-Frankrike aka Jura må vel treffe ein kollegial nerve. Tissot & Potel Côtes du Jura Pinot Noir 2020 kostar berre 189,90 og er ein fruktig og lett pinot. Her får du rein, ung stil prega av mørke og søte bringebær, tranebær og treverk. Enkel og god vin til prisen.

Litt meir motstand er det i Luis Seabra Xisto Ilimitado Tinto 2019. Har du ein ven som aldri kjem vidare frå mjuk og fatprega Rioja? Pakk inn denne og håp på eit juleunder. Vinen er iallefall noko av det betre frå den iberiske halvøy til denne prisen. Fargen er Douro-typisk mørk rubin og tett. Men resten er svært elegant og finesserikt. Det luktar norsk sommar i fjellet med knuste krekling og blåbær, og litt bålrøyk. Frisk og intens men lett Douro-vin med open og rein frukt. Lette, men snerpande ferske tanninar.

Har du ei niese som er avhaldsmenneske, men glad i gode smakar? Gardsbrenneriet sin Frisider Eple vil ta henne tilbake til barndommens epleslang. Mykje fine aroma av gulgrøne eple med hint av urter og rabarbra. Ganske søt alkoholfri sider som strammar seg opp saman med mat.

Til søtnosar og søtmonsar kan du overraske med ei søt lita halvflaske med Kracher Zweigelt Beerenauslese 2020, som skil seg ut med å vere laga på den blå kvardagsdrua zweigelt. Med farge som hushaldssaft ser den uskuldig ut, men smakar intenst av mango, botrytis og raude bær. Ein vinnar attåt kremdessertar infusert med sitrus og/eller bringebær.

Nils Johan

Har du ein nabo eller onkel som er grillkonge, og som elskar å halde hoff på hageflekken? Då trur eg han vil finne stor glede i ei stor flaske under treet, ei han kan tøffe seg med. Eit av Vinmonopolets aller beste kjøp i kategorien grillvin er Weinert Malbec 2014. Perfekt til grilla okse med chimichurri, men den modne rike stilen gjer den óg høveleg gjennom heile vinterhalvåret, til haustens lam og vinterens vilt. Om du vil vise måtehald finst den óg i vanleg storleik (249,-), men om du kjøper magnum får du rabatt (379,-) … 24% billegare, og som du sikkert veit, magnum er jo meir enn dobbelt så gøy som ei vanleg flaske.

Kulturtanter er boklærde og vidfarne. Dei har høgare kulturell kapital enn deg, så pass deg. Dei kan kunsten å dyrke lange aftnar med høgtsvevande samtalar som gradvis glir over i det reinaste vrøvl. Dei kan drikke deg under bordet. Eg har vore på fest med dei mange gonger og sett kva dei har i glaset, det kan vere rosévin og det kan vere Champagne, men om det er noko som aldri er feil så må det vere Sancerre. 

Henri Bourgeois Sancerre Grande Réserve 2021 er eit solid og typeriktig eksemplar som eg er sikker på vil vekke stor begeistring og få gevanta til å flagre med auka intensitet. Ikkje i luksusklassen, men ein bruksvin som seg hør og bør. Ein ekte Vinmonopol-klassikar som har vore i hyllene sidan den tid då dei berre hadde 1 vin frå Loire. Finst på nesten alle pol i magnum; kulturtanta veit å verdsetje store flasker.

Champagnesosialisten lever i ein kontinuerleg ambivalens. (Men gjer vi ikkje alle det?) Hen er kvalitetsbevisst, og kan kanskje kallast ein livsnytar, men har ein sterk ryggmargsrefleks som strittar imot det overdådige. Hen kan vere tilbøyeleg til å ha litt peiling på vin, så du må trå varleg. Hen veit å verdsette dei mindre produsentane, og veit kanskje til og med kva Récoltant-Manipulant (grower-champagne) er. Så for all del hald deg unna Moët & Chandon…

André Clouet Silver Brut Nature er ein crisp og knusktørr champagne i moderne stil. 100% pinot noir, tonar av kjeks og nøtter – ein fager universalvin til allslags julemat.  Kva champagnesosialisten eigentleg synast om magnumflasker er eg usikker på, blir det for showoff? Ikkje veit eg, men om du vil prioritere endå høgare kvalitet framfor kvantitet, har Clouet óg ein framifrå solera som estetisk er meir diskré i sin opulens (i alle fall når du får rydda vekk den spjåkete juleband-emballasjen): André Clouet Un Jour de 1911. Den er så god at den lyt nesten drikkast på same dag som pakken vert opna, altså på sjølve julafta.

Leave a Reply