Kardinalsynd og juksepavar #2: Argiano

Du har høyrd om Brunello, ikkje sant? Ikkje? Kom igjen, det er jo ein av dei tre B-ane i Italia! Barolo, Barbaresco og Brunello di Montalcino. To ess i ermet, og ein joker litt lengre ned i jakkeforet. Ja, for om du har høyrd om Brunello di Montalcino, men ikkje anerkjenner det som ein av dei store vinane i Italia, så er det kanskje ikkje så rart. Brunello di Montalcino er jo ei ganske ny oppfinning.

Montalcino er ein av 36 comuni i provinsen Siena i Toscana. Dryge 5000 innbyggjarar kan vere stolte av at Brunello di Montalcino var den fyrste vinen som fekk DOCG i Italia. Men det har ikkje alltid vore fryd og gaman i Montalcino. På 1950-talet var Montalcino den fattigaste kommunen i Siena og ein av dei fattigaste i heile Toscana.

Sjølv om Montalcino i dag er kjend for den raude Brunello, laga på 100% sangiovese, var området kjend for ein søt kvitvin kalla Moscadello, heilt tilbake til 1500-talet. Det var fyrst med Biondi-Santi sine forsøk med ein raudvin på sangiovese på 1860-talet at dei fyrste spirene til dagens populære raudvin kom opp or jorda. Brunello er altså ein ganske ny vin. Nabovinane Chianti og Vino Nobile di Montepulciano har røter som strekk seg langt attende. Historikaren Titus Livius twitra allereie for over 2000 år sidan at Gallarane var lokka til Montepulciano på grunn av den gode vinen. Og Chianti var såpass etablert at det var på tide dei fekk verdas fyrste geografiske vininndeling, med storhertug Cosimo III si velsigning i 1716.

I søvnige Montalcino var det i 1967 etter phylloxera, fattigdom og to verdskrigar, berre 13 produsentar av Brunello. Året før hadde dei i Montalcino fått sin eigen DOC-status. Men takka vere amerikansk kapital, pågangsmot og skamlaust profittjag, klarte to brødre å skape blest og marknad for Brunello, spesielt i USA. Soga seier at John og Harry Mariani, som hadde kjøpt eigedomen Banfi i 1978, kom til staden i helikopter, hoppa ut, og før dei hadde sett føtene på jorda, byrja å lære dei lokale døgeniktane eitt og to om korleis dei skulle drive vinbusiness i Montalcino heretter! (1) I 1979 hadde talet på produsentar stige til 43 og 1,5 millionar flasker vart produsert i året. I dag er det 250 vinbønder, og 200 produsentar som årleg tappar åtte millionar flasker.

Så langt såre vel. Men med nye kostar og innblanding frå utanforståande produsentar og konsulentar utan røter i området, varte det ikkje lenge før inntrykket av Brunello-vinen vart endra. Og paradoksalt nok var det kvalitetsløftet som Super-Toscanarane skapte i andre delar av Toscana, som var med å rote det til i Montalcino. For det var ikkje ein lys, elegant og lagringsdyktig vin brødrene Mariani skulle frelse den amerikanske marknaden med. Instant gratification, per favore! Til ein viss grad speglar moderniseringa i Montalcino den same bølgja i Barolo. Men der kortare maserasjon og franske fat kunne temme noko av nebbiolo-drua sine trugande tanninar, vart sarte sangiovese smadra av vanilje, kaffi og tretannin frå dei nye barriques. (2) DOCG Brunello di Montalcino har også Italias lengste krav til lagring før sal. Fram til 1991 måtte Brunello lagrast på fat i 3,5 år, og totalt 4 år. Frå 1991 vart fatlagringa redusert til tre år. I 1998 vart fatlagringa ytterligare redusert til to år. Den store utvidinga av vinmarksarealet på 80- og 90-talet, førte til at områder som tidlegare var rekna som uegna for Brunello, no vart tekne i bruk. Spesielt områder i det varmare og lågareliggjande sørvestlege hjørnet av appellasjonen. Nyplanting betydde også at det var mykje yngre vinstokkar som stod for druematerialet, og desse hadde ikkje kraft nok til å takle lang fatlagring.

Så, i mars 2008 kom det nyheiter frå bloggaren Franco Ziliani, og James Suckling i Wine Spectator, at det var sett i gong etterforsking av fleire produsentar for brot på reglane i produksjon av Brunello. På grunn av strenge personvernlover i Italia, kom ikkje politiet med namn på dei mistenkte. Men det seiv ut rykter om at Antinori, Argiano, Banfi og Frescobaldi var mellom dei etterforska. Opp mot ein million flasker av årgang 2003, som var den aktuelle årgangen klar for sal, var kverrsett. Men rykter sa også at det var langt fleire som hadde fått kverrsett vin, og at det var så mange som 93 produsentar som vart etterforska. Vinmarker vart sett i karantene. Årgangane 2004, 2005, 2006 og 2007 som låg i kjellarane i fat og flasker, vart også undersøkt. Det var mistanke om at det var blanda inn andre druer enn sangiovese i Brunello-vinen. Det er over 800 hektar med cabernet sauvignon, merlot og syrah planta i Montalcino, som kan nyttast til Sant´Antimo DOC eller IGT. Vart det for freistande å “krydre” sangiovese med mjuk merlot og ein knivsodd syrah for mørkare farge? Banfi vart også mistenkt for å ha for høg avkastning.

Skandalen var det store samtaleenmnet på Vinitaly, nokre veker etter avsløringa. Hendinga fekk raskt namnet Brunellogate av engelsktalande journalistar. Men eit land som har hatt Silvio Berlusconi som statsminister, ein populær politikar som har lansert “kyss-meg-i-ræva-dagen” og regjeringsskifte kvart einaste år, har naturlegvis sine eigne skandalar å nytte til kjælenamn. Brunellopoli vart skandalen heitande i Italia, etter korrupsjonsopprullinga “Tangentopoli” på 1990-talet.

Av 17 tiltalte personar, fekk to fengselsstraff på høvesvis 16 og 12 månader. Fleire fekk tilståingsrabatt og fekk omgjort fengselstraffa til bøter. Ein vinmakar vart frikjend. Sidan ingen namn på personar eller firma vart offentleggjort, kunne alle halde fram, nesten utan ei ripe i lakken. Parallellen til korrupsjonssystemet i politikken er slåande i Brunello di Montalcino. Som eit prøveprosjekt hadde Brunello Consorzi fått utvida fullmakter frå italienske vinmyndigheiter til sjølv å vere kontrollorgan, eller bukken til havresekken kan vi kanskje seie. Etter skandalen hyrte Brunello Consorzi inn ein uavhengig tredjepart til å ha tilsyn. Men desse leigde inn folk frå consorziet til å gjere jobben…

Kva kan motivet vere for å jukse med ein så høgverdig vin som Brunello di Montalcino? Forfattaren Kerin O´Keefe har smakt mykje Brunello, og skriv i boka Brunello Di Montalcino, Understanding and Appreciating One of Italy´s Greatest Wines at det var mange mørke, moderne og syltetøyprega vinar frå midten av 1990-talet, og at desse fekk høge poengsummar av mellom anna James Suckling i Wine Spectator. 25% av all Brunello vert eksportert til den amerikanske marknaden, som les og kjøper det som Suckling prisar. Men det kan også vere eit forsøk på å endre reglane for Brunello. Fleire større produsentar, som har vinmarker som ikkje gjev like elegant og strukturert vin, har eit ønskje om å endre reglane slik at Brunello ikkje skulle vere 100% sangiovese, men ha muligheit til å blande inn andre druesortar. Kanskje tenkte dei at om fleire dreiv med ulovleg blanding, ville det ikkje bli noko oppstyr, dersom det vart oppdaga. I etterdønningane av skandalen kom det framlegg i Brunello Consorzio om å endre reglane, slik at det skulle vere lov å blande inn andre sortar i Brunello di Montalcino og Rosso di Montalcino. Framlegget vart nedstemt.

Ein av dei mistenkte i saka var altså Tenuta di Argiano, som er mellom dei største i Montalcino, målt i volum. Eigedomen er frå 1580 og familien Pecci fekk bygd ein renesansevilla på denne tida. I løpet av historia har eigendomen skifta eigarskap mange gonger. I 1967 var Argiano ein av grunnleggjarane av Brunello Consorzi. I 1992 kjøpte Noemi Marone Cinzano eigedomen, og tilsette den kjende konsulenten Giacomo Tachis. På denne tida kom Super-Toscanaren Solengo til. Denne er laga på Cabernet Sauvignon, Merlot og Syrah. Frå 2003 har dansken Hans Vinding-Diers vore vinmakar på Argiano. Vinmarksarealet er på totalt 51 hektar, og ein tredjedel er med internasjonale druesortar. Dette gjev ein årsproduksjon på om lag 350 000 flasker. Brunello vert lagra på både barrique og botti før tapping. Argiano er funnen verdig eit oppslag i Nicholas Belfrage MW si bok The Finest Wines of Tuscany and Central Italy, medan Gambero Rosso Italian Wines 2016, knapt har med Argiano heilt til slutt i Toscana-kapittelet. Brunello di Montalcino 2010 har fått eitt glas. I 2013 vart Argiano seld til ei gruppe brasilianske investorar.

Brunello di Montalcino 2012, Tenuta di Argiano

Transparent granatraud, men i retning mot mursteinsraud i kanten. Her er iallefall fargen innanfor consorziet sine retningslinjer. Lekker og korrekt lukt av søte, mogne kirsebær, jord og treverk. Ah! Her er potensiale. Innbyr til smak og å setje seg ned i godstolen. Balansert og uanstrengt vin i munnen. God kirsebærsyrligheit og faste men finkorna tanniner. Noko eik vert detektert. Her er det god drikkeglede på noverande tidspunkt, men truleg vil tanniner og munnkjensla bli endå finare med nokre års lagring. Med litt lufting i glaset kjem det litt “glætte, kommerse” eikepreget tydlegare fram. Hmm… han siktar mot hedonistar på hi sida av Atlanteren, denne Hans… oppflaska i Bordeaux med Graves til frukost og high toast merlot til lunsj. Vel Hans, denne er grei, men eg lurer på om du hadde reint mjøl i posen i 2003…?

Vinen kosta 374,80 kroner. 14,5% alkohol. Smakt frå Riedel Bordeaux-glas heime.

(1) Nokre historier er for gode til å faktasjekke. Dette er ein av dei.

(2) Det er naturlegvis stor forskjell på Barolo og Montalcino. I Barolo var og er det fleire sterke tradisjonsberande produsentar som er ein tydeleg motpol for oppkomlingar med interessante idéar og gode bankkontaktar. I Montalcino er det ikkje noko vinmarks- eller landsbyklassifisering eller hierarki. I Barolo er det inforståtte forskjellar på dei ulike kommunane i denominasjonen. La Morra blir ein anleis vil i høve til Serralunga. Det er også ein del vinmarker som i lang tid har vore kjend som superlative. Montalcino hadde heller ikkje på 1980-talet djupe tradisjonar som var forankra i vinpublikum over heile verda. Biondi-Santi har “alltid” vore der, men det er det. Og så er det naturlegvis den storkjefta superprodusenten Gianfranco Soldera, som no har meldt seg ut av consorziet.

Kjelder:

Kerin O´Keefe: Brunello di Montalcino, Understanding and Appreciating One of Italy´s Greatest Wines

Nicholas Belfrage MW: The Finest Wines of Tuscany and Central Italy

Jacques Fanet: Great Wine Terroirs

Gambero Rosso Italian Wines 2016

wikipedia.org

worldoffinewine.com

argiano.net

Ein tanke på “Kardinalsynd og juksepavar #2: Argiano

Leave a Reply