Kims lek

Markus Molitor har på kort tid blitt ein storaktør i Mosel. Frå ein sped start i 1984 då Markus tok over 3 hektar, til han i dag sit med 102 hektar frå Serrig i Saar til Kinheim i Mittel-Mosel. Då eg var i Mosel i 2004, var søte prädikatsvinar frå Markus Molitor høgt verdsett i vinbutikkane eg var innom. I dag har vinane hans fått godt fotfeste i det norske vinpublikum, med både prisgunstige vinar som er hyllevare på dei fleste pol, til dyrare auslese i alle stilar. Molitor har no sitt eige gravitasjonsfelt, og kan difor stå utanfor VDP. Han er ikkje heilt samd i alle reglane, og tykkjer ikkje det passar heilt inn i Mosel. Ettersom VDP-medlemmer berre kan lage ein tørr vin frå ei VDP.Grosse Lage® vinmark med vinmarksnamnet, passa det ikkje for Molitor. Han liker å gje fleire uttrykk frå same vinmark, og i nokre vinmarker har han parsellar med ulik alder, slik at han gjerne haustar dei eldste for seg.

Problemstilling

Det var noko av det eg hadde tenkt å finne ut av; kvifor lage fire ulike tørre vinar frå same vinmark? Kva kan forskjellen vere? Korleis kan ein liten forskjell i oechsle og intensitet i druene vise seg i den ferdige vinen? Og er det slik at auslese er betre enn spätlese og kabinett? Mange spørsmål, men fleire tenkjer betre enn ein. Difor inviterte eg tre andre personar til å delta på eit lite uhøgtidleg eksperiment. Det var ein som arbeider i Vinmonopolet, ein med sommeliér-utdanning og ein ingeniør med sans for riesling. Vinane var blinde for mine tre deltakarar. Dei fekk opplyst at det var tørr tysk riesling. For at det skulle vere litt spaning for meg også, fekk eg kona til å helle kvar vin i ein karaffel med nummer på, slik at eg ikkje skulle vite kva vin som var i kvar av dei. Eg laga også eit lite skjema der eg ville at deltakarane skulle skåre vinen frå ein til ti på nokre karakteristikka. Det var lettheit, balanse, konsentrasjon, drikkeglede, lengde og total kvalitet. Dette var for å prøve å danne eit bilete av korleis andre såg på vinane, og om vi var samstemte eller usamde.

Vinane

Eg hadde funne tre tørre vinar frå vinmarka Zeltinger Sonnenuhr, som er ei av kjernevinmarkene til Markus Molitor. Her eig han 7 av totalt 21 hektar, og fleire parsellar er med svært gamle vinstokkar, opp til 120 år gamle. Dei er også med originale røter, altså ikkje poda på resistente amerikanske rotstokkar. Den skrinne skifergrunnen er ikkje noko for phylloxera vastatrix. Zeltinger Sonnenuhr begynner i enden av byen Zeltingen om lag der det ligg ei sluse i elva. I sørleg ende grensar ho til Wehlener Sonnenuhr. Ho vender mot sørvest og strekk seg frå vegen nede ved elva og nesten heilt opp til der skogen begynner, nær toppen av åskammen. Lengst mot Zeltingen er noko av vinmarksarealet nær toppen ein del av Zeltinger Schlossberg. Store deler er svært bratt, spesielt midtre og øverste del. Nokre stader er det terrassar. Jordsmonnet er blå devonskifer. I 2016 har Molitor altså laga fire ulike vinar frå Zeltinger Sonnenuhr med kvit kapsel. Eg hadde fått tak i kabinett, spätlese og auslese**. På desse står det “Tørr” på den norske etiketten, medan restsukkerinnhaldet er for høgt til at det kan trykkast “Trocken” på den tyske. Vinen er allikevel innanfor eit tørt paradigme. Molitor likar å hauste seint, men oechsle-nivået er ikkje veldig høgt på desse tre. Alkoholprosenten er 10,5, 11 og 11,5. Stjernene * til *** til Molitor indikerer aukande konsentrasjon, og finst på auslese med kvit, grøn og gullkapsel. Molitor gjærar spontant med lokalgjær, og vinane får liggje i nøytrale fuder på 1000 til 3000 liter med botnfallet ei stund.

Kva var det i glaset?

For meg som kjente til kva tre vinar som vart servert, var det ikkje noko problem å finne ut kva som var kabinett, spätlese og auslese. Ein litt for enkel kims lek. Det var ganske tydeleg auke i fruktsødme og vekt i vinen oppover i prädikat. For dei andre var det meir blindebukk enn kims lek. Dei var likevel ganske sikre på at dette var Mosel. Ein nemde også Molitor som ein mulig kandidat.

Eg kunne kanskje ha begrensa meg litt på tal parameter som skulle setjast eit tal på. Den fyrste som eg har kalla lettheit, var ikkje tenkt normativt. Altså at det ikkje er slik at 1 er dårlig og 10 er best. Meir eit forsøk på å plassere tre vinar frå Mosel innanfor ein grader av ein karakteristikk som Mosel kan vere god på. Glas nummer 1 var kabinett, nr 2 var auslese** og nr3 var spätlese. Smaksnotat under står i stigande prädikat-rekkjefølgje.

Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Kabinett Tørr Fuder 6 2016

Lukt: “Lett” og blomstrete med noko fruktsøtt. Granny Smith og friske raude eple. Smak: Veldig frisk, litt grøn. Fine eplesmakar av lyseraude “kina-eple”. God konsentrasjon og ein liten bittertone i ettersmaken. Lang. Litt tilkneppa. Betre forløyst på dag to. 10,5 % alk., 8,1 g/l syre, 13,2 g/l rs. Pris kr 239,90

Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Spätlese Tørr 2016

Lukt: Syrlig lukt av sitrus, kvit fersken og friske sognaeple. Smak: Frisk og tørr med fine eplesmakar. Snev av skifer og blomster. Grapefrukt i ettersmaken. Fin konsentrasjon, men lett i steget. Virkar også litt knytt. Treng nok lagring for å slå ut i full blomst. 11 % alk., 6,4 g/l syre, 12,7 g/l rs. Pris kr 189,90

Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Auslese** Tørr 2016

Lukt: Det er mogne og søte aroma her, med fersken, blomster og badeball. Smak: Konsentrert vin med fin balanse og snev av sødme. Nesten i retning feinherb. Mykje eple på smak og med ein liten grapefrukt-bitter tone i finish. 11,5 % alk., 5,9 g/l syre, 13,9 g/l rs. Pris kr 364,80

Ettertankar

Det er vanskelig i unngå å leggje merke til at desse vinane har fått gode skussmål og høge poengsummar frå ulike anmeldarar. Det er nok difor eg er litt skuffa. Det kan også vere at vinen vil bli meir harmonisk med litt alder. Eg ser no i ettertid at eg nok har skåra balansen litt høgt. Mine preferansar på Mosel er vin med litt meir uttalt preg av restsukker. Uansett er dette flotte vinar til overkommelege prisar. Auslese med tre stjerner har stige ein del dei siste årgangane, men på kabinett-, spätlese,- og auslese**-nivå er Molitor framleis prisgunstig. Men eg vil nok heller sjå etter vinar med grøn- eller gullkapsel. Grøn kapsel er altså feinherb, typisk med restsukker på 10 til 35 g/l. Gullkapsel er tradisjonell prädikat-sødme, det vil seie at gjæringa stoppar på 7 til 8 %, og restsukkeret gjerne er frå 50 g/l og oppover. Når Molitor vel å lage fleire tappingar frå same vinmark med kvit kapsel, enn med grøn og gullkapsel, kan det tolkast dit at han meiner kvit kapsel gjev eit meir detaljert uttrykk for terroiret enn vinar med restsødme. Truleg har det også med at marknaden etterspør tørre vinar, og det er lettare å selje desse i større volum enn ein med grøn kapsel. Eg ville ønskt meg fleire vinar i grøn kapsel, heller enn i kvit variant. Bruksområdet er vel så stort, og truleg vert vinane meir harmoniske med alder.

Lett usemje

Alle fire var samde om at det var høg kvalitet på vinane. To var samde med meg om at kanskje auslese-vinen var eit knepp meir interessant, når han kom i selskap med sine to småbrødre. Ein medsmakar meinte det var litt grøne aroma i spätlese-vinen, som var forstyrrande. Hadde vi hatt vinane kvar for seg, kan det vere vi hadde sett anleis på det. Det er jo alltid faren ved å samanlikne vinar som vi likar eller kjenner, opp mot referansevinar. Eg har sjølv erfart fleire gonger at gode vinar forsvinn i mengden av andre gode vinar, som har ei sterkare stemme. Men vinverda rommar meir enn jålete solistar. Det er også plass til dei som ikkje syng med utestemme.

Summa summarum

Mine poeng

Ein slags konklusjon

Årgang 2016 i Mosel har gitt vinar med god balanse. Det var mindre botrytis og lægre mostvekt enn 2015. Sukker- og syrenivå var moderate på generelt grunnlag. Før smakinga tenkte eg at eg kanskje ville like kabinett-en like godt som dei andre. Men det er vanskelig å ikkje la seg imponere av auslese-vinen her, der fruktsødmen er litt meir uttalt enn dei to andre. Samtidig virkar det som også auslese-vinen har meir på lager. Spätlese var kanskje den som viste seg best på noverade tidspunkt. Alle vinane har ei integrert syre. Det er ikkje ei utståande, fersk, saliverande, spenstig eller voldsom syre. Dette har nok litt med årgang og litt med at vinen får liggje i fat med botnfall og “runde av syra”. Det som er interessant er kor forskjellige desse vinane er. Det er same druesort, same vinmark, årgang, produsent, og truleg også dei same vingardsarbeidarane som har stelt parsellane til alle tre vinane. Likevel gjev små endringar i mostvekt og kanskje innhaustingstidspunkt fine nyanseforskjellar og forskjellig bruksområde.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *