M2M – to tolkingar av malvasia

Det er ikkje kvart år det kjem nye vinar frå Madeira på Vinmonopolet. Saman med sherry, marsala, rivesaltes og til dels portvin lever sterkvinane i ei nisje der sola sjeldan skin. Men er du i målgruppa må du vere rask, for volumet av vin frå den vulkanske øya er lite. Åtte produsentar er att, og dei sel samla dryge 3 millionar liter i året. Salet av vin laga på dei klassiske kvite sortane står for berre 5-6%.

Malvasia er ei drue og ein vinstil på Madeira. Før mjøldoggen kom i 1850 og phylloxera nokre tiår etterpå var det malvasia cândida som regjerte. Denne sorten er den same som malvasia di lipari, og er i dag mest utbreidd på øya Lipari (ca 133 ha) og på Sicilia (122 ha). På Madeira er det berre 4 ha att, medan resten av det som vert hausta og registrert som malvasia er malvasia de são jorge. Totalt areal med malvasia er no 38 ha, der 35 er på nordsida i São Jorge. São Jorge ligg i conselho Santana, som er ein av dei fire conselho på nordsida av øya. Santana har om lag 70 ha av totalt 495 ha som er planta med vitis vinifera-sortar.

På den søvnige ferieøya var det nok ein og annan som skvatt i stolen då ein ny produsent etablerte seg i 2012. Madeira Vintners sprang ut av jordbrukskooperativet i Funchal CAF, og saman med friske distriktsmidlar frå EU har dei bygd det dei treng for vinifikasjon og lagring i Sao Vincente over Funchal. Fyrste årgang (2012) vart vinifisert hjå Barbeito, men frå 2013 kunne dei ta i bruk flunkande nye estufa og ståltankar. Staben består hovudsakleg av kvinner, og dei ønskjer å lage madeira i ein feminin stil, i den grad det er mogleg.

Fire vinar frå Madeira Vintners er no lansert i BU og her er ein malvasia med fem år i fat. Vinen er lagra i canteiro, det vil seie konsentrasjon og oksidering på fat på ganske varmt lager. Normalt vil ein fem år gamal madeira vere ein blanding av ulike batch-ar med ulik alder, og gjennomsnittet vil vere fem år. Denne vinen består av kun vin frå 2012 som har vore på 350-litersfat. I 2023 vil denne vinen kunne kome på marknaden som Malvasia 10 Years Old. I 2033 som Malvasia 20 Years Old, eller som frasqueira med 2012 på etiketten. Ting tek tid på Madeira.

Madeira Vintners Malvasia 5 Years Old

Lys ravfarga vin, som ikkje er heilt klar. Søt lukt med god intensitet. Gule rosiner, tørka tropisk frukt, vanilje og litt julekrydder. Søt og konsentrert vin i munnen. Søte gule frukter, sviske, noko oksiderte aroma. Litt møbelpolish og treverk. Godt grep. Ein ganske ung og lett malvasia. 17,5% alkohol er heilt i nedre grad av kva som er vanlig. 137 g/l restsukker, 7,3 g/l syre. Vinen kostar 369,90. Vinen vart stilt til rådvelde av importøren.

Det er nok mange som har Barbeito som ein favoritt frå denne vulkanske øya. Bestefar til Ricardo starta opp dette vinhuset i 1946, og Vinhos Barbeito er med 75 år òg ein relativt fersk produsent. Den moderne historia til Barbeito starta med at Ricardo tok over styringa, då dei inngjekk ein joint venture med japanske Kinoshita i 1991. Før hadde dei konsentrert seg om billig bulkvin. Sidan har eksperimenteringa til Ricardo og teamet gjeve stadig nye spanande vinar. I november vart nokre flasker med ein Colheita Malvasia 2003 lansert i BU. Denne vinen er ein “single cask” som har vore i lagerhus “D” i Câmara de Lobos i 17 år. Dette lageret har tak av sinkplater som gjev høg temperatur når det er sol. Om vinteren er det kaldt, og denne balansen mellom varm sommarlagring og kjølig vinter, gjev ein fin balanse til vinane som ligg her. Vinen vart tappa på flaske i januar i 2021. Druene kjem frå São Jorge.

Barbeito Malvasia Colheita Single Cask 242 D Vinhas de São Jorge 2003

Djup ravfarga, klar. Djup, rik og foførande lukt. Dette er det høg kvalitet over. Karamellisert tørka søt frukt, gamle tremøblar, snev av røyk og vulkansk stein. Søt vin med god syre. Smak av tørka frukt, karamell og knekk. Konsentrert og fyldig. Kompleks og godt laga madeira som gjev mykje glede for pengane. 17 år lagring er lite i madeira-samanheng, men her har vinen brukt tida godt. 19% alkohol, 98 g/l restsukker, 6,7 g/l syre. 499,90 for 50 cl.

Leave a Reply