Mosel 2021

Set du pris på årgangsforskjellar? Det gjer eg. Dei kan vere nådelause i marginale vekstsoner. Eit år med dårleg mogning kan gje mykje grøn og trang vin. Ein middels årgang kan vere topp for folk med dårleg tolmod. Det kan vere lenge å vente før vinen frå toppårgangar når sitt ekvilibrium. Difor er “mellomårgangar” med mindre struktur og kortare horisont gode å drikke lenge før toppane. I Mosel som fokuserer på riesling er det mogleg å lage spanande vin med ulik mengde mogning i druene, til og med i det som kan verke som ein “dårleg” årgang.

Tørt eller søtt

No har 2021-vinane frå Mosel så vidt byrja å sive inn i landet og opp i polhyllene. Og er denne årgangen noko å få med seg? I so fall: kvifor skal du kjøpe 2021 og kva typar vin er det som skin i ein regnfull årgang? I og med at det er eit begrensa tal med vin som er lansert vert dette ein berre ein gløtt i dørsprekken. Tørre vinar med GG på etiketten kan fyrst seljast 1. september i år. Dei betre tørre vinane vil truleg kome i sal utover hausten og til neste år. Det har vore tre gode og varme år for tørre vinar i Mosel med 2018, 2019 og 2020. Korleis har dei då forvalta druematerialet i ein så anleis årgang som 2021? Høg syre skulle tilseie at dei halvtørre vinane blir bra.

Ekstremver

Regnet er nemnd allereie, og det kom i slike mengder i midten av juli at elva gjekk over sine breidder. Det var eit større problem i Ahr der den smale dalbotnen vart oversvømd, og mange vinprodusentar fekk øydelagd bilar, produksjonslokaler og utstyr. Mange vinbønder i Mosel var på solidaritetsdugnad i vinmarkene i Ahr, men sidan dei hovudsakleg lagar raudvin, hadde ikkje Mosel-bønder riktig utstyr å låne bort når vinen skulle lagast.

Vår og sommar

Men vi får ta det frå byrjinga. Vinteren var relativ mild, og våren var kjølig og regnfull. Dette utsette knoppskytinga, og då det kom noko frostnetter i mai, var dette ikkje noko problem i Mosel. Bløminga var to veker seinare enn normalen, og litt ujamn. Men utbyttet såg ut til å bli bra. I slutten av juni vart det litt sommarvêr, før regnet held fram i juli. Dei fyrste to vekene av juli var det mykje regn, og lokalt var det ekstremvêr. Særskild nokre stader i Belgia og i Ahr. For dei som kikka inn på web-kamera frå ulike stader i Mosel og Trier den 15 juli, såg Mosel-elva òg faretrugande ut. Men det vart berre små vasskader i kjellarar. 

Hausten

Vidare utover i juli og august var det skyer og kjølig, og utviklinga av sukker i druene gjekk seint. September vart redninga, med sol. Men det var kjølige netter og syrenivået held seg høgt. Mange som ikkje driv økologisk og var heldige og unngjekk dei verste soppangrepa, hadde mykje druer. Men då går mogninga seinare. Ei sprøyting mot botrytis vil òg utsetje mogninga med ca ei veke. Eg kom til Mosel 2. oktober for å vere med på hausten hjå Weiser-Künstler. Vi starta innhaustinga 4. oktober. På tur med sykkel og bil rundt svingane oppstraums frå Traben-Trarbach såg eg den fyrste veka mykje druer, men lite aktivitet. Det var nok fleire som ikkje byrja innhausting før midten av oktober.

Bra men ujamnt utbytte

Regnet og det påfølgjande presset frå vinskimmel-angrep var ujamnt fordelt. Det var særskild mykje mellom Zeltingen og Bernkastel, medan Saar hadde mindre problem. Totalavkastinga for Mosel vart ganske bra. Det er svært få som driv økologisk, og det er truleg dei som har mindre vin enn eit normalår. Det vart produsert 781 000 hl, som er litt over gjennomsnittet for 2011-2020 på 743 000.

Kabinett-årgang

Rapportar tyder på at hausten i Mosel gav mykje vin i QbA og kabinett-sjiktet. Truleg har mange laga ein del mindre volum tørre vinar og meir halbtrocken, feinherb og kabinett. Meldingar tyder på små mengder spätlese og auslese, samanlikna med dei siste åra. Vinane med prädikat har òg lågare oechsle enn på svært lenge. Dei er med andre ord lette og meir slik kabinett og spätlese var på 80- og 90-talet. Der det kom botrytis som konsentrerte druene til auslese, er det nok meir likt restsukkernivå som før. Men høg syre vil nok gjere at òg auslese frå 2021 vil bli opplevd som friskare i stilen. For dei som tykkjer Mosel riesling er blitt for store og rike, er det berre å lade kredittkortet og sikre seg 2021. 

Justering og syre

Ein del produsentar med høgt utbytte har måtta redusere syrenivået med til dømes tilsetjing avkaliumbikarbonat, og dette kan nok gje ein del vin på lågare nivå med manglande nerve. Samtidig er det nok ein del vin som kan verke skrinne og fruktlause. Det høge syrenivået gjer at sjølv feinherb-vin med 16 g/l restsukker vert opplevd som tørre. Korleis dei tørre vinane frå dei beste vinmarkene vil smake, er for tidleg å seie. 

Lett og slank

2021 ser ut til å gje nokre lette og elektriske kabinett-vinar som er verd å få med seg. Generelt har det ikkje vore lægre mostvekt sidan 90-talet. Dei siste 20 åra har det meste av kabinett vore langt inne i spätlese på oechsle, og spätlese har vore godt innanfor auslese. Vinane vil difor samanlikna med “normalen” verke lette og kanskje mindre imponerande. Men om alt skal vere imponerande, kvar går vi då? Om vinar i sjangeren kabinett skal kunne ha eit moderat restsukkernivå på rundt 40 g/l, har det blitt slik at alkoholen ikkje lenger ligg på 7,5 men ofte opp mot 9-9,5%. 

Her følgjer notat på nokre 2021 frå Mosel som eg har smakt i det siste. Fokuset er på kabinett og feinherb.

Saar

Weingut Würtzberg Saar Riesling Trocken 2021

Strågul med grønskjær. Fersk og fruktig lukt av raude eple, kvit fersken og melon. Syrefriskt anslag! Slank og lett vin med bra konsentrasjon. Tørr vin med smak av kvit fersken, syrlege eple og knust stein. Ein lett og tørr vin med fin typisitet til prisen. 12 % alkohol tilseier god mogning, evt ein liten chaptalisering..? Kr 149,90. Flaska vart sendt av importøren. Stelvin lux skrukork. 

Peter Lauer Barrel X Riesling Feinherb 2021

Lys strågul med hint av grønt. God intensitet. Innbydande lett søtleg lukt av friske eple, lime og markblomster. Friskt attakk i munnen, snev av CO2. Moderat restsukker, smakar nesten tørt. Gode smakar av lime og eple. Fin Konsentrasjon. Lett og herleg feinherb som drikk godt no. 50/50 eigne og innkjøpte druer. 10,5 % alkohol, 21,5 g/l restsukker, 9,3 g/l syre. Flaska vart sendt av importør. Skrukork.

Peter Lauer Ayler Kupp Fass 8 Riesling Kabinett 2021

Lys strågul. Lekker og ekspressiv lukt av raude sognaeple, markblomar og regnvatn på svaberg. Frisk og cool, epleprega og sursøt smak. Lett kartaktig syre og stålskarp mineralkjensle. Dette er bra greier. 8% alkohol, 46 g/l rs, 10,8 g/l syre. Flaska vart sendt av importør. Naturkork.

Von Hövel Saar Riesling Feinherb 2021

Lys strågul. Ferskengodt frå smågodthylla, vårblomar og syrlege grøne eple. Fin og Saar-typisk på lukt. Over i munnen så er dette ein lett og frisk vin med gode og tydelege smakar av fersken og eple. Syrlege raude eple og regn på svaberg. Manglar litt konsentrasjon, men den smale og nervøse syra er stilig. Og restsukkeret er ganske godt skult bak syra. 10,5% alkohol, 15,7 g/l rs, 7,9 g/l syre. Skrukork. Kosta 230 kr.

Schloss Saarstein Riesling Kabinett Feinherb 2021

Heilt lys, nesten fargelaus. Sitrande syrleg lukt av friske raude eple, og regn på svaberg. Lovande. Slank, lett og veldig frisk vin med merkbar men moderat feinherb-sødme. Herleg syre som ber vinen. Heilt grei konsentrasjon. Lett og god feinherb og god representant for 2021. 10% alkohol, 25 g/l rs, 9 g/l syre. Skrukork. Prisen er 224,90. Flaska vart send av importør.

Willems-Willems Krettnach Euchariusberg Riesling Kabinett 2021

Vinen var noko tilknappa rett etter opning, og etter ei natt i kjøleskåpet er vinen byrja å skine. Slank, überfresh riesling der alt restsukkeret er elegant balansert av den høge syra. Eplekart, sykkelramme markblomar er aroma. Denne kan med fordel få liggje i ro i kjellaren i nokre år. Alkohol på 7,5 %, 44 g/l rs og 11,5 g/l syre. Kostar 249,90 og er ein svært pen Saar kabinett! For dei som har skaffa seg ein kabinett frå Hofgut Falkenstein frå same vinmark, er nok ein samanlikning interessant.

Ruwer

Maximin Grünhaus Maximin Riesling 2021

Nærast fargelaus. Honningmelon, sitrus og noko gule eple. Lett og frisk feinherb riesling med ok konsentrasjon, og ei fin syre som kjem snikande utover i smaken. Moderat sødme, nesten tørr. Reine smakar. 11,5% alkohol, 14,8 g/l rs, 7,8 g/l syre.Kr 169,90. Flaska vart sendt av importør. Skrukork.

Maximin Grünhaus Bruderberg Riesling Kabinett 2021

Lys strågul. Lett svoveltone rett etter opning, men dette forsvinn fort. Tilbake er ein aroma som tek meg tilbake til barndommens epleslang, der gulgrøne eple av ukjend sort vart konsumert i smug. Ah! Herleg frisk og svært lett kabinett. Stålsyre som maskerer nesten alt av 51,6 g/l restsukker. Fin smak av nypressa eplemost. Moderat sødme, høg kvalitet. 7,5% alkohol, 51,6 g/l rs, 8,8 g/l syre. 2020-årgangen kostar 299,90. Flaska vart sendt av importør. Naturkork.

Karthäuserhof Bruno Riesling Kabinett Feinherb 2021

Lys strågul. Rein, mild riesling-aroma, moderat intensitet. Raude, friske eple. Sitrande og syrleg vin som nesten kjennest tørr. Reine eplesmakar med raude og gule eple. Balansert og lett. Gjev mykje for pengane. 9% alkohol, 28,5 g/l rs, 9,2 g/l syre. Kr 169,90.

Mosel

Dr. Hermann Erdener Treppchen Riesling Kabinett “6” 2021

Lys strågul på farge. Syrleg metallisk lukt blanda med raude eple. Lett, frisk og leskande syrleg kabinett med moderat oppleving av sødme. Grei konsentrasjon. 7,5% alkohol, 47,6 g/l rs, 10 g/l syre. Naturkork. Kosta 259,30. Flaske send av importør.

Dr. Loosen Wehlener Sonnenuhr Riesling Kabinett 2021

Heilt lys strågul. Ganske rik lukt med skifer og regn, lime og søte eple. Grei intensitet, kanskje litt mindre enn venta. Høg syre som gøymer ein del av restsukkeret. Det smakar av søte raude eple og noko kvit steinfrukt. Leskande syre og grei konsentrasjon. Mykje vin for pengane, og plukka opp på mitt lokale pol til 179,-. No er prisen gått opp til 182,90. Kanskje ein vin å lagre nokre år? Kostar lite å prøve. 8,5% alkohol, 54,7 g/l rs, 9,3 g/l syre. Skrukork.

Carl Loewen Longuicher Herrenberg Riesling Kabinett 2021

Strågul -. Sursøt lukt, mykje frukt med gule eple, honningmelon og mandarinskal. Frisk, lett kabinett med grei konsentrasjon. Syra klarer å skjule nesten alt av 38 g/l restsukker. Gode smakar av friske nyplukka eple, honningmelon og snev av grønt. Legg på seg litt vekt til dag to. 8,5 % alkohol, 38 g/l rs og 8,8 g/l syre. Kostar kr 219,90. Flaska vart send av importøren. Diam 10 kork.

A.J. Adam “Im Pfarrgarten” Riesling Feinherb 2021

Klar og fin, lys strågul vin. Grei intensitet. Limeprega lett søtleg lukt, med sursøte eple og kvit fersken. Herleg balanse i vinen. Frisk og sursøt feinherb-vin med gode og klare smakar av eple, sitrus og noko urter. Høg, men godt integrert syre som skjule noko av restsukkeret. Kanskje litt uforløyst, men drikk godt no. Mykje vin for pengane. 10 % alkohol, 24 g/l rs og 9,5 g/l syre. Kr 264,- Flaska vart sendt av importøren. Skrukork.

A.J. Adam Dhroner Hofberg Riesling Kabinett 2021

Det sitrar av syre før nasen er komen heilt bort til glaset. Sart og fin lukt av nypressa raude Sogna-eple og litt solbærblad. Det var syredelen. Vinen luktar òg av søtare og mognare frukt, mest representert av gule eple. Med litt snurring på glaset dukkar det opp ei ange av knust skifer. Frisk, lett og konsentrert kabinett, med filigran eplesyre og godt gøymd restsukker. God no, men er nok litt uforløyst. Kan vere verd å prøve i både fersk og lagra utgåve. Kanskje om fem-seks år. 8,5 % alkohol, 45 g/l rs, 8,9 g/l syre til kr 329,00. Naturkork. 

Thanisch Niederberger Helden Riesling Kabinett Feinherb 2021

Heilt lys, så vidt noko lys gul. Pen, frisk, lystig og lett lukt av syrlege norske eple og kvit fersken. Frisk riesling med moderat feinherb-sødme og mjuk frukt. Noko gule eple og steinfrukt. Ein liten bitterheit i ettersmaken. Grei vin til prisen. Manglar litt på å nå opp til dei beste. 10,5 % alkohol, 18,3 g/l rs og 7,6 g/l syre. Kr 199,90. Flaska vart sendt av importøren. Skrukork.

Thanisch Tribut Grauschiefer Riesling Trocken 2021

Lys strågul. Solid eplekarakter rett i nasen. Gule eple, men med litt skifertonar. I munnen er vinen tørr, men med ungdommeleg og ganske så pen og djup frukt til prisen. Slank vin med høg syre, men det er balanse i vinen. Overraskande bra, og meir spanande enn Feinherb-vinen frå same produsent. 12% alkohol, 8,5 g/l rs, 7,8 g/l syre. Kr 199,90. Flaska vart sendt av importør. Skrukork.

Franzen Der Sommer war sehr gross Riesling 2021

Lys strågul. Blomar og ferske urter, eple og stein. Tørr, frisk, slank Mosel riesling med gode smakar. Ikkje veldig intense eller friktige, men ein balansert og lett vin. Blomar, eple og kvit steinfrukt. God vin, men her er mange gode konkurrentar i same prisklasse. 11% alkohol, 9,3 g/l rs, 7 g/l syre. Skrukork. Vinen kostar no 260,20 kr.

Weiser-Künstler Enkircher Ellergrub Riesling Kabinett 2021

Lys strågul. Stål og stein. Slank og syrleg lukt med syrlege raude eple. Lett, men med god konsentrasjon. Sitrande og syrleg i munnen! Opplever vinen som fersk og litt lukka. Men ein herleg kabinett med snev av grønt. Vil nok slå ut i større kompleksitet og smaksrikdom med litt alder. Eg opplever ikkje at denne er så mykje lettare enn tidlegare årgangar, men det er kanskje fordi stilen til Weiser-Künstler er lett jamnt over. Elles må eg minne om at meldinga må lesast i lys av at eg var med å hauste druene til denne vinen. 7,5% alkohol, 50 g/l rs, 12 g/l syre. 2020-årgangen finst på spesialpola til kr 339,90. Flaska vart sendt av importør. Naturkork.

Eit par bilete frå Wolfer Sonnenlay i 2021, med artikkelforfattaren og drengen på det andre bilete. Vinmarka ligg i ein sidedal, og har ikkje trafikkstøy som så mange andre vinmarker i Mosel. Det er difor ein fin plass å arbeide.

Weiser-Künstler Wolfer Sonnenlay Riesling Kabinett 2021

Lys strågul. Pen og ganske rik lukt med litt utvikling. Lime, eplekart, skifer og steinstøv. I munnen er det mjuk frukt og frekk syre. Lime og grøne eple i starten. Saliverande syre, men kanskje litt uforløyst. Vil nok “kome ihop” med litt tid. Verd å lagre nokre år. Herleg rein smak av raude sognaeple som sit lenge i ettersmaken. Alkoholen er på 7,5%, 51 g/l rs, 9,4 g/l syre. Kostar 279,90 kr. Denne vinen har eg òg vore med på innhaustinga av druene, så meldinga er kanskje ikkje 100% edrueleg og uhilda.

Julian Haart Haart Attack Riesling 2021

Lys strågul. Medium intensitet i lukta. Stein og blomar, litt grøne eple. På dag to er det meir kjensle av sødme og frukt frå eple. Lett og frisk og mineralsk på dag ein. Tørr og syrleg, men ikkje slik “vill” syre som det har vore på denne nokre årgangar. Med andre ord litt mindre kul, og litt meir sober og elegant. Meir frukt og eplesmak på dag to. Joda, stilig vin og høg kvalitet for prisen. 11% alkohol, 7,9 g/l rs og 8,9 g/l syre. Kostar 189,90. Skrukork.

Konklusjon

Desse vinane viser at det var mogleg å lage bra vin i fleire kvalitetsklassar, men at det er eit bra steg opp til dei beste. Kabinettane frå Weiser-Künstler, Adam og Lauer er mellom dei betre i Mosel, om enn i litt ulik stil. Dei kjem frå topp vinmarker og forsvarer prisen på over 300 kr. Er du glad i lett Mosel-vin er dette noko å sikre seg. Men den vinen som kanskje var aller mest overtydande i ung alder er Bruderberg Kabinett frå Maximin Grünhaus. Denne viser ei vibrerande syre, vevd inn i ein lett og forfriskande vin som er uimotståeleg.

Har du allereie kjellaren full av tørr riesling og auslese, er 2021 her som bestillt, med lett kabinett over heile fjøla.

Heine har skrive meir om Maximin Grünhaus her.

Og her er nokre ord om 2019 og 2020 sett frå Weiser-Künstler i Traben-Trarbach.

Leave a Reply