Når nettene blir Langhe

“Nå må det bli slutt på festene for en periode”, sa Erna, med den strenge tante Sofie-mina. Vi skal halde oss heime, er refrenget på haustens traurige song. Om ingen går i fella og passar seg for smitte, kan alle saman snart få feire jul igjen. Heisann og hoppsann…

Ja, så sit vi heime då. Med kohorten vår. Igjen. Litt trykka stemning etter kvart. Det er mørkt ute. Grått om dagen og svart om natta. Kansellerte konsertar i innboksen. Den årlege middagen med kameratgjengen er lagt på is, til ei framtid med vaksiner og optimisme. Vi treng ljos på flaske.

Av alle ljose raudvinar, er nebbiolo-vin frå Piemonte ein favoritt om hausten. Men nokon har trekt prisstigen opp etter seg, og dei mindre velfødde står att med med mismot og misunning. Vi her nede må leite litt ekstra etter dei gode flaskene. Dei vi har råd til, og som leverer kvalitet til ein rimeleg sum.

Om Barolo og Barbaresco er blitt utanfor rekkjevidde, finst det i kategorien Langhe Nebbiolo, gode kjøp. Det er òg ein og annan luring i Langhe Rosso som kan vere 100% nebbiolo. Desse er som regel laga slik at dei vert tidlegare drikkemogne enn sine storbrødre på bokstaven B. Det kan vere druer frå yngre vinstokkar i vinmarker i Barolo eller Barbaresco. Nokon har ein relativt stor produksjon, og ønskjer å ha differanse i portefølgjen, og deklassifiserer noko av druematerialet til lågare appellasjonar. Eller ein har litt druer frå ulike appellasjonar, og ønskjer å slå dette saman i ein vin for å få færre varelinjer eller større distribusjon.

Populariteten til Barolo og Barbaresco, og prisen på vinmark i Piemonte har gjort at det meste av areal innan desse to DOCG-ane, no er omgjordt til vinmarker. Der det tidlegare var skog, kratt, frukttre eller hasselnøttproduksjon, er det druer som regjerer. Og særleg nebbiolo. Arealet med dolcetto, barbera og andre piemontesiske druer vert mindre ettersom noble nebbiolo et seg utover. Kartografen Alessandro Masnaghetti viser dette i dei gode bøkene sine om vinmarkene i DOCG Barolo.

Nokre blodferske Langhe Nebbiolo 2019 er alt komne til landet. Masnaghetti kan fortelje om eit innhaldsrikt år, med mykje vêr. Vinteren var tørrare enn normalt. Så kom mars, april og mai med mykje regn. Dette gav litt ujamn bløming og fruktsetjing. I slutten av juni og fyrste veka av juli var det ein periode med temperaturar over 40 grader, som mange stader i Europa. Så roa det seg utover sommaren. Innhaustinga byrja seint. Det var meldt regn den 15. oktober, så då var det mange som sette i gong å plukke. Det vart ein kort og hektisk innhausting for mange. Tidlege teikn tyder på ein god årgang. Truleg ikkje heilt der oppe med 13, 15 og 16. Men det er enno tidleg å gje ein dom.

Ca´del Baio Langhe Nebbiolo 2019

Lys burgund-raud på farge. Ung, truttande og viril vin. Her er mykje som vil ut av glaset. Det luktar sursøte raude bær, nype og treverk. Smaken er sursøt, ung og tørr. Bra frukt, men også dette nebbiolo-preget av haust og nedbryting; jern, syrlig jord og sopp. Det smakar litt stramt og uforløyst, men det er slett ikkje verst å drikke dette no i all sin ungdoms glød. Vinen kostar finfine 199,90. Flaska vart sendt av importøren.

Ca´del Baio er eit familiebruk med vinmarker i kommunane Treiso og Barbaresco i DOCG Barbaresco. Denne vinen kjem frå unge vinstokkar på 11-12 år, og er laga med tanke på tidleg konsum. Gjæring og mogning på ståltank. Ute i vinmarka er det gamaldags jordbruk og nye berekraftige sertifiseringar. Dei er med i noko som heiter Green Experience. Det er verd å prøve produsenten sin vin med Barbaresco på etiketten òg. Fint prisa i dagens marknad. 2013 var bra, og no er kanonårgangen 2016 i sal.

Elio Grasso Langhe Nebbiolo Gavarini 2019

Ung, ganske mørk burgund-raud på farge. Pen, sursøt frukt av jordbær og søte bringebær. I smaken finn eg bringebærdrops, lakris og noko jordleg. Sursøt og lettdrikkeleg. Den søtlege og litt barnlege smaken av bringebærdrops held seg også ved gjensmaking dei påfølgjande dagane. Kanskje ikkje heilt overraskande er denne vinen av desse tre, den mest lukka og upåverka av tid og luft. Monforte gjev litt meir robuste vinar enn Treiso i Barbaresco og La Morra i Barolo. Vinen kostar 279,90 og treng litt kjærleik i form av ein høveleg kjellartemperatur i eitt til tre år. Flaska vart sendt av importøren. Druer frå delen Gavarini i den store vinmarka MGA Ginestra (114 ha totalt, 45% er planta med vinstokkar).

Elio Grasso tok over garden i 1978, og byrja å lage vin av eigne vinmarker. Desse hadde far og bestefar slitt og stelt i alle år, medan druene vart seld vidare til andre produsentar. Elio, som hadde ei karriere i bank bak seg, må ha sett eit grunnrente og potensielt framtidig verdistigning i jorda og vinen. Husets Baroli vert gjæra og gjennomgår malolaktisk omdanning på stål. Det er 20-30 dagar maserasjon etter gjæring. Langhe Nebbiolo vert gjæra litt varmare enn dei tre Baroli, og vert mogna vidare på stål før tapping. To Baroli får botte-lagring, og Riserva Rüncot får 40 mnd på barrique. Ein semi-modernist kanskje?

Elio Altare Langhe Nebbiolo 2019

Medium mørk burgund-raud farge. Ung, yppig og fersk nebbiolo, med krispe kirsebær. Ganske søt frukt. Søte bringebær pluss vanilje og litt ny eik. På smak er det ungt og fruktig med kirsebær, bringebær og treverk. Tight og tanninrikt, men det er då drikkande. Sjølvsagt ein del tørring i ettersmaken. På dag tre har vinen endra seg mykje. Den syrlige spinkle fugleungen har lagd seg ut og blitt ei feit og deilig and! No er det meir Barolo-typisk med litt nype og lakris og eit søtt og fint element av fiol.

Vinen kostar 315 kr, og det er ikkje billeg. Men det er bra greier. Her kan du både leggje vinen i kjellaren nokre år, eller lufte generøst i den vidaste karaffelen du eig, og nyte ferskvarene før jul. Elio Altare har eg skrive om før, her i denne artikkelen om både historie og stilartar i Barolo. Det er få som likar merkjelappar i Piemonte, kanskje bortsett frå heidersteiknet kommunist. Det er allikevel freistande å dele ut “modernist” til Elio Altare. Men alt er ikkje eik. La Morra har generelt vinmarker som gjev mjukare vinar med meir farfyme og eleganse. Og vegen til elegante og balsamiske tannin kan gjennom mange ulike tilnærmingar til vinifikasjon. The truth is out there…

Leave a Reply