Nattverden

Skjærtorsdag. Det siste måltidet. Dramaet i påska er i gang. Det jødiske påskemåltid vert til nattverden. Vin er blod, brød er lekam. Offerlammet gjev seg sjølv, så vi kan gå fri. Og dei seks orda som skal bli så viktige for utbreiinga av vindyrking i Europa; “Gjer dette til minne om meg”. Merete seier at romarane var viktige for utbreiinga av vinkulturen, men etterfølgjarane til han som Pontius Pilatus dømde i Jerusalem har også gjort mykje.

Nattverdspakta er ei nådegåve til menneska. Vi går fri. Det er også ei oppmoding til å vere greie med kvarandre. Eg skal difor vere grei med ein vinmakar eg set høgt. For det hender jo at det er vin som skuffar. Og det er ikkje alltid vinmakaren sin feil. Det er nok i dette tilfellet ein kombinasjon av vêr, druesort og personleg smak.

Kva vin som vart delt i Jerusalem i påska i år 33, då ein tømrar frå Nasaret og dei tolv læresveinane hans sat til bords, det er høgst usikkert. Forskarar innan teologi og arkeologi foreslår ein type krydra amarone-aktig vin. Altså at druene vart tørka før gjæring. Kva druesortar som dominerte på Golanhøgda og ved Genesaretsjøen på denne tida er ukjent. Men truleg var det mykje forskjellig. Eindruevinar er eit fenomen som i hovudsak er etablert etter phylloxera-epidemien på slutten av 1800-talet. Det var vanlig å krydre vinen og å tilsetje ulike typar harpiks for å herde vinen. Både gjæring og bevaring av vin var relativt primitivt, så oksidering var nok eit problem. Samtidig var nok toleransen for oksidert vin ganske stor.

Eg har ein fascinasjon for vin som kjem frå vulkansk jord. Ein del flasker frå vinmarka Rangen de Thann heilt sør i Alsace har funne vegen til kjellaren. Og dei fleste har vore signert Olivier Humbrecht. Ein kikk innom Cellartracker.com gjorde at eg måtte leite fram dei eldste eg hadde. Teikn og notat frå brukarar tyda på at Clos Saint Urban Grand Cru Rangen de Thann Pinot Gris 2002 var overmogen for konsum. Namnet er nesten like svært som vinen. Bittelita skrift fortel at vinen er “Indice 4” på Zind-Humbrecht sin eigen skala for opplevd søtleik i vinen. I tillegg står det 15% alkohol. Ei real slegge, med andre ord.

Zind-Humbrecht har 5,5 hektar av Rangen de Thann. Olivier skriv om 2002 at 2,91 ha er planta med pinot gris, 2,1 ha riesling og 0,3 ha gewurztraminer. Denne pinot gris-vinen har 38 g/l restsukker og avlinga var 23,5 ha/hl. Noko botrytis, men ikkje nok til å velje ut druer til ein Vendange Tardive. Olivier skriv også at vinen har høg syre (relativt til pinot gris, får vi tru), men det er litt vanskeleg å smake gjennom alt det andre. Kvifor kjøpte eg denne vinen? Kva tenkte eg på? Vel, det er lett å vere etterpåklok. Vi lever livet framlengs, men lærer baklengs, som Kirkegaard sa. Druesort og alkoholnivå burde utløyse store varsellamper. Men så er det på andre sida trass alt geniet Olivier Humbrecht og den unike vinmarka Rangen.

Zind-Humbrecht Clos Saint Urban Grand Cru Rangen de Thann Pinot Gris 2002

Djup farge, gull mot rav. Lukta er ikkje veldig intens, det må jobbast litt med snurring og sirkulering av glaset. Det som dukkar opp er ei litt karamellisert lukt av gul frukt. Eple, aprikos fyrst og fremst. Men her er også noko som kjem frå det vulkanske jordsmonnet. Og etter kvart som vinen har vore open nokre timar, kjem tvilen/nåden den tiltalte til gode. Det skjer ting, gode ting. Den tunge eindimensjonale vinen vert meir nyansert og det mineralske vert ein motpart til restsukkeret og tyngden. Men 15% gjer at eg byrjar å kjenne meg susen ganske fort. På dag to er vinen meir harmonisk, og munnkjensla er mjukare. Det har dukka opp aroma av botrytis og vinen minner litt om ein søt Tokajer, spesielt på lukt.

Eg trur riesling har ei større framtid i denne vinmarka. Det finst nok menneske der ute som har andre innfallsvinklar til vin pinot gris og som trur på ein annan måte. Pinot gris har ein kyrkjelyd, men eg blir nok ikkje med der. Men denne vinen er ikkje dum. Litt for dyr og litt for svær. Vinen er meir lærerik, enn ei hedonistisk oppleving. Kjøpt i 2004 eller 2005.

Leave a Reply