Nattverdsprat med presten

Oppveksten i Førde var trygg og enkel. Fotball, leik og lekser. Men ein av nabogutane som var nokre år eldre enn meg, dreiv med noko eksotisk. Skihopp var slikt som gjekk på Sportsrevyen, der austerrikarar og tyskarar flaug nedover fryktinngytande bakkar med lange plankar på beina. Vegard Lie var ein av svært få eg visste om som hoppa på ski. Ved Sunnfjord Folkehøgskule, der vi budde i min barndom, var det endåtil ein hoppbakke, med K-punkt på om lag 37 meter. Ein gigant, sett med barneauge.

No er vi begge vaksne. Vegard er prest i Leikanger i Sogn, men det vert lite preiking og gudsteneste denne påska, av grunnar vi etterkvart kjenner så altfor godt. Han hadde difor tid til ein prat om nattverdsritualet, og om hoppkarriera. Eg hadde nokre teologiske spørsmål om bibelomsetjing, og om det var rom for at kyrkja kunne gjere noko med nattverden. Han er mange stader litt, ja skal vi seie tam?

Håvard: Må Jesus smake så lite? I Førde kyrkje, og fleire andre stader er det smaklaus oblat og oksidert alkoholfri vin ved nattverden. Og ved intiksjon (dyppe oblaten i vin), er det jo mikroskopiske mengder vin kvar person får i seg.

Vegard: Grunnen til at det mange stader er alkoholfri vin, har vore det diakonale perspektiv, at om det kjem ein rusmisbrukar til gudsteneste så er det ikkje kyrkja som skal gjere at dei ikkje lenger kan halde seg unna alkoholen. Når det gjeld oblaten, så ligg det ein symbolikk i at han er forma som ein mynt; Jesus har kjøpt oss fri med sin død på krossen. Og så er det praktisk. Oblaten er liten, lett å dele ut til mange. Men så har vi trusopplæringa hatt samlingar med born som har vore med å bakt brød, og så har ein etterpå brukt dette brødet i nattverden i kyrkja. Og som eg plar seie til konfirmantane; nattverden er ein måte å få Jesus i magen. Vi prestar prøver å preike om realpresens, at ved instiftingsorda så er brødet Jesu kropp, og vinen er Jesu blod, at dette ikkje berre er eit minnemåltid. Elles så får du kome til gudsteneste på Leikanger, for her har vi vin i nattverden. Men det er altså berre intiksjon, av praktiske grunnar. Og så har det vist seg at når det er intiksjon i midtgangen, så er det fleire som kjem til nattverd. Og dette er viktigare for meg enn akkurat korleis ein gjer det.

Håvard: Men nattverden er jo eit av få sakrament som er att i kyrkja. Det er ein fysisk handling. Eg tenkjer jo at det på til dømes skjærtorsdag kunne vore mogleg å gjere det litt meir autentisk. Med at ein kan knele ved alterringen, presten bryt eit brød og ein får vin i nattverdskalkar.

Vegard: Ja, då tenkjer eg at det kan vere mogleg å gjere, og gjerne bruke gudstenesta til å understreke det. For eksempel på skjærtorsdag, at ein går grundigare inn i teksten om nattverden og at ein kan ha knefall ved alterringen og eit anna type brød, ordentleg brød og ordentleg vin. Men der er prestar forskjellige. For nokre er det viktig å gjere meir autentisk, medan andre er meir opptekne av at det er innhaldet i orda og handlingane som betyr noko.

Håvard: Når det gjeld orda, så hadde eg eit teologisk spørsmål.

Vegard: Oi..

Håvard: Eg har ei bok som heiter “The Spirituality of wine”, og der kom eg over instiftingsorda i nattverden, som på engelsk i New King James Version, er litt anleis enn på norsk. Det er vel henta frå 1. korintarbrev kapittel 11?

Vegard: Ja då.

Håvard: Det omhandlar brødet, og presten seier då mellom anna; “dette er min kropp, som vert gjeven for deg”, medan i New King James Version heiter det: “this is my body, which i broken for you”. Ein får då fleire tydingar ved å nytte det same verbet. Brødet vert brote, og Jesu kropp vart broten, ved døden på krossen.

Vegard: No går eg ikkje med den greske grunnteksten på lomma. Eg må nok sjekke den fyrst. Men det kan jo vere at New King James ligg litt tettare på originalen, der. Men innhaldsmessig har det ikkje noko å seie. Det betyr jo det same.

Håvard: Ja, men “broken” viser ein meir konkret offerhandling. At det er eit sterkare ord enn verbet “å gje”. Samtidig som symbolikken vert tydelegare ved brytinga av brødet.

Vegard: Ja då, det får det fram på ein tydelegare måte. Du har eit poeng der. Interessant. Du har gjeve meg nokre poeng til preiker.

Håvard: I denne boka er òg ein del referansar til eit populært motiv i kunsten frå middelalderen, Jesus i vinpressa. Der vinpressa liknar ein kross, og Jesus vert pressa på same måte som druene, som vert til vin.

Vegard: Dette var nok ein måte å relatere til dagleglivet til særskild vinbønder.

Håvard: Ja, vinproduksjon var jo meir daglegdags og utbreidd i mindre skala i tidlegare tider. Kvar familie hadde gjerne ein liten vingardsflekk i tillegg til andre vekstar og grønsaker. Og så vart druene pressa heime, eller ein hadde ei litt større saman med naboen. Og ein laga vin til eige bruk. Men denne hoppkarriera di? Kor langt dreiv du det? Var du rundt på konkurransar? Eg hugsar du hoppa i Solvangbakken med ja, var det ikkje Arne Eithun og Terje Bergset?

Vegard: Jaudå, det var vi tre frå Førde, og vi var med på renn rundt om i Sogn og Fjordane. Var vel ein gong til Voss òg. No er jo dei fleste bakkane som vi hoppa i grodd igjen. Eller det er ikkje snø.

Håvard: Kva er personleg rekord?

Vegard: Det var ein gong eg var med på renn i Botnabakken, og så etter rennet så gjekk vi opp att og tok litt større fart, så vi skulle klare å få litt meir lengde. Då hoppa eg ca 60 meter. Eg var sjeldan så langt over kulen. Men det er eit anna hopp som eg er kjend for. Eg vart med på eit renn i Kleivabakken, dette var vel i 1992 då v-stilen hadde byrja å breie seg, og skapt litt debatt under OL i Albertville. Så sette eg utfor og sprikte med skia så godt eg kunne, det var eit kråkesvev! Så var Firda der og tok bilete, og journalisten kunne forkynne i lokalavisa: fyrste v-stil-hoppar i Sogn og Fjordane! Overskrifta var: V for Vegard.

Håvard: Hoppar du enno?

Vegard: Nei, eg har gitt meg, knea held ikkje til slikt lenger. Det har vore for mykje fotballspeling. Men ungane mine har jo prøvd å hoppe og det er eit lite hoppmiljø på Hafslo, der vi bur.

Håvard: Ok, takk for praten, og god påske!

Vegard Lie og dottera Oda Bertine, som har hoppa på ski i NRK-serien Klart eg kan.

Leave a Reply