R.I.P. – Riesling i parkett

På gravsteinen

Om du har vore på ein kyrkjegard har du nok lagt merke til eldre gravsteinar. Det som skil desse frå nyare, er at yrket til personen som er gravlagt somme tider er teke med. Meieribestyrar, disponent, overlærar, gardbrukar, lækjar, prest og klokkar er titlar som fortel noko om vedkommande. Fødselsdato og dødsdato fortel om alderen. Og det står gjerne nokre ord om sakn frå dei etterlatne.

Yrkesliv og anna liv

Det er mange grunnar til at det slutt på å ha med yrkestittel på gravsteinane. Kanskje det viktigaste er at yrkeslivet ikkje lenger er det som definerer oss som personar. Sjølv om du har arbeidd som lærar i 45 år, er du meir enn det. Om ein person døyr som 89-åring, kan det vere mange personar som kjende vedkommande berre ein kort periode då han var ein ungdommeleg, fotballinteressert tøysekopp. Men eg har tilgode å sjå ein gravstein med titlane, “ungdommeleg”, “fotballinteressert” eller “tøysekopp”.

Arv og ettermæle

Vi kan ikkje velje våre foreldre, og dei bestemmer i stor grad dei andre opplysningane om deg på gravsteinen din. Dei gjev deg eit fornamn, og slengjer på eitt eller fleire etternamn som dei i si tid arva frå sine forfedrer. Talet på år mellom fødsel og død kan du i noko grad påverke sjølv, men det òg er mykje avhengig av genene som du arva av, ja nettopp, dine foreldre. Kven vi er som person er ikkje hogge i stein. Vi lever korte eller lange liv, vi endrar oss, erfarer, skiftar yrke og utsjånad. Til og med ettermælet kan leve sitt eige liv, lenge etter vi er stein daude.

Vekting

Orda på ein vinetikett forsøker å fortelje noko om innhaldet, men ofte er det nyttelaust å skulle vite noko om korleis vinopplevinga blir, berre ved å lese. Og kva skal vi vektleggje? Kjenner du til riesling, er nok ordet “Riesling” i ei flaske Schlossböckelheimer Kupfergrube Riesling 2018, det viktigaste. Ein som er lommekjend i Nahe og drikk mykje enkeltvinmarksvin frå området vil leite etter kjende trekk frå Kupfergrube. Men kanskje er vinen vel så definert av årgangen 2018? Kven er du vin? Druesort, område, vinmark, årgang eller produsent?

Blomar og eple

Riesling-drua er velkjend som fruktig og aromatisk. Her er nok dei fleste samde. Vinifikasjonen av riesling er oftast i stål, men somme stader i store og gamle, eller nøytrale fat. Gjæring og mogning i stål tek best vare på fruktigheita, men sjølv ein GG som ligg på fuder eller stückfass frå oktober til august vil boble over av blomar og friske eple. Riesling og eik høyrer ikkje saman, er ei godteken sanning. Men det finst då nokre som prøver.

Gamle songar om att

Nikolaihof i Austerrike er kjende for å ha både grüner veltliner og riesling lenge på fat. Veldig lenge. Vinothek Riesling får mellom 14 og 20 år på gamle fat. Det er gamaldags, men Nikolaihof har ein tilhengjarskare. Og det finst fleire. I september 2016 var eg tilskodar då virvelvinden Ernst Loosen vitja Bergen med skrøner og vin. Då fortalde han om desse Réserve-utgåvene han lagar av nokre av GG-vinane. Heile batch-en blir delt i tre, og fylt på 1000- og 3000-liters gamle fat. “Standard”-GG får eitt år før tapping, Réserve får to år, og vinen med namn “Hommage” har tre år på botnfallet. Det er ingen røring i bermen. I følgje kjelder har det enno ikkje blitt lansert nokon “Hommage”-vin for sal. Loosen lagar “Réserve-GG” frå Wehlener Sonnenuhr, Ürziger Würzgarten og Erdener Prälat.

4 nye, “gamle” vinar

Fire vinar med lang tid på fat. To tyske, to austerrikske. Fyrst ut er Schloss Gobelsburg Riesling Tradition 2012. Strågul, og ber ikkje fargemessig preg av alderen. Lukta er “robust”, med nedslipt eplelukt. Intens og superelegant. Det er jo lite frukt her, men så mykje anna! Treoljer, urter, ei høgtona og litt svær lukt. Smaken er i baksetet, teksturen er sit bak rattet. Balsamisk tekstur, mykje fenol. Rund og behagelig, men intellektuelt krevjande. Jaudå, visst er det syre, men ho kjem i andre rekkje. Utviklar seg og blir rikare og opnare med nokre timar lufting.

Tradition er Michael Moosbrugger sin måte å tolke vinmaking slik det vart gjort og tenkt på byrjinga av 1800-talet. Dette var før den industrielle revolusjon hadde gjort det mogeleg å å nytte meir moderne utstyr i framstillinga av vin. Filosofien var at vinen måtte skulast gjennom mogning på fat, før han var klar for konsum. Druene til Tradition vert pressa i ei korgpresse, og går til gjæring utan sedimentering. Det vil difor vere med ein del botnfall når vinen startar gjæringa i dei store 25 hl-eikefata. Vinen vert difor stukke om til nye fat kvar 3. eller 4. månad. Etter om lag to år er vinen klar. Då har han fått ein del luft, og samtidig tapt noko av frukta.

Minner om Fio Riesling 2012, sjølv om metoden er noko anleis. Fio Riesling kjem frå vinmarker i Piesport og bak står Philipp Kettern, Daniel Niepoort og pappa Dirk Niepoort. Vinen har fått to år gamle fuder, utan noko svoveltilsetjing. Det er ingen klaring eller filtrering. Djupast på farge av desse, strågul mot gullfarga. Kamfer, urter, nedslipt gul frukt og sitron kjem opp frå glaset. Fenolisk og feit vin med smak av voks, urter og sitrus. Også her er teksturen det viktigaste. Rik, tørr, stram med utvikla syre, ikkje slik smal og elektrisk syre som Mosel er så kjend for. Høg kvalitet, men dette er ikkje for alle. Sær vin, ja, men funkar til mat. Den rike teksturen skjer gjennom smaksrik ost, og krydra kylling. Vinen utviklar seg pent med luft, men på dag tre har han falle saman. Ingen frukt og vinen er flat og kraftlaus. Er det pga lite svovel?

Nikolaihof sin Steiner Hund Riesling 2014, er eit slankare dyr. Yngre, og frå ein litt vanskelig årgang. Tight og frisk vin. Parfymert med vanilje, mynte og litt kokos. Det skal seiast at vinen vart litt varm under smakinga ute i det fine vêret. Meir uferdig og lukka enn dei to andre. Vinen har blitt elevert på gamle fat (4000 liter) i to og eit halvt år.

Ernst Loosen sitt bidrag, Dr. Loosen Wehlener Sonnenuhr Riesling GG Alte Reben Réserve 2012 var så korka at det ikkje var mogleg å hente ut noko som helst. Mitt notat på same vin frå september 2016 skildrar ein vin med god syre. Eg hadde håpa å få eit meir utvikla uttrykk, og vil vel tru at vinen har endra noko karakter sidan 2016. Vinen hadde eit stort, rundt og ope aromabilete. Ein konsentrert vin med stor munnkjensle, mykje tekstur og elegant finish. Sitrus og eplesyrer, står også i notatet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *