Raud Bordeaux 2004

Pris og tilgang

Etter ei interessant og lærerik smaking av Bordeaux-vin frå to ulike årgangar, var det planlagd ei horisontalsmaking av 2004. Eg hadde sett på ulike årgangar til ein horisontal, men det var ikkje så lett å finne eit breidt utval frå årgangar med litt utvikling. Vinane vart kjøpt inn i 2019-2020, men smakinga har lege på is på grunn av ikkje ukjende korona-restriksjonar. 2004 hadde på dette tidspunkt nokre presumtivt attraktive flasker. Sett i bakspeglen i 2022 var det ikkje så dumt å kjøpe inn La Mission Haut-Brion og Leoville-las-Cases. Nyare årgangar er blitt ein del dyrare. Men truleg er det mykje 2004 på lager her og der som sit og bind kapital, så det er vel sjanse for at meir 2004 kan dukke opp i polet sine prislister. Årgangen var den største i volum nokonsinne i Bordeaux.

Mellom to stolar

2003 vart haussa av amerikanarar og 2005 hylla av alle, så 2004 hadde det ikkje lett når vinen skulle ut på Place de Bordeaux og gjere seg lekker. Etter årgang 2003 med ekstrem varme og tørke som resulterte i låg avkastning, kompenserte vinstokkane i 2004 med stort volum druer. Årgangen var rekordstor med 666 millionar liter, mot 553 i 2003. Vêret var eigentleg ganske bra gjennom sesongen, med totalt sett lite nedbør. Men august var kjølig med ein del regn som skapte problem med ein del mjøldogg. Det var gode tilhøve i september med varme dagar og kjølige netter. Regnet i august resulterte i litt svak konsentrasjon somme stader, og det var behov for å fjerne klasar tidleg på sommaren for å hjelpe på mogning i den resterande frukta.

Smått og stort

Eg hadde funne åtte vinar, der to og to var frå same område. Prismessig var det stort spenn frå enkle Bordeaux Superieure til 179 kr, til 2. cru og 1627 kr. Den enklaste vinen var òg med i smakinga i oktober 2020. Dette gav eit innblikk i kor store forskjellar det er på ulike nivå i Bordeaux. Samtidig kunne det vore interessant å sjå om det var like store forskjellar i kvalitet i ein topp årgang som 2009, 2010 eller 2016. Eigedomane i Bordeaux er rikt skildra og analysert på nettsider og i bøker, så eg tek ikkje med så mykje her. Det same gjeld årgangen. To bøker som eg har hatt glede av er The Complete Bordeaux av Stephen Brook, og Inside Bordeaux av Jane Anson. Prisen eg betalte for vinen står i parentes.

Bordeaux/Côtes de Bordeaux

Ch. Malagar 2004 (179,90) er ein eigedom på 27 hektar i Saint-Maxiant. Merlot dominerer, med 62%, i tillegg til 26% cabernet sauvignon og 12% cabernet franc. Eigar er Jean Merlaut, som òg driv Ch. Gruaud Larose i St.-Julien. Vinen har farge av mørk murstein. Lukt av grilla paprika, treverk og skinnjakke. Vinen er noko sliten i munnen. Lite frukt igjen, tørr vin med ein del treverk, syrlege bær og paprika. Ch. Dudon Reserve de la Cave 2004 (200,-) har same eigar, men ligg litt lenger nedstraums. Transparent i glaset med ein lys granatraud farge og lysebrun kant. Velutvikla vin med lukt av fat og eit snev av søt frukt. Syrleg og tynn i munnen med syrlege raude bær. Manglar konsentrasjon. Kanskje ikkje så rart at vin på dette nivået manglar stuffing etter 18 år.

St.-Emilion

Ch. Simard 2004 (249,90). Eigedomen på 40 ha ligg pent plassert i hjartet av St.-Emilion. I 2008 vart slottet kjøpt av Alain Vauthier som eig Ch. Ausone. Vinen er laga på 80% merlot og 20% cabernet franc med kun lagring på betongtank. Vinen er medium mørk raud med noko bruning. Svak frukt er alt eg finn her, for denne flaska er diverre infisert med TCA.. Synd. Frå litt lengre aust i appellationen har eg teke med Ch. la Fleur Morange 2004 (599,-). Jean-Francois Julien kjøpte eigedomen som i dag har 3,5 ha med mykje gamle vinstokkar. Ein del merlot er over 100 år. Her er det “garasje-vin” som er stilen, med låge utbytte ned mot 20 hl/ha og sein innhausting. 18 månader på ny eik set òg spor. Men denne vinen overraskar! Fargen er frisk og jamn raud, eg hadde kanskje tenkt at det ville vere ein mørk lilla vin enno. Lukta har ein del preg av mogning. Det er ei pen og rein søtleg frukt. I munnen er vinen balansert med ei pen syre. Mykje merlot-smakar av plomme og nougat, men vinen er meir raud enn mørke bær. Stor konsentrasjon og tanninar som tørrar. Denne kan liggje lenger. 

St.-Julien

Ch. Langoa Barton 2004 (788,-) har vore i same familie sidan 1821, og fekk ein plass i 3. cru i 1855-klassifiseringa. Ein “liten” eigedom på 18 ha, men vinen har vore godt tilgjengeleg i Noreg i fleire årgangar. 2004 er mørk mursteinsfarga. Rein og pen frukt, raude bær, raud paprika, søt tobakk og litt eik. Pen syre og sandaktige pene tanniner. Men vinen har ikkje heilt fokus. Det er gode smakar altså, her er solbær, nougat og plommer. Men vinen har ikkje heilt grep eller retning. Sjarmerande, men kanskje ikkje heilt kva ein forventar til 788 kr? Det kan nok vere årgangen som spelar inn. Frå same kommune, litt lenger nord ligg Ch. Leoville-las-Cases 2004 (1626,90) sine 98 ha, og denne vinen er eit anna dyr. 2. cru i 1855 men no for tida ville nok mange ha plassert slottet heilt der oppe mellom dei beste. Fargen viser litt utvikling og er mørk granatraud. Lukta er tight og fokusert. Trass i fire timar lufting i karaffel er vinen nesten lukka og streng. Det kjem gode lukter av solbærblad og grilla paprika opp or glaset. I munnen har vinen eit voldsomt grep og konsentrasjon. Mykje frukt og potensiale. Lett søtleg laktisk eikepreg i finish. Denne kan liggje mange år til, for dei som er så heldige å sitje på flasker. Kjekt å smake vin på dette nivået, men med prisar på over 2000 kr for nye årgangar, vert det ikkje hamstra inn.

Pessac-Leognan

Domaine de Chevalier 2004 (401,-) har vore i min kjellar sidan 2010. Ei flaske smakt i 2018 var svært lovande. Denne flaska var noko svakare. Mørk granatraud. Fin lukt og god intensitet når vinen kjem i glaset, men taper seg litt med luft. Sursøt raud frukt, teglstein og litt buljong. Manglar fruktkjernen som førre flaske framviste. Grei vin, og litt rustikk i teksturen. Ch. la Mission Haut-Brion 2004 (1506,30) var kjøpt inn seinare og til ein ganske mykje høgre pris enn Chevalier. Innfrir kanskje ikkje heilt. Skulle nok vore lufta eit par timar. Men det er flott vin. Oh la la, elegant og velbalansert lukt av tegl og røyk under eit lag av rein, solid og djup frukt. Her er litt eikekrydder òg. Sursøt pen kjølig raudfrukt. Framleis ein ung vin. Silkemjuke tannin som held vinen i hop. Kan nok lagrast ytterlegare i 5-10 år enno.

Etterord

Konklusjon? Mogen Bordeaux er spanande, men det kostar. Kjøp gjerne inn i yngre alder om prisen er rett, og la vinen bli gamal i kjellaren. Men det er ikkje naudsynt å kjøpe topp-årgangar. Dei siste femten åra har det knapt vore ein svak årgang, og vinen i mellomårgangar er så rik og pakka med frukt at det held i massevis. I det minste om du kjøper vin frå vestside Cru Bourgeois eller tilsvarande pris på austsida. I prisklassen mellom 300 og 400 finst det gode vestside-vinar som utviklar seg fint. Sjå den før nemde artikkelen der vinar frå mellom-årgangar som 2006, 2008 og 2011 leverer mykje drikkeglede.

Leave a Reply