Savennières – Roche aux Moines

Ein av dei store

Appellation Savennières i Loire har ei strålande fortid, men er hamna i skuggen. Loire er eit distrikt med mange fasettar, og for middels opplyste sjeler er det nok å hugse Sancerre og var det ikkje ein raudvin på cabernet franc? Då var det noko anna i mellomkrigstida: sola skein på Savennières og Maurice Edmond Sailland med kunstnarnamnet Curnonsky rangerte Coulée de Serrant i Savennières saman med Chateau d´Yquem og Montrachet.

Opp og ned

Etter at phylloxera-epidemien var vel over hadde Savennières i 1925 fått 408 hektar planta med vinstokkar. Området har tilhøve for å produsere både halvtørre og søte vinar, og slik vin var i mykje større grad populært før. Andre verdskrig sette spor, og det var fyrst i 1952 at appellasjonen vart oppretta. Då vart området regulert til 342 ha, men det berre var rundt 100 ha i produksjon i 1952. I tillegg til tørr vin er det tillate å lage sec-tendre, demi sec og doux. Vinmarksarealet nådde nadir i 1974, då berre 50 ha var i bruk. I dag er talet om lag 150 ha.

Kabrium og silur

Savennières ligg der Massif armoricain møter Paris-bassenget, rett sørvest for byen Angers. Elva Loire som renn aust-vest har grave seg gjennom mjuk kalk, kalkstein og mergel, før ho møter hardare fjell ved Savennières. Då må elva bøye av mot sørvest. Underlaget i Savennières er komplekst. I hovudsak finn vi metamorfe bergartar som glimmerskifer og skifer, men her er òg lommer med vulkansk stein som ulike typar ryolitt og spilitt. Nederst mot elva er denne grunnen heilt i overflata, medan lengre oppe mot platået er det lag med sand i varierande djupn.

Klima

Klimaet er moderert av milde havstraumar i Atlanteren, som gjer at det ikkje er veldig kaldt på vinteren eller veldig varmt om sommaren. Vinmarkene stig relativt bratt opp frå elva, og får noko meir vind enn lågareliggjande vinmarker på sørsida av Loire. Det blir difor mindre botrytis her. Chenin blanc er seintmognande, og hausten kan ha godt med sommarvarme.

To “Cru”

Innan Savennières er det to under-appellasjonar, Coulee de Serrant (7 ha) og Roche aux Moines (33 ha). Coulee de Serrant er eit monopol som vert dyrka og produsert av Nicolas Joly. Roche aux Moines har om lag to tredjedeler av arealet planta med vinstokkar, og er delt mellom seks ulike bønder. Avkastinga er maksimalt 30 hl/ha mot 50 hl/ha i Savennières. Fyrste vinstokkar vart planta i middelalderen av cistersienser-munkar. Seks produsentar disponerer vinmark i Roche aux Moines, der Domaine aux Moines eig om lag halvparten.

Sprikande stil

Ein lang haust med muligheit for ulikt innhaustingstidspunkt, gjer at chenin blanc kan arte seg i ulike stilar frå Savennières. Gjæring på eik eller stål set sitt preg, og det same kan seiast om vinene går gjennom malolaktisk omdanning eller ikkje. Ytterpunkta blir då relativt tidleg hausta druer, gjæra på ståltank og blokkert malo, og seint hausta druer, nokre gonger med litt botrytis, gjæra på eik og gjennomgått malo.

På polet

Det er rundt 20 ulike vinar frå Savennières tilgjengelig på Vinmonopolet for tida. Fire er frå Roche aux Moines. Her kjem eit par som no er i basis og parti. Savennières er lite område for chenin blanc, samanlikna med Anjou, Coteaux du Layon og andre chenin-områder i Loire. Låg avkasting og ein rik stil er med på å skape eit inntrykk av ein litt krevjande vintype. Og det er det. Dette er vin som toler mat og som ein kan dykke ned i og grunne på. Med prisar frå 279 til 839 kr er det heller ingen terrassevin og tørstesløkkjar.

Domaine aux Moines Savennières Roche aux Moines 2018

Strågul. Rikt anslag, med våt ull, kvede og mogne eple. Fyldig vin med lekker tekstur. Rik, tørr vin som reflekterer ein varm årgang. Mogne eple, og førebels eit lite snev av noko steinete. Vil tru at denne vinen vil kunne gje eit meir nyansert uttrykk med litt lagring. 13,5% alkohol, kr 389,90. Vinen vart smakt på nyheitssmaking til Vinmonopolet i slutten av april. Druene er hausta med avkasting på 20 hl/ha og gjæra i eik (40%) og stål (60%). Tappa etter ca 18 månader.

Domaine aux Moines eig 12 ha vinmark, alt i Roche aux Moines. Monique Laroche flytta til området i 1971, og til huset høyrde ei lita vinmark i Roche aux Moines. Fyrste årgang var 1978, og på åttitalet vart det kjøpt meir mark og planta nye vinstokkar. Sidan tidleg 2000-tal har dottera Tessa vore ansvarleg. Jordbruket er økologisk sidan 2012 og no òg biodynamiske tilnærmingar.

Domaine FL Savennières Roche aux Moines 2018

Lys strågul. Lekker, men litt gjerrig på lukt. Vinen får litt tid i glaset og då skjer det mykje. Rik stil. Gråpære og eit stilig søt-salt mineralpreg. Rik, tørr og svær vin i munnen med oljete tekstur og noko alkoholvarme i ettersmaken. Søt-salt flintaktig stein, eple og gule plommer. Ei real slegge som nok vil gå på ein interessant slankekur, om du skulle gløyme ei flaske i kjellaren i fem-ti år. Årgangen spelar nok inn, og det kunne vore interessant å sjå korleis vinen ser ut i eit litt kjøligare år. 14,5% alkohol, kr 428,90. Flaska vart sendt av importør. Gjæra i temperaturkontrollerte tankar. Malo er blokkert. Mogna i 12 mnd på eikefat og sidan 6 mnd på ståltank.

Domaine FL (Fournier Longchamps) er vart danna då to vineigedomar vart kjøpt av Philip Fournier i 2006 og 2007. I Savennières var det Chateau Chamboureau, med mellom anna 4 ha i Roche aux Moines. Vinstokkane er 25 år gamle, og det har vore sertifisert økologisk drift sidan 2009.

Interessert i chenin blanc? Her har Jan Tore skrive om ein musserande variant frå Vouvray.

Og her er meir bakgrunnsstoff om fransk og sør-afrikansk chenin blanc.

Leave a Reply