Smak(laus)

Roald Dahl er her heime best kjend som barnebokforfattar. Men han skreiv også romanar og noveller for vaksne. Novella Taste vart fyrste gong publisert i det amerikanske damebladet Ladies’ Home Journal i 1945, før ho kom ut i novellesamlinga Someone like you i 1953 (på norsk Et hode kortere og andre hårreisende historier). Novella handlar om ei blindsmaking i eit hyggjeleg middagsselskap, som etter kvart ikkje blir fullt så hyggjeleg.

Blindsmaking av vin er vanskelige greier. Det er ein del av eksamen i ymse vinkelner-utdanningar, Master of Wine og i vinkelner-konkurransar. Når ein har eit glas framfor seg, utan noko anna å navigere etter enn fargen på vinen, vert det vanskeleg å kome i hamn. Ein lyt stikke nasen i glaset og lukte seg fram. Kva luktar det? Kjenner eg att dette? Har eg vore innom noko liknande før? Er det noko kirsebær her, kva vin luktar kirsebær… Og så er du på seriøs bærtur, for det var kanskje ikkje kirsebær, meir sursøte bjørnebær. Og du byrjar å resonnere på vin med typiske kirsebæraroma.

Du tek så ein smak av vinen. Hjernen byrjar å leite etter noko som kan underbyggje teorien om kirsebærprega aroma. Er det mykje eller lite tannin? Er dei ferske og faste, eller mjuke og avslipne? Til slutt tenkjer du at du har noko, og legg fram ein druetype og kanskje landet til quiz-masteren. Det er sjølvsagt feil, og du sit der avkledd og teit. Og tenkjer; dette er siste gong eg gjer dette her.

I novella Taste er det eit middagsselskap hjå verten Schofield og familien hans. Ein av gjestane, forretningsmannen Pratt, er ofte på besøk. Og ved slike høve vert det ofte gjetta på kva vin som vert servert blindt. Denne kvelden vert innsatsen auka då vin nummer to kjem på bordet. Schofield seier at det er umogleg å finne ut kva vin det er. Pratt legg då begge husa han eig i potten. Men til gjengjeld vil han, om han klarer å gjette kva vin det er, få giftemål med dottera Louise på 18 år!

I romjula hadde vi nokre vener på besøk til god mat og utvalde vinar. Litt utpå kvelden tek ein av gjestene fram ei flaske skjult i alufolie, og sjenkar ut til alle. Spørsmålet er naturlegvis; kva vin er det vi får servert? I motsetning til Roald Dahls britiske setting på 40-talet, kan dette vere kva som helst. I England på den tida var det i møblerte heimar med stive dukar og djupe kjellarar, eit svært klassisk og konservativt vinutval. Kvit Bourgogne, Champagne og rhinskvin var dei kvite, og Bordeaux frå klassifiserte slott var hovuddelen av raudt. Og naturlegvis portvin til dessert.

Rundt bordet vårt var det ingen som var klare til å gifte bort korkje søner eller døtre, men diskusjonen gjekk livleg om kva det kunne vere slags vin. Det var ein kvitvin, med eit uttalt parfymert preg. Aromatisk og med tydeleg innslag av eikefat i gjæring eller lagring. Det er heilt klart ein ung vin, og difor vanskelegare å bestemme opphavet til. Det var ingen av oss som var særleg sikre på kva som var i glaset. Vi var vel i retning av ein chardonnay, med tanke på strukturen og fatpreget, gjerne frå den nye verda. 

Korleis det går i novella Taste, som også finst i norsk omsetjing under namnet Skjønneren, skal eg ikkje røpe. Ho er verd å lese, og har du sans for litt makaber humor er resten av vaksenbøkene til Roald Dahl noko å dykke ned i.

Korleis det gjekk med blindsmakinga i juleselskapet vårt? Riktig svar hadde vi nok ikkje kome fram til, for vinen var ein kvit Rioja. Men ikkje laga på sortane viura og malvasia, men ein kvit mutasjon av raudvinsdrua tempranillo! Denne vart oppdaga i 1988 og tillaten brukt i kvit Rioja frå 2004. Det er berre nokre få produsentar som har planta vinmarksparsellar med denne nye sorten. Sjansen for å få ein slik servert er ikkje stor. Og for å klare å ta han i blindsmaking? Nærast null… Men artig var det, og vinen er verd ein smak. Har du fått nokre veker karantene? Fyr opp i peisen, legg beina på bordet og kos deg med noveller og vin!

Rioja Vega Tempranillo Blanco 2016

Ein strågul kvitvin. Opnar svært aromatisk og spanande. Ei parfymert og morosam lukt, før litt tyngre preg av eik. Litt sånn viognier-aktig. Her er også meir fruktige nyansar, som tørka tropisk frukt og grapefrukt. Tørr vin, fyldig og balansert. Ikkje så fruktig som nasen lovar. Rikeleg med eik i ettersmaken. Ein god og morosam kvitvin som leverer særpreg langt over prislappen. Har du vore igjennom alle Soave og Sancerre på ditt lokale pol, og ønskjer å prøve noko nytt? Her har du den. Kosta 179,90. Vinen vart sett ned i pris 1. april, og då forsvann dei siste flaskene. Men det finst fleire vinar på drua. Om du søkjer på “tempranillo blanco” på vinmonopolet.no vil du få opp fleire, inkludert ein Reserva-versjon av denne frå Rioja Vega.

Ein kortare versjon av denne artikkelen har stått på trykk i Sogn Avis. Det er no (våren 2020) fire andre vinar frå Rioja på polet som er laga på tempranillo blanco.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *