Sommarvin-bingo 2022

Skulane står tomme, ferien er full av forventning. Om du skal sitje i hytteveggen i ein fluktstol og hauste d-vitamin eller padle Noreg på langs, så er det uansett sommar og ferietid. Om du les dette, har du nok allereie byrja å tenkje på kva du skal kose deg med av vin i ferien. Men er du litt som meg at det vert litt det same i år igjen? Om du fyller handlekorga med ein tolvpakk Chablis eller nokre kubikk bag-in-boks så kanskje du kunne trengt ei utfordring? Kva med å prøve noko nytt? Dersom du ikkje er redd for å fylle glaset med noko utanom det vanlige, så kan Nattverden sin sommarvin-bingo 2022 vere ein måte å utfordre seg sjølv til å klare fem rare på rad!

Skriv ut bingo-skjemaet og lat sommaren bli ei reise du ikkje visste du skulle ut på! I namnet åt måtehaldet, familien og den heldige naboen si skuld, minner vi om at det er i den vinkulturelle ånd å dele flasker og opplevinga rundt vinen med fleire. Akkurat som i livet, handlar denne konkurransen ikkje om å kome fyrst til mål, men å finne ut kvifor du er med. Dersom du tykkjer at oppgåvene er teite, ser eg fram til å bli grilla i kommentarfeltet. Eventuelt kan du lage din eigen bingo.

Hæ?! Likar du ikkje bingo? Ok, kanskje du gjekk glipp av Jan Tore sin quiz. Prøv den, då vel.

Ein tanke på “Sommarvin-bingo 2022

Leave a Reply