Sonoma Pinot Noir: Hirsch

Kontinentalplater er svære greier. Heile tida i sakte rørsle. Heile tida skubbande og skrapande på plata som ligg inntil. 14 plater i sakte flyt. 14 plater med land og hav. 14 plater oppå ein seig, varm, tung, sakteflytande mantel. I verdas mest langsame dans, den platetektoniske syklusen, kjem kontinent saman og skiljer lag. Kontinentalplater et hundre millionar år til frukost. Good morning, America! God kveld, Pangea.

Langs vestkysten av Nord-Amerika går skiljet mellom stillehavsplata og den nordamerikanske plate. Utanfor Oregon ligg den vesle Juan de Fuca-plata. Skiljet er kalla San Andreas-forkastinga. Her i brytinga er det difor eit rikt geologisk mangfald av ulike vulkanske, metamorfose og sedimentære bergartar. I den ganske ferske (2012) Fort Ross Seaview AVA, som ligg inne i den svære Sonoma Coast AVA, finn vi vingarden til David Hirsch. Ein mann frå austkysten, som gjorde litt pengar i klesbransjen på 1970-talet. Eigedomen på 400 hektar mellom åsryggane innanfor Fort Ross, vart kjøpt i 1978. Her hadde vore skog og sauer.

I 1980 vart dei fyrste pinot noir-stokkane sette i jorda. I dag er vinmarksarealet litt over 29 ha, fordelt på 60 pasellar. Fram til 2002 vart alle druene seld til andre vinmakarar, men frå då av vart ein del vinifisert på staden og med Hirsch på etiketten. Dei mest kjende som har laga vin frå Hirsch sine vinmarker er Littorai, Williams Selyem, Kutch og Kistler. Ulike vinmakarar har vore inne i bilete på Hirsch, Ross Cobb lengst, fram til dottera Jasmine Hirsch tok på seg rolla i 2019. Evarardo Robledo har drive vinmarksarbeidet sidan 1987.

Her er podcasten The Wine World, der Morten snakkar med Jasmine Hirsch.

Hirsch Vineyards San Andreas Fault Pinot Noir 2019

Mørk burgund-farga vin. Ah! Forførande, noko parfymert, rik og flott frukt. Søte bær, fiol, noko animalsk. Dette begynner bra. I munnen er det balansert og pent. Ein del tannin, men dei er pakka inn av ei rik frukt. Raude bær, søte, mørke bær, lite preg av eik i form av aroma, heller at mogninga på fatet har gjort greia si. Spanande vin og godt handverk! 13% alkohol, og den er ikkje plagsam. Servert blindt i Zalto Burgundy. Vinen kostar 629,90. Det er mykje pengar, men dette er svært flott pinot noir for alle som ikkje treng det aller syrligaste og strengaste uttrykket frå Volnay.

Kvar kjem kvaliteten i vinen frå? Vinmarkene ligg fire km frå kysten, og ein km frå San Andreas-forkastinga. Det skulle vere vanskeleg å få mogne druer her, med mykje tåke og kjøling frå havet. Men på 500 meter over havet, legg tåka seg nede i dalbotnen. Vinmarkene til Hirsch er på åskammen, og unngår mykje tåke. David Hirsch har gjort analyser av jorda i alle parsellane, og det er variert. Her er lite toppjord att, men variasjonar av sandstein, leire og sand over lag som kjem frå dei to platene som gnissar på kvarandre. David Hirsch har førti år med kunnskap om å dyrke pinot noir på eigedomen, og det viser att.

Ein tanke på “Sonoma Pinot Noir: Hirsch

Leave a Reply