Ja, så var det tid for å grave fram noko fra kjellaren. Louis Michel har vore ein stabil produsent frå Chablis, og prisane har ikkje stige like raskt og høgt som hjå ein del andre produsentar. Men det er klart, når no 1. cru frå Chablis ligg på 340 til 999 kr, om vi ser bort frå Raveneau, så vil det nok vere fleire som tenkjer seg om to gonger før dei slengjer hundrelappane i bordet for ei flaske.
Men berre Chablis er Chablis. Det er noko steinete, salt og ekte over vinane, som trass i aukande prisar ikkje treng eller vert forsøkt gjort til noko anna enn det dei er: slanke og mineraldrivne vinar som høver til det meste frå havet, rått eller med varmebehandling. Og er det DET du er ute etter, vert det ikke det same med etterlikningar, sjølv om det finst kjølig chardonnay fra Tasmania, England og Tyskland.

Butteaux er ein del av 1. cru-vinmarka Montmains, og Butteaux kan nyttast på etiketten utan å nemne Montmains. Heile Montmains er 98 ha, Butteaux er ca 40 ha. På polet er det i skrivande stund berre tre varelinjer frå Butteaux, men så er det jo truleg at fleire produsentar heller nyttar Montmains på etiketten, trass i at druene kan vere frå Butteaux. Dette er ein av 1. cru-vinmarkene på «vestbreidden» av byen, og som i hovudsak har søraustleg eksponering. Dei som ligg på austsida vert gjerne litt rikare og fyldigare, ettersom dei har sørvestleg eksponering.
Louis Michel er kjend som ståltank-produsenten, og har ikke brukt noko form for eikelagring av vinen sidan 1970. Det er eit familiebruk med historie attende til 1850. I følgje boka til Martinsen og Gjerdrum vert druene fra Grand Cru-vinmarkene og Vaulorent hausta for hand, men elles er det maskinhausting. Frå Montmains tappar Louis Michel ein Montmains, ein Fôrets, ein Butteaux og ein Butteaux Vieilles Vignes frå vinstokkar planta i 1955.
Druene vert pressa i pneumatisk presse, og mosten vert spontangjæra i temperaturkontrollerte ståltankar. Vinen ligg på ståltank (truleg på berme) i 20-24 månader. Bentonitt-klaring om det er naudsynt, og lett filtrering før tapping. I følgje Cellartracker vart 2012-vinen kjøpt i 2015 for 264 kr. 2022 vart kjøpt i november 2024 til 515 kr.

Louis Michel Chablis 1. Cru Butteaux Vieilles Vignes 2012
Noko utvikling, men sunn farge på om lag strågul+. Fast naturkork, med litt fukt helt nede og 2-3 mm oppover. Litt typisk utvikla Chablis hjå tradisjonelle produsentar, er eit lett ureint preg av maritimt liv. Halvroten tang, fjøre sjø og andre lukter frå naustet. Litt smør, sitron, østers. På dag to er det salte preget blitt reinare og klarare, med meir østers og kalk enn tang. Slank og frisk Chablis som slett ikkje er veldig utvikla. Moderat frukt, men det andre er jo flott. Og så er eg kanskje prega av å ha smakt ferskare Chablis som i aukande grad har høgre mogning i druene og dermed meir frukt.
Dette er klassisk, stilreint og godt. Berre synd eg ikkje hadde noko østers eller skrei i huset. Smakane går mot østers, kalk, nedfallseple i ein slank stil. Vel verd dei 264 kronene. 13% alkohol.

Louis Michel Chablis 1. Cru Butteaux Vieilles Vignes 2022
Denne ti år yngre utgåva kjem med DIAM 10-kork, og luktar veldig ungt og tilknappa. Her er det grøne eple, baconcrisp, sitron og flint som kjem i fyrste rekke. Noko meir lukt på dag to, men det er marginalt. Her er det nok ein idé å lagre slikt vidare nokre år. I munnen er vinen slank, men det verkar å vere noko meir konsentrasjon enn 2012-vinen. Lekker saliverande syre, og litt meir frukt som går mot det gule. Gule plommer, gule eple. Trass i eit tørt år, er dette ein kjølig stil, men alkoholen er litt meir framme i smaken enn den eldre vinen. Litt barnerov å ta dette no, gje det fem år til.
Er dette verd 515 kr? Tja, der er det mykje sterk konkurranse etter kvart, så det vert nok ikkje handla like mykje Louis Michel til min kjellar som før.. 13% alkohol òg i den tørre og varme 2022-årgangen. Her er salt og mineralske element som gjer at det kan finnast likskapar med den ti år eldre utgåva, samtidig som det er tydeleg at Chablis kanskje ikkje så ofte får den slanke stilen som området var kjend for.
