To for ein tusing

Det er ikkje til å stikke under ein stol at svært mange merkar auka utgifter. Det betyr at vinbudsjettet vert mindre, eller kreditten må til maks. Mindre sum på vinbudsjettet betyr færre flasker og rimelegare vin i korga. Eller begge deler. Er det behov for to flasker til 200, eller kan eg gå ned til ei flaske? Dersom eg skal kose meg, kan eg drikke sjeldnare og heller gå opp til noko som eg verkeleg har lyst på?

Litt av alt

Skal ein då gå opp i toppskiktet, kan det bli lenge mellom kvar gong ein får noko i Zalto-glaset. Det får bli litt ja takk begge deler då, som Ole Brum sa. Når eg kikkar i notatblokka, ser at eg har smakt to vinar i seinare tid som kosta ein knapp tusenlapp. Det er sjeldan eg går til slike ekstravagante innkjøp, og oftast vert researchen så lang at vinen vert utseld før eg får ut fingeren.

Stor nedtur?

Ein vin til tusen spenn bør levere. Dersom du godtek slinger i valsen til den prisen er du ein smule avstumpa. Det er likevel stor sjanse for å bli skuffa. Vinar i denne prisklassen kan gjerne vere vin som treng ein del tid i kjellaren på å “slipe ned”, “kome rundt” eller “opne seg”, som er gangbar lingo i vinverda og betyr at vinen enno ikkje er heilt drikkeklar. Dersom tusen kroner er mykje pengar for deg, (det er det for meg) kan forventningane til ein slik kostbar vin vere vanskelege for vinen å overstige.

Skjær i sjøen

Du må altså ikkje berre punge ut med tusen kroner, du må vere budd på skuffande resultat og forventningar som ikkje innfrir. Dersom du ser deg blind på poeng og rating, og ikkje veit om dette er ein vintype du i utgangspunktet set pris på, kan det bli fullstendig skivebom. Ein skulle altså tru at med ein høg prislapp så kjem kvaliteten av seg sjølv, og sjansane for feilskjær var mindre. Men hugs på det: ein høg prislapp er ofte noko marknaden har skapt, ikkje vinbonden eller vinmakaren.

Tenke sjæl

Ikkje ein gong verdas beste vinmakarar kan trylle fram gull av undermogne druer. Dei kan ikkje fjerne effekten av ein regntung haust. I så fall er det juks inne i bilete. Vin kan vere skjøre greier, trass i at prislappen plasserer vinen i “luksus-skiktet”. Og i svært mange tilfeller er prisen ganske lik om årgangen er katastrofal eller super. Mitt beste tips er å finne ut kva du likar før du kastar kredittkortet etter fyrste og beste 100-poengsvin. Dei 100 poenga var der ikkje då vinen vart gjæra, mogna eller tappa, det er berre ein person si meining. Du får heller ikkje pengane att om du ikkje synest at vinen er 100 poeng.

Dersom du meiner regjeringa si handtering av galopperande inflasjon og straumprisar er i kategorien katastrofefilm, så kan du lese om dommedagsvin her.

To til tusen

Her kjem eit par vinar som kostar om lag 1000 kr. Men ikkje spring på butikken for det. Gjer deg opp di eiga meining om kva som er verd slike summar. Ein og anna vin er kan det vere. Og ofte ikkje..

Fernand Hutasse & Fils Millesime 2000 Brut

Djup strågul. Og bra futt i boblene for alderen. God intensitet i lukta, men på ein mjuk og kompleks måte. Eg finn nedfallseple, kalk, sjø, sjampinjong, noko meir gul frukt og brune krydder i retning karri. Med andre ord, ei spanande nase. Over i munnen er det moderat med bobler, som gjev ein mjuk mousse. Smakane følgjer nasen ganske bra med nedfallseple, kalk, autolyse mot hummarskal og kongen av danmark-drops. Behageleg, sober og kompleks vin som er heilt på grensa til å vere for gamal (for min del). Det er nok dei som likar det friskare, og det er dei som ikkje tykkjer dette er så gamalt. Eg trillar ein solid femmar for denne utvikla champagne-en med ein verdig alderdom.

Vinen er laga på 50/50 med pinot noir og chardonnay, truleg frå Grand Cru-kommunar i Montagne de Reims. 30% er gjæra på eik. 18 år på berme, før degorgering i 2019. Bernard Tornay-Hutasse gjer vin under to merker: Bernard Tornay og Fernand Hutasse & Fils. Vinen kostar no kr 999,60.

Bertagna Vougeot 1. Cru Clos de la Perrière Monopole 2019

Medium mørk burgunderraud. Solid litt mørk frukt med fiol og pent intergrert eik og søt lakrisrot. Jaudå, dette er ungt, men kvaliteten og ein fin årgang er ikkje vanskeleg å få auge/nase på. Sexy og mjuke chambolle-aktige tanninar og munnkjensle. Ung, frisk og rik kjøtfull frukt. I ettersmaken dukkar det opp litt cola og five spice. Balansert vin, men svært ung og litt kompakt. Mykje kvalpefeitt, men set du pris på litt høgre BMI er dette godt å drikke allereie. Eg er kanskje ei svak sjel, men du skal ha eit hjarte av den eklaste isotopen av plutonium for ikkje å trekke litt på smilebandet når denne vinen glir over tunga.

Ei vinmark på 2,26 ha som altså Domaine Bertagna eig åleine. 10 000 planter pr hektar, som er ganske vanlig i Burgund. Vinmarka ligg rett nedanfor Musigny, og med Chambolle-Musigny Les Amoureuses, Vougeot Les Petits Vougeots og Clos de Vougeot på dei tre andre sidene. Økologisk drift av vinmarkene, utan at eg kan finne noko sertifisering. 35% heile klasar, kaldmaserasjon, før gjæring i 21-28 dagar med manuell nedstaking. Ikkje tilsett gjær. Vidare mogning i 16-18 månader på 50% nye fat. Vinen kostar 999,90 og dette var gøy å prøve. Denne vinen vil nok gje glede med nokre års utvikling i kjellaren.

Leave a Reply