Tour de France 2017 – Prolog

1. juli er det igjen klart for sykkelrittet Tour de France, og i år er det 104. utgåve. No som rittet vert dekka i alle slags media og er eit veritabelt utstillingsvindauge for eit av verdas mest besøkte land, er det klart at borgarmeistrar og andre lokale styresmakter i dei 18 regionane, 97 departementa, 342 arrondissementa, 2054 kantonane og dei 36 658 kommunane ønskjer seg at ein etappe av rittet skal gå igjennom eller aller helst ha målgang i akkurat deira by (1). Dersom du tykkjer at norsk kommunesamanslåingsdebatt vert for keisam, ta deg ein tur til Frankrike. Forutan sykkelsport, behagelig klima og god mat, er vinen eit opplagt mål for ei reise til Frankrike. Har du ikkje kondisjon til å sykle deg gjennom Frankrike, så heng med på denne rundturen, der vi kikkar innom vindistrikta som ryttarane berre susar forbi. På kvar etappe som går igjennom eit vindistrikt, kjem det ein artikkel her på bloggen. Heng med rundt Frankrike og ved glaset!

3521 km! Innom 4 land. Dei skal sveitte seg opp alle Frankrike sine fem fjellkjeder; Vosges, Jura, Pyrenéane, Massif Central og Alpane. Høgste topp er 2642 moh, Col du Galibier, på etappe 17. Men truleg er du ikkje så interessert i akkurat dette. For sjølv om Frankrike vil vise fram det fremste av sykkelsport i tre veker, er vinen som vert produsert rundt om i dette landet, viktig kvar einaste dag. Sjølv om ikkje alle vindistrikta vert besøkt, vil denne artikkelserien vise fram ein del ulike vinstilar, i ulike prisklassar.

DSC_2206

Årets Tour byrjar i Düsseldorf, men etter ein svipp innom Belgia og Luxembourg, skal dei 198 syklistane innom mange av Frankrike sine fremste vindistrikt. 5. Etappe har målgang i ein liten by rett vest for Alsace si sørligaste grand cru-vinmark. 6. Etappe har målgang i Troyes, ein Champagne-by i departementet Aube. 7. Etappe byrjar i Troyes og har målgang i hjartet av Côte de Nuits i Burgund, den vesle byen Nuits-Saint-Georges. Det vert lite tid til å flanere mellom vinrankene i Nuits, for alt neste dag skal dei syklistane som framleis heng med i rittet innom Arbois i vindistriktet Jura, før dei byrjar på klatring i opp til fleire av Jura-fjella før målgang heilt inn mot grensa til Sveits. På etappe 9 sneiar sykkelrittet Alpane og Sveits, for då vert det målgang i Chambéry i vindistriktet Savoie. Her vert det ein kviledag, før den 10. etappen.  Den har målgang i eit av vindistrikta i sør-vest, Bergerac.

DSC_2094

I løpet av den 11. Etappen kjem oppmerksame ryttarar til å få med seg at dei syklar innom fleire appellasjonar i sør-vest. Det byrjar i Côtes du Marmandaise rett sør for starten i Eymet. Så blir det nokre mil innom Armagnac i departementet Gers, før dei hårfint held seg vest for Madiran og Pacherenc du Vic-Bihl. Målgang er i byen Pau. Dei av byens 85 000 innbyggjarar som har busett seg i sørenden, kan skue utover vinmarkene i appellasjonen Jurancon. No går rittet inn i nokre klatreetappar i Pyrenéeane og Alpane, og her vert det duka for klatrespesialistane, medan spurtarane lengtar tilbake til fine flate etappar med bølgjane vinranker i vegkanten. No er det ikkje lenge att og 19. etappe har målgang i appellasjonen Coteaux d´Aix-en-Provence i departementet Bouches-du-Rhône. 21. og siste etappe går som vanleg inne i Paris, og der finn vi lite vinstokkar. Men vent no litt, det er faktisk om lag 2000 vinplanter fordelt på Gamay og Pinot Noir, i den vesle Clos Montmartre, som årleg gjev nokre flasker vin. Denne vert seld på auksjon, og inntektene går til eit godt formål. Om vinen er verd prisen, er vel mindre truleg. For dei som slit seg over mållina fyrst, vert det nok uansett spretta mykje vin frå bobledistriktet litt aust for hovudstaden.

DSC_2190

Burde ikkje den nest siste etappen alltid verte avslutta i Champagne? Det er jo slik at løpet vert “avslutta” på nest siste etappe. Det er ein gentlemans agreement at det ikkje blir noko angrep på samanlagtleiaren på siste etappe i Paris. Difor er han som leiar etter nest siste etappe, vinnar. Kva passar vel betre enn å feire med Champagne i Champagne?

(1) Ja, Frankrike er stort og du tykkjer kanskje at det er uoversiktleg med alle desse nivåa i administrativ inndeling. Fastlands-Frankrike har 95 departement, og så er det to på Korsika. Men Frankrike er gamal stormakt, må vite, så dei har nokre département d´outre-mer eller DOM, som er Guadeloupe, Martinique, Fransk Guyana, Mayotte og La Réunion.

Quiz: Kva var fyrste appellasjon som fekk AOC-status?

3 tankar på “Tour de France 2017 – Prolog

    1. Chateauneuf-du-Pape får ofte æra av å vere fyrste AOC, for her arbeidde jurist og slottseigar på Chateau Fortia, Baron Pierre le Roy de Boiseaumarié fram lokalt regelverk som sidan vart malen for AOC-regelverk over resten av landet.
      Den 15. mai 1936 vart seks søknadar om AOC-status godkjende ved lov av president Albert Lebrun. Så eigentleg kan alle dei seks appellasjonane kalle seg fyrstemann ut. Men det var ein appellasjon som stod fyrst på lista, som då kanskje vil hevde at dei var fyrst… Og den appellasjonen skal ryttarane sykle igjennom i morgon, 8. juli.

  1. Litt av ein kunnskapsbase du har å suse av! Dette er såpass interessant at sjølv ein stakkars amatør på feltet berre må få det med seg, for ikkje å seia å ta det inn drope for drope! Kanskje godt at ikkje ryttarane les bloggen, då hadde det vel blitt endå fleire situasjonar med massevelt. Og dei fleste av dei er vel heller ustøe i det nynorske skriftmålet…….
    GUNNAR frå Førde

Leave a Reply