Våre(ns) bobler 2022

Så blei det bygdedans! Og det blir 17.mai-tog. Og det blir vår. Og det blir smil og latter og glede. Nokre treng litt hjelp for å trekke munnvikane oppover og la latteren trille. Det enklaste er kjærleik og musserande vin. Her kjem Nattverden sine tips til boblevin du kan ha i glaset.

Frankrike

Charles de Fère Crémant du Jura Brut, kr 159,90

Lukt av pent mogen frukt. Her er kritt, noko gul frukt og snev av brøddeig. Nesten tørr crémant med grei fylde. Frisk vin med smak av sitron, kalk og pære. Enkel og grei med noko Jura-typisitet. Verd prisen. 60% chardonnay, 40% pinot noir. Flaska vart sendt av importør. HF

Domaine des Marnes Blanches, Cremant du Jura Réserve

Musserende fra en av Juraprodusentene det virkelig er verdt å komme tilbake til. Nydelig strågul farge, og duft av gjærbakst. God, rund munnfølelse. En rik crémant på chardonnay som får meg til å tenke på god champagne. Sitrus og modent eple med en saltaktig avslutning og fyldig mousse. Kjøpt i Danmark, og vel verdt prisen på noe over 300 norske kroner. LJ

Dame Jeanne Prémices 2018, kr 349,90

Oeuil de perdrix-farga og klar. Oh, her var det mykje greier på gang. Fruktig lukt med epleskrell og bringebær, kalk og kjeks. Tørr og fruktig boblevin med smak av bringebær, nedfallseple og gjær. Kalk og sitrus i finish. Er det blodappelsin? Hint av gjærdeig. Morosam vin med mykje på hjartet! 100% pinot noir frå Molesme i Burgund, rett sør for grensa til Champagne og Côte des Bar. Vin de France. Verd prisen. Har kjøpt fleire flasker. HF

Laherte Frères Rosé de Meunier Extra Brut, kr 455,00

Bleik lakserosa med skjær av oransje. Fin elegant miks av bringebærdrops, kjeks og brøddeig. Ein fruktig rosé. Tørr vin i munnen, men med noko frukt. Frisk stil. Eple, sitron, kalk og svakt syrlege bringebær. Pen og behageleg mousse. 2015-base og 50% reservevin. 100% pinot noir. HF

Francoise Martinot Champagne Bistrøtage B.14 Extra Brut 2014, 499,90

Strågul med hint av rosa. Lett oksidativt anslag. Noko i retning fino/flor samtidig som her er tonar av gjæring på eik med vanilje, kokos og malo. Her er florale aroma òg. Det spriker litt, med andre ord. Frisk og lett champagne i munnen. Noko hol i midtpartiet. God smak av gule eple, kalk og mandel. Ein fin dæsj autolyse. Hmm.. nasen lovar meir enn munnen kan halde. Tirage 31.08.15 og degorgert 09.12.20, noko som betyr 5 år+ på berme. Det er Charles Dufour som har laga vinen. Eg opplever vin frå han som litt hit and miss. Eg har hatt betre opplevingar frå han enn denne, og 500 kr blir for mykje til at eg prøver igjen. 100% pinot noir frå Côte des Bar. HF

Bruno Paillard Première Cuvée Extra Brut, kr 520

Strågul. Soft, distingvert, nedtona og høfleg. Det luktar kalk og kapteinkjeks på ein dyr og innbydande måte. Ein del autolyse-prega smak. Friskt, tørt anslag med hummarskal og nedfallseple. Ettersmaken kjem med friske grøne eple, før kalk, kaffi og brødskorpe. Pen og litt utvikla stil. Drikk godt no. Degorgert i juni 2021. 36 månader på berme. Flaskevekt: 910g. Flaska vart sendt av importør. HF

Piollot Père Colas Robin Brut Nature 2015, kr 500,20

Lys strågul. Pen nase med mogen sitron, brødskorpe, honningmelon og kalk. Slank champagne, tørr og sitrondominert og med smak av østers. Lekkert Chablis-aktig syrespel. 100% pinot blanc frå Côte des Bar. Degorgert april 2021. Flaska vart sendt av importør. HF

Charlier & Fils Special Club 2006, kr 610

Nybakt brød, tørka fruktmiks, kløvereng, høy og hasselnøtter. Vin på vandring – med tid i glaset kjem smelta smør, nykverna kaffibønner og karamell. Høg sniffefaktor, særs behagelege duftar.Friskt anslag med rennefart. Intens, nesten slitsom – som ein ekstra “jovvial” austlending. Midtparti med konsentrerte appelsinsmakar og fyldig munnkjensle saman med gule eple, eit grapefruktbittert sting og munntørrande kalk, før ei evigvarande avslutning med søtsyrleg appelsin. Elegant og grasiøs, men rastlaus snute, powerhouse på tunga. Ettersmakar som liksom aldri tar slutt og så bedøvande intens at det kan vera greitt å vera fleire enn to til å dela flaska. Fungerte bra til hot dogs, men denne sjampanjen taklar antakeleg kva som helst av mat. JTS

Tornay Grand Cru Millésime 2008, kr 599

Gule eple, tørka mango, mokka, hasselnøtt og hamburgerbrød. Litt limeskal og kanelstang med tid i glaset. Smålåten, men tydelege og behagelege duftar.Friskt anslag, slank munnkjensle. Midtparti med mykje sitron og gule eple med eit lite bittert urtesting. Glir saumlaust over i ei lang avslutning med Granny Smith og lime. Tar rennefart mot ekvator gjennom flaska, og eple får etter kvart selskap av tropisk nektar.Elegant og vellaga sjampanje som framleis kjennes veldig ung ut. JTS

Paul Launois Monochrome Champagne Blanc de Blancs, kr 499

Brøddeig og lime frå nyopna flaske. Får raskt selskap av tørka mango og salt sjøkant. Svært høg sniffefaktor.Friskt anslag som glir over i eit litt sitruskaotisk midtparti med klementin, lime og småbittert appelsinskal. Etter kvart noko litt munntørkande – nesten tanninaktig – kritt. Lang avslutning med lime, Granny Smith og havsalt. God, og velduftande musserande som fungerte svært godt til hotdog. JTS

Belgia

Chant d’Éole Brut Rosé, kr 390

Eruptiv opning med fyrrige bobler. Gjærduft og bolle i ovnen kjem saman med korken. Luftar av seg og framstår rolegare i glaset. Mykje raude bær – bringebær og søtleg jordbær saman med litt rips. Sitron dyttar på i bakgrunnen saman med modne eple – nesten litt calvadosaktig innimellom. Behageleg å lukte på. Friskt anslag inn i eit midtparti med raude bær – godt balansert mellom sødme og syre – og bitter grapefrukt. Litt kantete overgang til ei avslutning som gjer det godt igjen med ei nydeleg bringebærsyre. Fyldig snute – kvassare smak. Morosam vin med evigvarande bringebær mellom slurkane og reine bærsmakar. Fungerte veldig godt til brødskive med røykt aure. JTS

England

Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018, kr 389

Tydeleg appelsinduft frå nyopna flaske. Gult eple og gjærbakst stanger bakom, saman med litt hamburgerbrød. Behagelege duftar. Friskt anslag, slank munnkjensle. Kvass lime og appelsinsmak i midtpartiet. Byggjer raskt fylde med lagvis sitrus og vert rundare – etter ein times tid har vinen ei kremete munnkjensle og aldeles nydeleg fyldig sitron med eit småsnerpande kalkpreg. Balansert avslutning med evigvarande saftige eple. Britisk sjampanjekiller – framleis tilgjengeleg på nokre pol… JTS

Nyetimber Rosé, kr 439,90

Frisk lakserosa farge. Preg av rund mogen frukt. Mykje raude bær, jordbær, bringebær-godteri. Fruktig! Tørr men fruktig vin med fine bobler. Litt vel mjuk og snill, manglar litt nerve. Mykje bærsmak, bringebærdrops og noko stilkete. Snerpar litt i finish, men vinen heng ikkje heilt saman. Tykkjer den normale cuvée-en til Nyetimber er meir vellukka. 62% pinot noir, 38% chardonnay. HF

Gusbourne Blanc de blancs 2016, kr 419,90

Lekker og frisk kalkprega nase, med noko sitrus etter kvart. Lovande så langt. Smaken skuffar ikkje. Slank og elegant britisk fizz. Heilstøypt kvalitet og eg får lyst på meir. Kalk, kjeks og sitron. Vinen går gjennom malolaktisk omdanning etter gjæring. 42 mnd på botnfall etter andregangs gjæring. HF

Noreg

Åkre Gard Edel Rosesider, kr 174

Eplesider iblanda bringebær. Forførande raudfarge. Friske, reine tonar av eple og bringebær både i snute og svelg. Ørlite bitter bringebærstein aukar kompleksiteten, men dette er skummelt lettdrikkeleg og forfriskande. JTS

Frukt by Lindheim – Himmel (snart tilgjengelig)

Himmel er en blanding av sider fra 2020 og 2021med eple og gråpære som siden har maserert med rabarbra og søte kirsebær i seks måneder. Det dufter friskt av eple og har god fruktkonsentrasjon, fint balansert med syre og fylde fra kirsebærene. Min favorittsider for tiden.

6,5% alkohol gjør det til en perfekt, frisk appetittvekker for eksempel på 17. mai. LJ

Tyskland

Lorelei Riesling Sekt Brut 2019, kr 189,00

Lys strågul. Lukt av gule eple, bakverk og snap and crackle. Tørr, men ganske fruktig sekt. Slank stil, med noko fylde frå tid med botnfallet. Fin crisp eplesmak i finish. 100% riesling, laga på charmat-metoden og 6 mnd på botnfallet før tapping. Produsent er Gross-Winternheim og druer frå Rheinhessen. Flaska vart sendt av importør. HF

Melsheimer Rurale Riesling Pétillant Naturel 2019, kr 249,90

Fruktig og gøyal pet nat med lukt av eple, gjær og tryllestøv. Rein og fruktig stil for pet nat, med smak av eple og tutti frutti. Biodynamisk riesling-brus er moro. I følgje Thorsten Melsheimer kunne han laga pet nat frå alle sine 10 hektar og seld det til København. La oss håpe det det kjem ein ny batch til Noreg snart. HF

Italia

Bellavista Franciacorta Grande Cuvée Alma Brut, kr 319,90

Strågul-. Fin, tørr og frisk snute med noko kinin (autolyse), Chablis-aktig østerskalk og søte eple. Slank, frisk vin med fin kombo av eplefrukt, brødbakst og østersaktig kalkpreg. Interessant og god. 79% chardonnay, 20% pinot noir, 1% pinot blanc. Flaska vart sendt av importør. HF

Danmark

Sparkling Tea Blå, kr 135

Teboks, kløvereng, gule eple, vanilje og smågodthylle. Honning med tid i glaset.  Behagelege duftar. Kremete munnkjensle, mykje te. Kardemomme og eple som glir over i ei balansert avslutning med fyldig sitron. Vellukka alkoholfri musserande, og eit meir fyldig alternativ til eplesekt. Best godt avkjølt. JTS

Leave a Reply