Vin-bingo 2023

La 2023 bli året då du glir inn på ein våg du ikkje har visst om. Eller lat vin-bingoen få styre nokre av innkjøpa dine, så det som dukkar opp i vinglaset ditt i år vert noko heilt nytt. Sjølv om du elskar chardonnay, og veit at druesorten vert dyrka med hell i heile 41 land, er det ikkje dumt å kome seg litt ut av komfortsona iblant.

Vi trur på mangfald, og veit av eigen røynsle at det kan vere små hint eller dult som skal til for å oppdage ein ny favoritt. Vinverda er enorm og ho ventar på deg med opne armar. La korketrekkjaren bli ditt verktøy på veg til nye vin-destinasjonar i 2023. Kven klarer fyrst fem på rad? Og kan du klare å fylle heile bingobrettet i år? Last ned, skriv ut og set i gang!

Hugsar du kor kjekt det var med sommarvin-bingo i 2022? Bli med på årets bingo, og fyll ut heile brettet!

Leave a Reply