Vin til under 200-lappen

Flygarstreik, lærarstreik, høge gassprisar, krig i Ukraina, tørke i Europa, stigande rente og rekordhøg inflasjon. Krisene står i kø i 2022, og fleire av dei fører til mindre å rutte med for deg og meg. For nokon av oss har det kome så langt at vi må kutte i vinbudsjettet. Kva skal du drikke då? Her kjem Nattverden sine beste tips til gode vinar som ikkje kostar meir enn ein tohundrings.

Håvard

Fyrste vin ut er ein av dei beste kjøpa frå mi lokale polhylle. Bodrog Bormühely Dry Tokaj 2019 laga på 80% furmint og 20% hárslevelu og boksar langt over vektklassen på 170 spenn. Tokaj- og furmint-typisk lukt og smak av mogen fersken og gule plomme med saltaktig bånndrag frå tøft terroir. Spanande vin og mykje smak for pengane. Frå Jura får du òg ein pen dose typisitet frå Tissot & Potel Côtes du Jura Chardonnay 2019. God intensitet, fin frukt med gule eple, men òg noko fatkrydder og leire-preg. Mykje chardonnay for 179,90.

Litt meir på kanten er ein frekk raudvin på miks av pinot noir og grenache. Ja, med “sølle” Vin de France på etiketten er det så vidt innafor i strenge Frankrike. Little James Basket Press frå Louis Barroul på Saint-Cosme er ein morosam vin til 179,90. Grenache-delen av miksen er ein solera med vin tilbake til 1999. Ganske mørk lilla, men transparent. God intensitet i lukta. Rips og bringebærdrops er fyrst ute, før noko mørkare bær melder seg på. Litt krydder er her òg. Ein ung og fruktig vin, passe fast til å halde oppe smakane av søte og syrlege mørke bær. Her er litt raud eleganse frå pinot noir.

Etter å ha skrive om vin i ti år utan særleg respons, prøvde eg meg med eit smaksnotat utanom det vanlige då eg skildra finfine Thymiopoulos Xinomavro Jeunes Vignes 2020 i vinspalta i Firda og Sogn Avis. Teksten ligg òg på facebook-sida Vinmisjonæren. Kortversjonen lyder: Det er ein vin som er ung, lett og uskuldig. Umiddelbar, rein og smilframkallande. Du har nett hatt eit bringebærdrops i munnen. Den du kyssar har ete lakris. Det blandar seg. Passe frisk, passe fruktig. Juicy, leskande sommarvin. Du blir 190 kroner fattigare, men kjenner deg rik. Hender finn kvarandre.

Ein annan sommarvin er hakket frekkare og kjem frå Dão i Portugal. Det er bastarden clarete – midt mellom rosé og raudvin. João Tavares de Pina Rufia Clarete 2021 er laga på rufete og er rufsete og rustikk. Men når du drikk han avkjølt på varme sommardagar er det heilt rett. Ein lett vin med ein vindskeiv balanse mellom bringebærfrukt og animalsk funk.

Jan Tore

Mylonas Winery Naked Truth 2021

Attiki, Hellas. 100 % savatiano. Handplukka druer frå enkeltmark Spontangjæring, to vekers skalkontakt, 6 månader på botnfallet, minimal svovling. Vegansk.

Gyllen farge, ville ikkje tenkt oransjevin visuelt. Fersken, blomstereng, raud smågodtfisk og grøne druer(!). Litt gras, litt honning. Behagelege duftar.

Fyldig, nesten kremete munnkjensle. Pære, aprikos og honning som glir over i grøne urter og eit bittert grapefruktsting før ei salt avslutning.

Litt all-over-the-place, men reine duftar og smakar. Fungerte så vidt det var til grilla kebab, men dette er nok meir salat, pickles og fisk enn spicy mat. Artig vin til rett under tohundrelappen…   

Blankbottle Loskop 2020

Swartland, Sør-Afrika. 100 % tinta barroca – som nok er meir kjend som portvinsdrue i Europa, men har fått skine åleine i Australia og Sør-Afrika. Halvflaske.

Gamal bærhage ut av nyopna flaske – rips, bjørnebær, og solbær. Anisfrø ligg som ein pedaltone under og fiol lett parfymert over. Behagelege duftar.  

Slank og syrleg munnkjensle som raskt går over i eit midtparti med morell og rips. Ein kjøtbit hentar fram lakris frå vinen. Lang avslutning med blåplomme, blåbær og rips. 

Frisk, uformell og sjarmerande vin som vinn fylde med tid i glaset. Fungerte veldig bra til eit stykke villsaulam.

Siam Winery Monsoon Valley Blended Red 2014

Prachuap Khiri Khan, Thailand. Importør seier dornfelder 50 %, shiraz 50 %, heimesida til produsenten seier podkum og shiraz. Internasjonale nettbutikkar seier pokdum, shiraz, dornfelder og rondo… Handplukka druer, 75 % i ståltank, 25 % i eikefat i eit halvt år.

Blåplommer, rips og søtleg krydderkake. Smoky, litt sånn grillfest-røyk i bakgrunnen. Behagelege duftar.

Fruktsøtleg anslag med mjuk munnkjensle. Mykje blåplommer og morell. Grei konsentrasjon i midtpartiet og anstendig lengde i avslutninga med blåbær og rips.

Enkel, men rein og balansert vin til 170 kroner som fungerte fint til eit stykke lam.

Heine

Jeg ser for meg et passiar jeg sikkert kommer til å ha om noen år: 

HJ: Husker du da du kunne få tyske rieslinger for en slikk og ingenting på vinmonopolet, Jan Tore? 

JTS: Nei, det gjer eg ikkje – og her på gamleheimen får vi uansett berre Solaris ifrå Sogn. 

HJ: Det var tider, jeg husker da Battenfeld-Spanier Estate Riesling Trocken kostet 160 kr flasken. Nå må vi jo ut med mer enn for en Bourgogne Blanc for en flaske. 

JTS: Du trur ikkje du kan få tak i ei god flaske Chianti til meg? Dei vil ikkje gi meg raudvin her. Dei seier det ikkje er godt for magen min. 

HJ: De lager ikke vin i Toscana lenger. Det har blitt for varmt der. Du vil ikke ha noe syrah fra Bordeaux heller? 

JTS: Jau takkj.  

Riesling og Rüdesheim

Ingen land leverer bedre hvitviner for lavere pris enn Tyskland i dag. Og det er i grunn helt utrolig. Skal man liste opp de beste hvitvinsdruene, har man chardonnay, riesling… og så? Tyskland har perfekte forhold for å dyrke riesling. Hvorfor er det da så billig? Det kan vi ta opp en annen gang. Dermed må riesling med på listen. Jeg tenkte jeg skulle foreslå litt andre både druer og viner – men det får rett og slett også bli en annen gang.

Schätzel Riesling Kabinett 2021

Schätzel holder til i Rheinhessen og regnes i hard konkurranse blant de beste produsentene der. Når det står Kabinett uten at det står Trocken etterpå, betyr det at vinen er litt søt – og det er også denne. Imidlertid har vinen en knivskarp friskhet som gjør at den virker nesten helt tørr likevel. Kvinnen i midt liv, som ikke kan få for surt snop, har denne som en absolutt innertier. Den dufter av frisk frukt som lime, aprikos og fersken.

Schloss Lieser Riesling 2021

Der man kan kan skjelne stjernestatus i Schätzel i Rheihessen, er den helt åpenbar hos Schloss Lieser i Mosel. Her får du inngangsvinen til en av Mosels absolutte stjerner til en svært sympatisk pris. Vinen har den typiske blomsteraktige duften man ofte finner på riesling fra Mosel og allerede på dette nivået får du lettet, eleganse og litt av den steinaktige avslutningen som gjør at vinene herfra er så ettertraktet.

Korrell Slice of Paradise Riesling Trocken 2018

Korrell anser vinmarken Paradies som deres toppmark. Vinmarken er sør-sørvestvendt og ligger langs den sørlige skråninger av høyden Bosenberg like ved Bad Kreuznach. Denne vinen er en slags andrevin fra vinmarken – etter modell fra de fremste husene i Bordeax. Her er det rene toner av epler og sitron med en saltaktig ettersmak. Unn deg et lite stykke Paradies, du og.

Charles Smith Kung Fu Girl Riesling 2021

Bare for å “mix it up” som man sier. Charles Smith lager vin i Washington state. Smith er en slags vinmakerrockestjerne (og så var han også rockebandmanager i gamle dager) i USA og anmelderne der elsker ham. Vinen får konsistent ca 90 poeng over dammen – selv om jeg kanskje vil si det er fordi de 1) overdriver poengsummen sin og 2) ikke har smakt nok tysk riesling. Her har uansett vinen et heeelt annet uttrykk en det vi finner i Tyskland. Her er det rikere frukt, litt mer av alt og en god dose krydder. Ganske godt, ekstremt rimelig i forhold til hvor lang reisevei flasken har, og gøy som sammenligning til mine andre anbefalinger.

Fußer Deidesheimer Dry Riesling 2020

Denne vinen er så billig at den hadde vært rimelig om den kom på bag-in-box. I stedet kommer den på en praktisk PET-flaske som altså gjør at den er lett og uknuselig. Klassisk Pfalzriesling med smak av lime, urter, pepper og epler. Vinmakeren Georg ser helt ut som Kaptein Haddock i Tintin og er akkurat like artig. Det er ikke her du finner mest kompleksitet – men som fyrevin er dette en innertier – til 120,- Og du kan ta den med i tursekken eller i båten uten å stresse med verken vekt eller knusefaktor.

Nils Johan

Natte Valleij Cinsault

100% cinsault gjer ofte meg glad når eg får det i glaset, som ikkje hender så ofte, men når det først hender så tenker eg ofte at det burde bli oftare. I mi oppleving er det ei drue som ikkje treng noko fancy stuff; ho kan ofte kome til sin rett i enkle men vellaga vinar. Og det er jo just det denne artikkelen skal handle om, billegvinar som ikkje smakar billeg.

I denne klassa er Natte Valleij Cinsault eit høgdepunkt. Kirsebær i nasen med blomeeng og underskog. Druetypisk krydra og jordleg stil med flott, syrleg frukt i munnen. Frisk og leskande i ein livleg trall med markjordbær og eplekjernar. Sval bris. Prisen er 198,90 men det hadde eg ikkje gjetta.’

Tissot & Potel Côtes du Jura Pinot Noir 2020

Pinot noir er ei drue alle vil ha, og noko av det første ein blir fortalt når ein byrjer å snuse på vin er at Burgund, det er det som gjeld. Og det er sikkert heilt sant hvis det er jakten på den perfekte vin ein driv med. Men når prisen er ein faktor vil eg hevde at, gløym Burgund. Du får betre pinot for pengane allslags andre stader i verda, til dømes USA, Tyskland, Australia… Eller strengt tatt treng du ikkje ta turen lenger enn til Burgund sitt nabodistrikt Jura – Frankrikes minste vinregion.

Samarbeidet Tissot & Potel er eit resultat av at Burgund-vinmakaren Nicolas Potel (Roche de Bellene) ville prøve noko nytt, så han banka på hjå Jura-vinmakaren Michel Tissot, og så laga dei noko saman. Tissot & Potel Côtes du Jura Pinot Noir 2020 er ein robust men elegant pinot med skogsbær og urtekvast i nasen. Jordlege bær i munnen, med eit herbalt bakteppe og Brynhild bringebærdrops. Frisk og levande i toppen, prikkar på tunga. Eg er ikkje så sikker på om det er dette Nicolas Potel vil høyre, men til 189 kroner leverer denne på eit anna nivå enn hans eigne Burgund-vinar i prisklassa.

Yohan Lardy Gamay Poppy 2021

… Men dersom du enda er besatt av tanken på at du absolutt må ha raudvin frå Burgund, men likevel ikkje er heilt komfortabel med å betale dei oppblåste prisane, dersom du i det minste har ein snev av pris/kvalitetsforhold i frontallappen din, så har eg eitt godt råd. Gløym pinot noir, drikk gamay.

Beaujolais er området lengst sør i Burgund der dei lagar sympatiske gamay-vinar til sympatiske prisar. Ein som utmerkar seg med å ta eit steg utanfor det gode selskap er Yohan Lardy Poppy. Den er laga av druer frå den velrenommerte appellasjonen Moulin-a-Vent, men som av ukjende årsakar har blitt deklassifiserte. Ein kan tenke seg agurkar som har for mykje krumming for EU-regelverket. Eller ein kan tenke seg druer frå ei vinmark som ellers ville blitt brukt til ein prestisje-vin, men som i ein krevjande årgang ikkje lever heilt opp til dét – men som likevel etter normale standardar held topp kvalitet. Dermed har ikkje produsenten lov å nevne noko som helst om Beaujolais på etiketten – dei må kalle det “Vin de France”. Eit anna symptom er at prisen går i bånn. Mens smaken og dufta står tilsynelatande upåvirka av regelverket. Poppy har frukt som poppar – struttande mjuke moreller. Her er til og med konsentrasjon og lengde. Hvis ein ser for seg alt ein ønsker seg av ein topp-Beaujolais, for så å skalere det ned til meir måtehaldne dimensjoner og ein prislapp på 185 kroner, så synest eg Poppy leverer midt i blinken.  

Megyer Tokaji Dry Szamorodni 2011

No til noko heilt annleis. Ungarn er eit fremadstormande vinland, etter at dei klarte å kvitte seg med kommunismen sin har det berre blitt betre og betre, og dei siste åra har dei også byrja å finne vegen inn i Vinmonopolet sine hyller. Før var det mest dessertvinar, men i fall du ikkje har fått det med deg så kan moderne Tokaji-vin óg vere tørr. 

Denne obskure mellomstore flaska (50cl) fra Megyer er noko så eksklusivt som eit vellagra eksemplar. Du får glaset fullt av djupe rike tonar i ein mystisk oksidativ stil. Nøtter og honning og tørka frukt, sukat. Sterk konsentrasjon som ikkje slepp taket. Ei vinoppleving for seg sjølv – det einaste eg kan kome på som det kanskje kan seiast å likne på er noko heftig og gamalt frå Jura. Noko for dei eventyrlystne, meir enn tradisjonalistane, men du må nesten berre prøve. Kanskje du finn ut at det er det beste du har smakt. 

Spy Valley Easy Tiger Sauvignon Blanc 2020

Men alle vinar treng ikkje vere så himla esoteriske. Det er ingenting gale med ein god new zealandsk sauvignon blanc. Og i denne klassa er vel Spy Valleys standard-cuvée Sustainably Crafted eit populært og vellaga eksemplar. Mens eitt steg ned på rangsstigen finn vi Easy Tiger, som er ei slags forenkla utgåve, ein light-versjon med lågare ambisjons- og alkoholnivå. Av ein eller annen grunn er det den eg likar desidert best, den er så enkel og grei og rett på sak. Ein fraîche, crispy vin med mykje stangselleri og lite kattepiss. 

Eg har tidlegare omtala denne som “den desidert billegaste vinen eg nokon gong kjem til å anbefale på denne bloggen” til 119 kroner. Men no, kjære lesar, har den blitt satt ned til 99 kroner og 90 øre! I desse tider når alt har blitt så dyrt, når ein må vere snar i dusjen og stå opp midt på natta for å køyre tørketrommel, står denne vinen som eit sjeldant lyspunkt. Det er ikkje ofte du får god vin til under hundre kroner på polet.

Jasså, du selde deg ut av krypto/dotcom/rublar i tide og drit i prislappen? Sjekk ut “best of” som vi skreiv i 2020.

Ein tanke på “Vin til under 200-lappen

Leave a Reply